Dynamiske Mosterhamn 2012-2014 Prosjektbeskriving
Dynamiske Mosterhamn er eit bygdeutviklingsprosjekt for Mosterhamn i Bømlo kommune. Prosjektet er av bygda og for bygda, der ein ønskjer positive ringverknader for resten av Bømlo og Sunnhordlandsregionen. Prosjektet har via livOGlyst status i 2010 & 2011 medført at det sett i gong prosessar og aktivitetar som allereie har skapt positive ringverknader innanfor fleire område. Prosjektet er no på veg inn i konkretiseringsfasen der planar som er lagde skal realiserast.
Kultur og historie er sentralt for Mosterhamn, samstundes er målretta satsing mot gode og kreative oppvekstvilkår, grundersatsing og næringsutvikling, natur og friluft sentrale element i satsinga.
Prosjektet vår har som mål å styrka dei eksisterande aktivitetane og å bidra til nye initiativ for identitetsskapande samfunnsutvikling. Dynamiske Mosterhamn ynskjer å oppmoda til kulturbasert næring og slik halda fram med å bidra til å utvikle eit attraktivt lokalsamfunn ved å skapa aktivitetar, arbeidsplassar og møteplassar som byggjer på lokal kultur, lokale ressursar og tradisjon i godt samspel med kva eit moderne samfunn etterspør.
Bakgrunn
Bakgrunnen for bygdeutviklingsprosjektet kan oppsummerast slik: 2008: Moster Grendautval vart jobba fram via ønskjer frå ulike miljø i bygda. Folkemøte, modning og stiftingsmøte våren 2008 med mål- og handlingsplan. Arbeidet var prega av Stolthet – Vilje – Engasjement.
2009: Moster Grendautval hadde hovudfokus på innspel til rullering av kommuneplan. Via folkemøter, næringsmøter, møter med velforeiningar la bygda sine Planar – Mål – Visjonar.
2010: Moster Grendautval søkjer livOGlyst om Dynamiske Mosterhamn, som tilsvarar visjon nr 1 i innspel til kommuneplan; ”Nasjonalt senter for kulturhistorie og skipsfart”. Fokus på Etablering og Konkretisering. Slogan etablert Ting Skjer – Kjekt på vegen!
2011: Dynamiske Mosterhamn i ferd med å bli ei merkevare. Mostrafestival i amarbeid med Bømlo Teater som ei årviss hending. 2011 har vore beviset som har skapt Forventning og Kreativitet.
2012 -> Planane for 2012 er lagde for Bulyst – Næring – Kultur og Historie – Gruvepark – Tur og Friluft – Informasjon. Felles fokus med ei rekkje andre lag som er knyta til arbeidet. 2012 er starten på Realiseringsfasen.
Dynamiske Mosterhamn fekk eitt årig livOGlyst status både i 2010 og 2011.
Prosjektet har i løpet av dei siste 2 åra arbeidd fram konkretisering og vegval for fleire viktige område. Tilført kompetanse, nettverk og inspirasjon har gitt oss store forventningar for komande år. Dynamiske Mosterhamn er ønskje og behov for å skapa positive aktivitetar i ei bygd som har vore gjennom ulike omstillingar. Me har eit hovudmål som er TING SKJER – KJEKT PÅ VEGEN! Dette er vårt mål, vårt motto og vår slogan!
Som skissert ovanfor så er me på veg inn i realiseringsfasen. Dette synes seg særleg i dei konkrete prosjekt som er lagt i planane våre for 2012-2014. Her kan nemnast – Konkrete møteplassar for ungdom/ eldre i bygda som er i ferd med å etablerast
– Mostrafestivalen som årviss hending, første gong arrangert i 2011, skjer også i 2012
– Geologikonferanse første gong planlagt i 2012
– Marinarkeologisk konferanse første gong planlagt i 2012
– Hotellplanar på industritomt sentral plassert i hjerta av Mosterhamn + andre reiselivstiltak
– Overtaking og allmenngjering av Tollhagen, eit lokalt historisk bygg som mulig blir ein del av prosjektet «Ny næring i gamle bygg i strandsona»
– Mosterhamn er foreslått som ein del av eit 4-årig prosjekt innan Riksantikvarens verdiskapingsprogram
– Konkret utvikling i samband med ulike Forretningsbygg
Organisering
Dynamiske Mosterhamn er eigd av Moster Grendautval. Styringsgruppa består av leiar Moster Grendautval, leiar Dynamiske Mosterhamn saman med Nærings- og utviklingssjef i Bømlo. Prosjektleiar 2010 – 2011 har vore Geir Arne Hilt. Dynamiske Mosterhamn har i 2011 dessutan hatt desse 6 arbeidsgruppene:
– Kultur og historie under leiing av tilretteleggjar Rolf Kåre Bjørkelund.
