Dato: 07.11.2018
Stad: Moster Elektro sine lokaler
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Monica Nes Styremedlem.
Ola Simon Røksund Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem. Meldt forfall.
Monica E. Totland Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
43/18 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
44/18 | Referat frå møte 06.09.18
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
45/18 | Referat og meldingar.
Det var ingen meldingar under denne programposten.
|
||
46/18 | Innsamlingsaksjonen 21.10.2018
Rekordresultat både for skulen sin aksjon og for krinsen totalt sett også dette året. Vi gratulerer og takker for innsatsen. Spesiell takk til Sissel Johannessen som leia arbeidet med aksjonen i år. Det er eit problem å skaffe mange nok bøsseberarar. Slik vi forstår det, var Facebook til god hjelp. Vi har motteke takkebrev frå Frivillighetssentralen som organiserer aksjonen – kommunalt og frå Fylkeskoordinator for TV aksjonen – Kirkens Bymisjon. |
|
|
47/18 | Grendamøte 26.10.18.
Arrangementet var lyst ut i lokalpressa med to annonser. Det var enkel servering av kaffe og kaker, som blei sponsa av det kommunale prosjektet, som vi er med i. Vi takker for det. Tema for møte var presentasjon av Grendautvalet sitt innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel, og presentasjon av Masteroppgåva «Mulighetsstudie av Mosterhamn». Det var vel 40 frammøtte . Frå kommunen møtte Ordførar Odd Harald Hovland, Rådmann Geir E. Aga, Folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim og Kommuneplanleggar Alf Helge Greaker. Leiar Gerd Nancy Notland ønskte velkommen og leste opp innspelet til kommuneplanen, som styret i Moster Grendautval hadde vedteke. Det blei retta stor takk til Knut Magne Totland og hans medhjelparar for bakgrunnsarbeidet dei hadde lagt ner, og som har danna grunnlaget for styret sitt innspel. Innspelet er nå sendt kommunen og er lagt ut på Face-book sida vår. Kjersti Vistnes, som er ein av studentane som bak oppgåva, presenterte arbeidet sitt. Slik vi forstår det, vakte presentasjonen interesse og blir eit viktig innspel til det vidare kommuneplanarbeidet. |
||
48/18 | Julegateopning 2018. 01.12.18.
Grete Sivertsen vil også dette året ta eit hovudansvar for arrangementet. Lene Løtvedt har ansvaret for tablået. Leif Arvid Ersland vil koordinere det tekniske. Det er nå bestemt at toget i år startar i sentrum kl 15.30 og ender opp i Moster Amfi. Tablået blir slik vi har sett det før. I Amfiet blir det servering og stands med sal av lokale produkt. Både juletre og oppheng av lys er under kontroll. I amfiet venter også nissemor og nissefar. Me gler oss.
|
||
49/18 | Universell utforma lysløype.
Arbeidet går sin gang og er stort og krevjande. Vi må bruke den tida vi treng for å få dette til. |
||
50/18 | Ymse.
· Arbeid med informasjonstavler. Arbeidet er satt litt i bero. Vi må ta ein ny vurdering på om dette er rett prioritering.
· Invitasjon frå utbyggar Henrik Friis m/fleire , Banktunet A/S i Moster Sentrum. Møte den 13.november klokka 19.30 der ein vil presentere og informere om planar om å byggje nytt legekontor/helsestasjon på Moster. · «Helsefremjande lokalsamfunn» går mot slutten. Moster Grendautval har hatt stort utbytte av deltaking. Vi må nå planlegge litt om korleis vi skal arbeide vidare utan prosjekt-deltaking. Knut førebur sak til neste møte.
· Ny kafe, Olsahuset Moster, opnar på Sentbygget 13.november.
Formann kjøper og leverer blomar for å ynskje dei velkommen til Moster.
|
Knut Martens
-Ref-