Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 02.05.18
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Monica Nes Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Monica E. Totland Styremedlem. Meldt forfall.
Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg. Meldt forfall.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem. Meldt forfall.
Ola Simon Røksund Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
15/18 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
16/18 | Referat frå møte 10/04.18
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
17/18 | Referat og meldingar.
|
||
18/18 | Mastergradsstudentane sin presentasjon av sitt arbeid – så langt.
Her møtte også Brynjar Stautland (Prosjekttilsett Bømlo kommune. 2024), og Knut Magne Totland (Grendautvalet sin medarbeidar i Kommuneplanarbeidet) Linn Rydningen og Kjersti Vistnes presenterte arbeidet sitt. Oppgåva har som mål å skildra ein mogeleg heilskapeleg utvikling av Mosterhamn, der ein ivaretek den unike historia ,trong for nye bustader , bubiloppstilling, gjestebrygger for sjøfarande m.m. Arbeidet skal vera ferdig 23.05.18. og vi vil då presentere resultatet litt breiare. Vi tek sikte på å arrangera eit større bygdemøte til hausten, der det endelege resultatet blir presentert. |
|
|
19/18 | Arbeid med kommuneplanen – så langt.
Knut Magne Totland orienterte om dette arbeidet. Han har delt dette inn i ulike temadeler og knyta til seg ressurspersonar innan kvart felt, som vil bidra med tekst. Spanande og krevjande arbeid. Det er sette av tid på møte 06.06.18. til ein ny gjennomgang. Dette møte blir lagt til Moster skule. Det blir ei utfordring for Grendeutvalet å gi uttale til kommunen på Samfunnsdelen som dette gjeld. Grendeutvalet må i denne delen lage utaler på prinsipielt grunnlag. Kva tenester og tilbod er det viktig å ha i nærmiljøet på Moster også i framtida. Korleis sikrar ein best eit godt oppvekstmiljø for born og unge på Moster? Sentrale spørsmål er og: Kva betyr framtidsretta bustadbygging? Korleis kan ein fortette framtidig bustadbygging i eksisterande bygdene? Korleis styrke Mosterhamn som sentrum? Korleis ta vare på strand/sjøsona og naturområde på ein god og framtidsretta måte og med eit folkehelseperspektiv slik at folk som bur her har tilgang til kystbasert friluftsliv? Korleis sikre småbåthamn og båtplassar for dei som bur her? Korleis sikre og utnytte den unike historia vi har, på fleire felt?
|
||
20/18 | Fordeling av ansvarsoppgåver i styret.
Gerd Nancy held fram som leiar for Moster Grendautval. Knut Martens er nestleiar og skrivar. Grete Sivertsen er kasserar og tek ansvar for julegate-arrangementet. Olav Simon Røksund vil ha eit spesielt fokus på trafikksikring. Leif Arvid Ersland held fram med universell utforma turløype og ansvar for teknisk i julegateopninga. Andre gode hjelparar: Asbjørn A Sætre, fokus på veg og trafikksikring. Sissel Johannesen tek ansvar for «innsamlingsaksjonen». Reinert Røksund har framleis fokus på Røyksundkanalen og alt det som skjer der. Knut Magne Totland jobbar med kommuneplanen.
|
||
21/18 | Ymse. |
Knut Martens
-Ref-