Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 04.04.2017
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades: Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund kanalen).
Monica E. Totland Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Tony Hidle. Styremedlem. Meldt forfall.
Asbjørn Andre`Sætre: Styremedlem. Meldt forfall.
Tor Inge Stussvik Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
14/17 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
15/17 | Referat og meldingar:
· Moster idrettslag og storhall på Bremnes. Moster Idrettslag har vendt seg til Moster Grendautval vedk eventuell bygging av Storhall på Bremnes. Moster Grendautval ser det som naturleg at ev uttale i saka bør komma frå Idrettsrådet ettersom det er idrettens høgaste organ. Moster Grendautval tek sikte på å invitera til eit møte med lokale politikarar som sit i kommunestyret og i utval i møte i mai. Vi vil då ta denne saka opp med dei. · Møte med lokale politikarar er sett til 09.05.17. Dei som blir invitert er:
Kommunestyret:
Utvalsmedlemmer:
· Status Tollhuset og Tollhagen.
· Gruveprosjektet og Friluftsrådet Vest.
Njål Gunnar Slettebø i BK opplyser at planlagt synfaring blir etter påske.
· Universell utforma turløype. Vi arbeider vidare med å etablera ein arbeidsgruppe som skal ha til oppgåve å førebu gjennomføring av eit slikt prosjekt. Det er viktig at ein slik løype blir knytta opp mot skule/barnehage og idrett. Monica E Totland tek ansvar og initiativ i saka. Gerd Nancy Notland melder tilbake kven andre som kan ta del i arbeidsgruppa.
· Komité for julegateopning 2017 .
Grete Sivertsen har sagt seg villig til å ta eit ansvar for arrangementet 2017.
· Strandrydding våren 2017. BK melder at det blir organisert strandrydding på Bømlo i perioden 28.04.17 – 02.05.17.
· Prosjektet mudring av Røyksundkanalen. Moster Grendautval har signert avtale med Bømlo Kommune om forskottering av faktura med Våge Anlegg på kr. 221875,-.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
16/17 | Konstituering av nytt styre i Moster Grendautval.
Gerd Nancy Notland held fram som leiar. Knut Martens held fram som nestleiar. Grete Sivertsen held fram som økonomiansvarleg. Monica E. Totland har ansvar for prosjektet Universell utforming av ny turløype. Reinert Røksund har ansvar for prosjektet Mudring av Røyksundkanalen til dette er avslutta. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
17/17 | Plan om opprustning av kommunal kai med småbåthamn i Grindheimsvågen.
Moster Grendautval stiller seg positivt til prosjektet. Det er viktig for Moster Grendautval at ålmenta får lik mogelegheit til å kjøpa seg inn i eit framtidig båtlag i tråd med dei vilkåra som er beskreve i notat til Moster Grendautval «Utbetring av kommunal kai i Grindheimsvågen.»
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
18/17 | Ymse:
Det var ingen saker under denne posten. |
Knut Martens
-Ref-