Ungdomsklubben

9.3.2014: Ungdomsklubben i gamle postkontor lokalene er no ferdig oppussa og ein er klar til å starta opp klubben og har mål om å ha kjekke aktivitetar der kvar torsdag framover. Fyrste kveld vert 13.3.2014.

Det er mange som har bidradd mykje for å få oppgradert lokala, slik at både ungdom og pensjonistar i  kaffiklubben skal kunna nytta lokala på ein god og positiv måte for alle.

Det er og oppretta eit hus-styre som skal styra bruken av huset og fordelinga mellom dei forskjellege brukarane.

Kontaktperson ungdomsklubben:
Merete Solås
mail: merete.solaas@haugnett.no
telefon
: 93698162

 

Meir om ungdomsarbeidet i regi av grendautvalet

Her er nokre moment frå det arbeidet som er gjort innan dette feltet dei siste åra på Moster:

Ungdomsprofil ifm Mostrafestivalen, samle unge musikktalent til å opptre. Kunst og arkitektur prosjekt frem mot 1000 års jubileum for kristenretten 2024. Utvikling av gruveparken.

Trivsels prosjekt «frøet må komma før frukta», gi de unge prosjektansvar, gi de følelsen av at «da e kjekt når ting skjer». Mål er trivselstiltak og kollektiv eigarskap til utviklinga.

Særleg fokus på det å vera tilretteleggjar/ støtte/ paraply for lokale initiativ innan fartøyvern og kopla dette opp mot ungdom i møte med eldre, samt satsing på båtturisme.

Kopling til Ungt entreprenørskap og andre aktivitetar i skulen, der bevisstgjering av ein rolle i samfunnet er eit viktig fundament. Aktivitetane og møteplassane skal mobilisera til bygdeutvikling med styrking av arbeidsplassar og ny energi. Mobiliseringa er viktig for nyetablering, trivsel og vekst.