Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 11.10.2018
Stad: Moster Elektro sine lokaler
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens Nestleiar.
Monica E. Totland Styremedlem.
Grethe Sivertsen Økonomiansvarleg.
Monica Nes Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem. Meldt forfall.
Ola Simon Røksund Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
35/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.
36/18 Referat frå møte 06.09.18
Det var ingen kommentarar til referatet.
37/18 Referat og meldingar.
Moster Grendautval var delaktig i prosjektet «LivOgLyst».
Vi vil nå undersøke om korleis status er, og om det kan vera aktuelt å koble seg på att i dettte prosjektet.
I samband med prosjektet «Helsefremjanda lokalsamfunn» som vi er med i, skal det lagas tein film om prosjektet. Det blei gjort opptak med dugnadsgjengen på Vetahaugen og frå innsamlingsaksjonen på skulen.
Hordaland Fylkeskommune har i brev meldt at dei vil trekke tilsegn om midlar tilbake. Leiar vil ta kontakt og undersøke. Knut og Gerd Nancy.
38/18 Folkemøte om Mulighetsstudie.
Møtedato som var sett til 19.10.18 må flyttast til 26.10.18. då det viser seg at datoen ikkje passar for kommuneadministrasjonen.
Programmet for kvelden kan sjå slik ut:
1) Velkommen v/leiar.
2) Presentasjon av inviterte aktørar.
3) Skissere programmet for kvelden.
4) Presentasjon av «Mulighetsstudie».
5) Spørsmål frå salen.
6) Presentasjon av MGU sitt innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel.
7) Innspelet vert lagt ut på fb.sida til MGU
8) Takke for deltaking og frammøte.
Kommunepolitikarar som er busett i krinsen skal inviterast til møte. Knut lagar tekst på dette.
Annonse i Lokalavisa. Leiar ordnar dette.
Bestille lokaler, kaffi /mat etc. Grete ornar dette.
39/18 Innsamlingsaksjonen 21.10.2018
Sissel Johannessen har sagt seg villig til å leia aksjonen i år.
Slik vi forstår det er alt i rute.
40/18 Julegateopning 2018. 01.12.18.
Grete Sivertsen vil også dette året ta eit hovudansvar for arrangementet. Lene Løtvedt har eit ansvar for tablået.
Leif Arvid Ersland vil koordinere det tekniske.
Slik vi forstår det er alt i rute. Vurdere å starte toget ved butikken??
41/18 Universell utforma lysløype.
Gruppa som arbeider med dette har hatt eit positivt møte med rådmannen. Ny rapportering på neste møte.
42/18 Ymse.
Knut Martens
-Ref-