REFERAT FRÅ MØTE MELLOM «LOKALE POLITIKARAR», RÅDMANNEN I BØMLO KOMMUNE OG STYRET I MOSTER GRENDAUTVAL.
Møtetid: 09.05.17. kl 19.00 – 21.00.
Møtestad: Moster skule.
Desse møtte:
Politikarar: Morten Helland, Knut Fauskanger, Aslaug W. Skimmeland, Unni Seim og Heidi Nimoson.
Kommuneadministrasjon: Rådmann: Geir Ebbesvik Aga, Folkehelsekoordinator: Anne-Beth Njærheim, Rektor på Moster skule, prosjektgruppa: Merete Fjellheim.
Styret i Moster Grendautval: Gerd Nancy Notland, Knut Martens, Asbjørn Andre`Sætre, Grete Sivertsen, Tor Inge Stussvik.
Monica E. Totland og Tony Hidle hadde meldt forfall.
Møte hadde skriftleg innkalling med saksliste.
Målet med møte var å informera kvarandre om aktuelle saker som opptek oss, drøfta desse sakene og
gensidig avklara forventningar vi har til kvarandre.
- Vetahaugen/Mostrapark.
På grendamøte vi hadde 21.03.17 var ein av ideane om ting som burde gjerast på Moster at Vetahaugen som stadig blir meir og meir overgrodd og burde ryddast slik at krossen kom fram. Toralf Steinsland var den som bar fram dette. Han har sagt seg villig til å få i gong ei slik rydding på dugnad. Rådmannen opplyser at det er kommunen som eig Vetahaugen og ser positivt på ein ryddeaksjon.
Under drøftinga kom det fram:
For å sikra at sjeldne planter i område ikkje blir fjerna, bør ein ta kontakt med Asbjørn Knutsen som har stor kompetanse på floraen på Moster.
Kanskje arbeidslaget til Bjørn Jordal kan hjelpa til med arbeidet?
Leiar for uteseksjonen i kommunen Vardan Vardanjan bør kontaktas.
Kanskje det er midlar til å gjere området enda meir attraktivt med midlar frå eit kommunalt utsmykningsfond?
Lokal kontaktperson er Toralf Steinsland.
- Tollhuset/Tollhagen.
Rådmannen informerte om at det nå er inngått ein 8-årig avtale mellom Bømlo Kommune (som eigar) og Bømlo Teater som skal drifte hus og hage. Det kan vera aktuelt for Bømlo kommune å nytte eigedomen til representasjon.
- Mosterhamn og framtid.
Kommunen eige nå både molo og kaiområde og er positive til alle innspel som kan auke kvaliteten og bruken av område.
I drøftinga kom det fram:
Det er stor trong for gjestehamn.
Det er også trong for oppstillingsplass med fasilitetar for bobilar.
I samband med prosjektet Helsefremjande Lokalsamfunn, som Moster er med i, har høgskulen sagt at dei gjerne vi nytte framtidig bruk av havneområde som praksistilfelle for arkitektstudentar, til hausten. Ein tenkjer då at dei lagar ei skisse med forslag til korleis ein kan utnytta området på beste måte. Den kan verta til hjelp i det vidare arbeidet. Det blir då viktig å få til eit god samarbeid mellom høgskulen og lokale initiativ.
- Utbetring av kommunal kai og ny småbåthamn i Grindheimsvågen.
Rådmannen seier at det kjem opp ei prinsippsak før ferien som skal avklare kva kaiar kommunen i første omgang skal ruste opp. Rådmannen går inn for å ruste opp kaien i Grindheimsvågen, gjerne i samarbeid med lokale aktørar for å sikre småbåthamn. Når ein samarbeidsavtale skal godkjennast vil kommunen nytte grendalaget som høyringspart . Det er viktig at vi lager nye møteplassar og at allemannsretten blir ivareteke.
Det kan bli ein utfordring å legge til rette for nok parkeringsplassar. Moster Grendautval skal ha saka til høyring før politisk handsaming.
- Moster skule/Moster Idrettslag og trafikksikring.
Moster skule og Idrettsanlegget har i dag kvar sin utkjørsel. Kommunen vil vurdere å lage ein felles utkjørsel for begge anlegga.
- Røyksundkanalen.
Prosjektet er i sluttfasen. Arbeidet som gjenstår må gjerast når byggearbeidet med ny bru er ferdig og den gamle brua er fjerna. Kommunen har vore ein viktig samarbeidspart og bidragsytar.
- 2024 – Riksjubileum på Moster.
I 2024 er det 1000 år sidan «kristenretten» blei opplest og vedteken i landet vårt. Det skjedde på Mostratinget i 1024. Dette blei også starten på det rettssamfunnet vi kjenner i dag. Det skal etablerast ein prosjektgruppe som skal vera med å utforma innhaldet i denne feiringa. Kommunen ber Moster Grendautval velje ein representant til denne gruppa.
- Trafikksikring Fylkesveg 15 Grindheim – Totlandsvegen.
Dette prosjektet ligg inne i Bømlo pakke 2. Det er bevilga kr 850.000,- til trafikksikringstiltak, merka veglys Totland-Grunnavågen.Gledeleg.
