Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 14.09.2017
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Tor Inge Stussvik Styremedlem.
Asbjørn Andre`Sætre: Styremedlem.
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund kanalen).
Monica E. Totland Styremedlem.
Toni Hidle Styremedlem. Meldt forfall
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
24/17 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
25/17 | Referat frå møte 14.06.17.
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
26/17 | Referat og meldingar.
1) Styremedlem Toni Hidle har i E-post 06.09.17, gitt melding om at han ikkje lenger har kapasitet til å ta del i styremøta. Han opplyser vidare at Moster Elektro gjerne stiller møtelokaler til disposisjon og vil gjerne hjelpe til med julearrangementet. 2) Arbeidsgruppa som arbeider med ny tursti til Siggjo melder at arbeidet er godt i gjenge og at m.a. grunneigeravtalar er i boks. Friluftsrådet Vest er ein aktiv aktør i arbeidet. 3) Innspel til årsmøte 2018: A) Vi må vurdere å velje varamedlemmer til styret. B) Vi må utforde valnemda til å arbeide for at vi får breiast mogeleg utval kandidatar til styret i Grendautvalet. Kanskje er det ein ide å kontakta ulike lag og organisasjonar og oppmode dei til å stille med kandidat? 4) Innsamlingsaksjonen 2017: Grete Sivertsen har ansvar for dette, og er i rute med førebuinga. 5) SIM har fått statlege midlar til strandrydning. Invitasjon til deltaking er sendt til Moster skule for oppfølging. |
||
27/17 | Samarbeidsavtale mellom Bømlo Grendautval og Bømlo Kommune i samband med prosjektet Helsefremjande nærmiljø.
Gerd Nancy har delteke på eit møte med Bømlo Kommune vedk framlegg til ein samarbeidsavtale mellom Grendautvalet og Bømlo Kommune. Framlegg til avtale blei gjennomgått og vedteken undertikna slik den låg føre.
|
||
28/17 | Søknad om støtte til aktivitetar.
Leiar har søkt Finnås Kraftlag om støtte til julearrangement og til turløyper med tilsaman 35.000. |
||
29/17 | Innvilga søknad frå Bømlo turlag.
Moster Grendautval har motteke søknad om midlar til utbetring av turløyper Barmane/Varhaug i Totlandskogen og turløypa i Austnes. Moster Grendautval søkte på vegne av desse prosjekta Bømlo Turlag om midlar. Tilsaman 11.300,-. Bømlo Turlag bevilga kr 5000,- til desse prosjekta. Trass i at Moster Grendautval i prinsippet ikkje skal vera ein søknadsinstans, men meir eit koordinerande ledd i ein søknadsprosess, finn styret det likevel rett å støtte desse prosjekta slik at dei blir fullfinansiert. Søknadssum: Barmane/Varhaug: kr. 3800,-. Austneset: kr. 7500,-. Vedtak: Moster Grendautval finansierer resterande sum med slik fordeling:
Barmane/Varhaug: kr. 1300,-. Austneset: kr. 5000,-. |
||
30/17 | Søknad frå Moster Danslag om annonsestøtte.
Styret slutta seg til søknaden. |
||
31/17 | Invitasjon til Liv og Lyst konferanse i Bergen 26.09.17.
Styremedlemene blei oppmoda om å delta. |
||
32/17 | Bømlo kommune inviterer til møte med Grendautvalet og representantar for krinsen 19.09.17, i samband med Kommunedelplan for Helse-sosial-omsorg.
Grendautvalet vil fremje dei synspunkta vi har fremja før. Vidare vil vi orientere om resultat av spørjeundersøkinga og grendamøte vi hadde i samband med prosjektet Helsefremjande nærmiljø.
|
Knut Martens
-Ref-