Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 08.02.18
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Asbjørn Andre` Sætre: Styremedlem.
Tor Inge Stussvik Styremedlem.
Monica E. Totland Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund kanalen).
Tony Hidle Styremedlem. Meldt forfall
.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
01/18 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
02/18 | Referat frå møte 31.10.17
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
03/18 | Referat og meldingar.
· Digital informasjonstavle. Monica E. Totland hadde undersøkt litt meir om digitale informasjonstavler. Ho presenterte eit framlegg til styret. Ho føl opp denne saka og dette blir «sak» på neste styremøte. Viktig å få klarlagt: 1. Abonnementsordning for ulike tal skjermar. 2. Kostnadsoverslag på skjermar. 3. Finansieringsplan for prosjektet. 4. Framlegg til plassering av skjermar? |
||
· Arbeid med universell utforma turløype. Monica E. Totland sit også i gruppa som arbeider med dette. Arbeidet er i rute og gruppa ser positivt på framdrifta. Arbeider med utforming av søknad om midlar til forprosjekt. Arbeidsgruppa melder tilbake til styret når ting er blitt litt klarare. · Forslagskasse til MGU. Vi vil gjerne få innspel til arbeidet vårt i MGU frå innbyggarane. Vi vil difor sette opp ein forslagskasse på den lokale KIWI butikken. Dette arbeidet er nå ferdig. Grethe Sivertsen kjøper kasse og får sett opp.
· Kontakt med lokal interessegruppe som ynskjer å legge til rette for utbygging ved Gassasundet. MGU er blitt kontakta av ein interessegruppe som har planar om utbygging av bustadområder/hytter og naust i område Gassasundet og nordover i retning Håvik.
MGU har inngått ein samarbeidsavtale med Bømlo Kommune. I pkt 1 i denne avtalen står: Avtalen skal regulera samarbeidshøve mellom grendautvala og Bømlo kommune. Avtalen skal legge til rette for at grendautvala kan vera med å bidra til at innbyggjarane i Bømlo får komme med innspel til kommunalt planarbeid og utarbeiding av langsiktige strategiar. I pkt 3 i avtalen står m.a.: Grendautvala skal fylle ein funksjon som samordnar av aktivitet i sitt lokalsamfunn og fungere som talerøyr overfor kommunen sin administrasjon og politikarar.
Bømlo kommune er i prosess med kommuneplanarbeidet og Planprogrammet for areal og samfunnsdel er ute på høyring.
Ut frå dette ser ikkje MGU det naturleg å ta stilling til dette innspelet no, ettersom vi her høyringsinstans i prosessen med kommuneplanarbeidet. MGU er i ferd med å etablera ein eigen arbeidsgruppe for dette arbeidet, Sjå eiga sak. · Mastergradsstudentar. Det er inngått avtale med to Mastergradsstudentar som skrive mastergradsoppgåva si på ein mogelegheitsanalyse på framtidig bruk av m.a. kaiområde i Mosterhamn. Styret fekk ein kort orientering om status. · Bømlo alderspensjonat og framtidig kjøkendrift. MGU har over lang tid engasjert seg i kommunen sine planar om framtidig tilbod til eldre som treng ein mellomstasjon mellom det å bu i eigen bustad og ev. opphald på ein sjukeheim. Både planane om opprusting av Moster Alderspensjonat til omsorgsbustad med tilpassa bemanning og personalbase og videreføring av varm mat på kjøkkenet på Serveicesenteret ser no ut til å bli ein realitet. Styret fekk ein kort orientering om status. Styret ser veldig positivt på dette. Det er gledeleg at engasjement nyttar!
|
|||
04/18 | Oppnemning av nemnd som skal komme med innspel til kommuneplanarbeidet.
Knut Magne Totland har vendt seg til MGU og sagt seg villig til å engasjere seg i dette arbeidet. Det set MGU stor pris på og er takksam for. Vi ser gjerne at Totland fører dette arbeidet vidare gjerne ut frå skisse til organisering lagt fram på styremøte.
|
||
5/18 | Skilt på Moster. Informasjon frå Asbjørn Sætre.
Asbjørn Sætre har hatt ein omfattande dialog med Statens vegvesen om meir korrekt skilting ved Hantikkehaugen og i krysset i Skimmelandsdalen. Styret sluttar seg til konklusjonane og ber Asbjørn Sætre sluttføre arbeidet med Statens vegvesen slik at dei kan føre saka vidare til Bømlo kommune for slutthandsaming.
|
||
6/18 | Årsmøte 2017
Årsmøte blir 22.03.18. Etter eit prosjektgruppemøte med Bømlo Kommune 02.02.18. blei ein samde om at vi skal kombinere dette årsmøte med eit stort grendautvalsmøte. Dette blir då tredelt. 1. MGU orienterer om arbiedet som er gjort 2017 og om planar for 2018. 2. Kommuneplanleggar Alf Helge Greaker orienterer om kommuneplanarbeidet etter ABCD modellen. (pause med mat) 3. Årsmøteavvikling. Sekretær skal laga eit skriv til lag og organisasjonar i krinsen og oppmuntre til engasjement og deltaking. På årsmøte skal vi presentere ein ny modell for utveljing av representantar til styret. |
||
07/18 | Ymse.
Vi har fått invitasjon om deltaking på eit reiselivsseminar 15.02.18. i regi av Bømlo kommune og Atheno. Knut Martens representerer MGU.
|
||
Knut Martens
-Ref-