Det må setjast igong arbeid med reguleringsplan.
I spørjeundersøkinga (Helsefremjande Lokalsamfunn) kom det fram at mange kunne tenke seg betre kollektivt skysstilbod. Her blei Grendautvalet utfordra å konkretisera ynskja. Det blei også informert om at KID(kollektiv i disrikta) kan søke fylkeskommunen om midlar til mindre kollektivtilbod, t.d.som ein minibuss som køyrer ei rute(t.d.handlerute).
- Strandrydding 2017.
Årets rydde- aksjon er ferdig og store mengder søppel er samla inn. Ein tek sikte på at dette skal bli ein årleg aksjon og kommunen vil etablere permanente systemer med SIM for praktisk gjennomføring.
Det blei peika på at det er positivt dersom lag/organisasjonar kunne honorerast for deltaking.
Ulike former for finansiering blei nemnd.
- Ungdomsklubben og drift.
Klubben er i drift kvar tysdag og føl skuleruta. Klubbkveldane møter mellom 30 og 35 ungdommar.
Klubben har reorganisert drifta. Dei er nå registrert som eige ansvarområde i Brønnøysundregisteret.
Nokre foreldre er hjelparar til drifta medan det «daglege» blir ivareteke av eit ungdomsstyre, som har ulike ansvarsområde. Kommunen honorerer desse fire for den tida dei bruker i klubben.
- Eldreomsorg/Omsorgsbustadet på Moster.
Dette er ei sak som opptek mange på Moster.
Moster alderspensjonat er eit tilbod til eldre på Bømlo. Brukarane på alderspensjonatet får same oppfølging av kommunen som ein ville fått om ein budde i sin eigen bustad. Behovet er bualternativ med betre bemanning. Lokalitetane er nedslitne og treng fornying. I dag er det berre 4 av dei 10 leilighetane der som er utleigde. Det som fleire tok til orde for, var at ein treng eit tilbod som ligg mellom eigen heim og sjukeheim. Det må vera fleire trinn i «veferdstrappa».
Moster Grendautval sitt innspel til Plan for helse og omsorg 2017-2027, seier at det me ynskjer på Moster er omsorgsbustader med heildøgnssbemanning, og fast personalbase med helsearbeidarar på Moster. Moster Grendautval har og understreka at ein ikkje må fasa ut Moster Alderspensjonat før eit betre eldretilbod er på plass på Moster.
Vi er gjennom pressa blitt gjort kjent med at det i privat regi skal byggjast fleire nye leiligheter sentralt på Moster. Det blei utrykt ein viss frykt for at desse kunne erstatta alderspensjonatet. Dette blei tilbakevist av rådmannen, noko han grunna med at nye slike leiligheter ikkje kunne dekke behovet for tilrettelagte bustader. Ein måtte tenke både og. Det blei også sagt at ein måtte sjå på dette problemområde i eit større perspektiv når kommunal plan skal rullerast.
Svara i spørjeundersøkinga var heilt klar på at ynskje frå dei eldre var å kunna bu lengst mogeleg i bygda si.
- Planar for universell utforma turveg.
Moster Grendautval har fokus på dette over tid. Dei råda vi har fått er at vi må finne eit område som er forankra mot skule/barnehage/idrettsanlegg.
Det er vilje til deltaking i arbeidsgruppe som kan arbeide vidare med dette prosjektet.
Det blei i møte peika på at Friluftsrådet Vest hadde brei kompetanse og kunne hjelpe oss med å inngå grunneigaravtalar,- når vi kjem så langt.
Morten Helland vil har sagt seg villig til å vera med i gruppae til å jobbe fram universelt utforma turløype på Moster.
- Planstatus for framtidig bruk av Prestnes – Austnes – Breivika.
Mosterhalvøya er den delen som kanskje har størst befolkningsvekst i kommunen. Mange nye tomtar er byggeklare. Då er det viktig at vi tek vare på dei friområde som framleis er.
Eit område som det i kommuneplansamanheng ved fleire høve har vore i fokus, er område som på kartet heiter Prestnes. Rundt Prestnes/ Austnes/Breivika er det etablert merka tursti. Denne turløypa er mykje brukt av befolkninga. Det er for MGU viktig at dette område også i framtida kan vera eit rekreasjonsområde og ikkje nytta til industri. Dette område heng også saman men friområde ved Breivika som Friluftsrådet vest har ansvar for. Etter MGU sitt sin må Mostraparken, Gruveområdet , småbåthamna, Breivike, Prestnes og Austnes sjåast i samanheng. Rådmannen meinte at ettersom industriområde på Særklau har store disponible areal til sjø, og Rubbestadneset med sin store utbygging – ville dette dekke kommunen sitt behov for sjønære industritomtar i lang tid.
Til avslutning takka leiar i MGU takk for eit godt møte i ein konstruktiv og god tone, og uttrykte ynskje om at det og ville komma konkrete ting ut av den positive dialogen. Møte var oppfatta så vellykka at det blei avslutta med applaus.
Knut Martens
Ref.