Me kan sjå tilbake på eit aktivt 2011 år! Mange aktivitetar har skjedd, og mykje
vert planlagt for tida som kjem. Når ein set ting i eit noko større perspektiv, er det slik at det som har skjedd og skjer i regi av grendautvalet og Dynamiske Mosterhamn – eit stort løft for Moster. Det vart i 2009 laga til eit innspel til revisjon av kommuneplanen, dette innspelet vert brukt via prosjektet Dynamiske Mosterhamn. Me vil få noko til, skapa noko, få meir til å skje – for barn, unge og eldre!Hordaland Fylkeskommune var på befaring i prosjektet 14. desember, saman med Samarbeidsrådet i Sunnhordland og ordførar, rådmann og næringssjef i Bømlo. Dei er alle opptekne av at det som skjer i Mosterhamn er svært positivt, og at dei ønskjer å støtta prosjektet vidare.
Me trur at 2012 vil vera året då Ting verkeleg Skjer! Me ønskjer at alle mostringar på ein eller anna måte skal vera engasjert i Dynamiske Mosterhamn. slik får me det …kjekt på vegen!