Mostrafestival

Vidare satsing på utvikling av Mostrafestivalen som støtte for Mostraspelet. Meirbruk av amfi og infrastruktur rundt. Engasjere lokalmiljøet til utvikling og bruk av fasilitetar. Stimulere til at lokal historie og engasjement utviklar nye spel eller andre produkt. Mostrafestivalen vil ha ei tydeleg satsing på ungdom i samarbeid med m.a. Bulyst og Bømlo kulturskule. Dette er også eit ledd i å få kulturskulen til å satsa meir lokalt på Moster.

Frå 2012 er det etablert ein eigen festivalorganisasjon der økonomi og organisering av arbeidet vert styrt meir som ei verksemd. Målet er at dette på sikt skal utvikle seg til eit godt balansert samspel mellom profesjonelle verksemder innan kultur og sterkt innslag av frivillig innsats og engasjement.

Ansvarleg: Ingvald Grindheim

Festivalen vert arrangert for 3. gong i 2013 og er då kombinert med 50-års jubileet til Bømlo Kommune. Det vert kalla for BØMLO 2013 dette året.

MGU/DM arrangerer festivalen i samarbeid med Bømlo Teater. Arbeidet med dette omfattar stort sett alle med rollar i MGU og DM, samt fleire andre organisasjonar på Moster.