Moster Grendautval er til for bygda og arbeider med ulike saker knytt til utvikling av Moster. Mange sambygdingar er interesserte i utvikling, og det er svært mange engasjerte personar knytt til ulike lag, foreiningar, private og offentlege verksemder.
Moster Grendautval har med prosjektet Dynamiske Mosterhamn tatt initiativ til ein møtestad som kan gje eit stort løft for Moster og omeign. Dette kan resultera i fleire fritidstilbod, auka trivsel og samhald, meir oppleving og nye område for næringar.
Me trur at sosiale medium gjer at fleire vil kunne delta med innspel. Målet er å gjere Moster til ein betre stad å bu, besøkje og oppleve!
Har du dokument, referat, rapportar eller anna dokumentasjon som kan passe på legge her på nettstaden, ta kontakt med Kåre Spissøy på telefon 91386469 eller mail kare@spissoy.com