Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 10.04.18
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Asbjørn Andre` Sætre: Styremedlem.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem (Universell utforma turløype)
Ola Simon Røksund Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.
Monica E. Totland Styremedlem. Meldt forfall.
Monica Nes Styremedlem.Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
08/18 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
09/18 | Referat frå møte 31.10.17
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
10/18 | Referat og meldingar.
Grendautvalsmøte/Årsmøte oppsummert. (22.03.18)
Grendautvalsmøte var ei fellesmøte i samarbeid med Bømlo kommune og MGU. Det blei oppgitt at det var 67 deltakarar.) Møte hadde fokus på det pågåande arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. I denne delen av møte blei Årsmeldinga lesen opp. Årsmøte talde 38 deltakarar og inneheldt vanlege årsmøtesaker. |
||
· Arbeid med universell utforma turløype. Leif Arvid Ersland sit også i gruppa som arbeider med dette. Arbeidet er i rute og gruppa ser positivt på framdrifta. Arbeidsgruppa melder tilbake til styret når ting er blitt litt klarare. · Forslagskasse til MGU. Det er kommen inn fire framlegg: 1) Skatebane for ungdom på Moster. 2) Basketballtilbod for ungdom på Moster. 3) Hinderløype for store og små i samband med turløype eller skule/idrett. 4) Vaksne vakter på «Klubbedubben».
Framlegg 1 og 2 blir oversendt Moster Idrettslag. Framlegg 3 blir sendt Moster skule og Moster Idrettslag. Framlegg 4 blir oversendt FAU ved Moster skule.
· Mastergradsstudentar. Det er inngått avtale med to Mastergradsstudentar som skrive mastergradsoppgåva si på ein mogelegheitsanalyse på framtidig bruk av m.a. kaiområde i Mosterhamn. Linn Rydnigen (ein av studentane) har kontakta MGU og bedt om eit møte. Leiar inviterer studentane til møte 02. mai. · Strandryddeaksjon 09.04.18. Ryddeaksjonen føre gjekk over heile kommunen og Moster hadde søppelmottak i Grindheimsvågen og på Kommunal kai i hamna. Vellykka aksjon som fekk positiv omtale i lokalpressa. · «Folk på Bømlo» MGU er blitt kontakta av initiativtakarane av dette arrangementet med spurnad om deltaking. MGU vil sterkt oppmode lag og organisasjonar til å nytte dette høve til å presentere seg og vil omtale dette på Facebook sida vår.
· Kommuneplanarbeid Knut Magne Totland er leiar for dette arbeid og vil orientere styre om arbeidet for framdrift. Han blir invitert til møte 02.05.18. · Røyksundkanalen Reinert Røksund melder i E-post dagsett 08.04.18. at det etter planen skal vera offisiell opning av kanalen i mai mnd. Me gler oss. |
|||
11/18 |
Godkjenning av årsmøteprotokoll. Styret godkjente protokollen slik den låg føre. |
||
12/18 | Konstituering av nytt styre.
Leiar og nestleiar sa seg villig til å halda fram i same verv. Grete Sivertsen tek også dette året ansvar for økonomien. Vidare fordeling av ansvarsområde, blir tema på neste møte.
Asbjørn Andre` Sætre går ut av styret og blei takka av med ein fin blomebukett. |
||
13/18 | Oppgåver og møtedatoar.
Jfr sak 12/18 så vil dette vera tema på neste styremøte. Møte i juni blir 06.06.18
|
||
1418 | Ymse.
Vegstandard frå gamleskulen og mot Grindheimsvågen. Asbjørn A. Sætre tok opp problematikk omkring ein stadig «forsmalning» av vegen ved reasfaltisering og stadig farligare vegskuldre. Vi sender dette vidare til Folkehelsekoordinator for kommunal handsaming. Høyrer det heime i Trafikksikringsplanen?
|
||
Knut Martens
-Ref-