– Bulyst under leiing av tilretteleggjar Grete R Møgster
– Næring under leiing av tilretteleggjar Kåre Spissøy
– Tur og friluft under leiing av Knut M Totland/ Sissel Johannessen
– Gruveparken under leiing av tilretteleggjar Bjørn M Dahl
– Informasjon under leiing av tilretteleggjar Geir Arne Hilt
Tilretteleggjarane spelar ei sentral rolle med omsyn til koordinering mellom dei ulike delprosjekta/ aktivitetane.
Bømlo kommune ved Magne Raknes er ein del av prosjektet og har vesentlege bidrag innanfor definerte område.
Vi viser og til innsende rapportar for nærare informasjon om aktivitetane i 2010-2011.
Organiseringa av prosjektet for 2012-2014 vil vera liknande organisering som dei siste par åra, med noko justering av arbeidsgruppene og ei fokusering på entreprenørskap i fleire av delprosjekta. Det vert og satsa på å engasjera prosjektleiar for å bidra til framdrift og fokus i prosjektet. Det finns ei rekkje prosjekt som er i tett tilknyting til Dynamiske Mosterhamn, det kan nemnast: – Haldningskampanjar retta mot ungdom (MOT)
– Ungt Entreprenørskap i Moster skule, i samarbeid med Atheno
– Mostratinget 2024; samarbeidsprosjekt mellom Dynamiske Mosterhamn sine arbeidsgrupper og Hordaland Fylkeskommune, Bømlo kommune, Moster Amfi, Steinriket Bømlo,+ ei rekkje andre aktørar
– Ny næring i gamle bygg i strandsona: vedkjem Tollhagen/ Mostrahuset som er kandidat til dette prosjektet.
– Utvikling av konsept for Moster Hotell: RUP -søknad for dette prosjektet.
– Riksantikvarens Verdiskapingsprogram fase II: Mosterhamn er foreslått som del av eit 4- årig prosjekt innan dette programmet.
– Relaterte arrangement: Mostraspelet, Mostrafestivalen, Geologikonferanse, Marin arkeologisk konferanse
– Informasjonsdelingsprosjekt retta mot Bygdesamfunn Samarbeidspartar Prosjektet med sine grupper koordinerer aktivitetar i tråd med felles målsettingar. Dei ulike gruppene styrer sine eigne prosessar og aktivitetar under hovudprosjektet. Dette gjer at prosjektet har nokså breitt anslag i lokalsamfunnet. Partar som er involvert i prosjektet vert kulturinstitusjonar som Moster Amfi, Bømlo Teater, Kenneth Sivertsen stiftinga, Bømlo kulturskule, Moster Sogelag, Steinriket Bømlo, Kyrkjehistorisk Senter, Venneforeininga for Moster gamle kyrkje, m.fl. Desse aktørane har eigne fora der ein kjører ulike prosessar som er motiverte av auka aktivitet og samkjøring av planar, arrangement og framtid.
Bulyst er særleg engasjert mot oppvekstmiljø og er i samhandling med kultur og oppvekst i Bømlo kommune, skule, velforeiningar og grendalag samt skateklubbar i distriktet med tanke på konkrete trivselstiltak
Tur og friluft har vore pådrivar for å etablere Bømlo Turlag under DNT paraplyen (lukkast januar 2012!). Vidare er tur og friluft i tett dialog med grunneigarar, skule, lokale historikarar, Gjensidigestiftelsen, m.fl. med eitt felles mål å tilretteleggja for trivsel, sunnhet og positive aktivitetar.
Næring har etablert Moster Næringsforeining, under paraplyen Moster Grendautval. Denne foreininga har gjennomført fleire arrangement i bygda der ein har presentert kva som finns i bygda, for å samkjøra næringsinteresser og skapa meir aktivitet. Arbeider med ei reiselivssatsing har vakse fram i tett samarbeid med kulturinstitusjonane, lokale næringsinteresser, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Visit Sunnhordland.
Gruvepark har over fleire år tilrettelagt eit gruveområde til eit attraktivt frilufts og aktivitetsområde. Området ligg sentralt i Mosterhamn og har potensiale å verta ein attraksjon i seg sjølv, og i samhandling med det andre som finns i området. Utviklinga skjer av lokale entusiastar med drivkraft å tilretteleggja for trivsel, sunnhet og positive aktivitetar.
Informasjonsgruppa arbeider med å synleggjera Mosterhamn for omverda og å dela informasjon om ting som skjer. Dette handlar om aviser, faldarar, web, skilting og merksemd i media. Det er utarbeidd fleira faldarar dei siste 2 åra som har gitt informasjon lokalt og regionalt om utviklingsprosjektet som er forma. Me samarbeider med kommune og vegvesen om skilting, og lokale ungdommar er i ferd med å utvikle nytt webmateriell.
Det første store fellesarrangementet i regi Dynamiske Mosterhamn var Mostrafestivalen 2011. Arrangementet var i tett samarbeid med Bømlo Teater og vart arrangert i pinsehelga saman med det årvisse Mostraspelet. Arrangementet vart ein stor suksess og er allereie bestemt å verta ei årviss hending i pinsehelga. For Dynamiske Mosterhamn representerte Mostrafestivalen eit gigaløft med omsyn til nettverk og samarbeidspartnarar.