Arbeid med omdømme – samspel og openheit, for auka tilflytting, auka næringsetablering, auka aktivitet. Konkretisere bygda sin identitet. Fellesarrangement og lagbygging. Dette er eit felles tiltak for alle aktivitetar, som me vil gjennomføre i form av prosessarbeid for bevisstgjering, idéutvikling, og mobilisering av felles syn på kva som er bra, kva me vil med bygda vår og korleis me skal oppnå dette. Mobilisering av ”dei gode kreftene” for utvikling og vekst, vert ein god parole for dette arbeidet. Gjennom omdømebygging med fokus på identitetsskaping, auka trivsel og bulyst for fastbuande, vil ein gjera Moster til ei betre bygd å bu i for unge og eldre.
Festivalar, samlingar og seminar gjennom 2011-2013 har stor overlapp med dette og har gjort eindel for mobilisering, ideutvikling etc. Det er mykje meir som kan gjerast på området.
Er du interessert i å delta i dette arbeidet? Ta kontakt.