Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 15.11.16.
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Tony Hidle. Styremedlem.
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Asbjørn Andre`Sætre: Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg. Meldt forfall.
Tor Inge Stussvik. Styremedlem.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundkanalen.) Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
10/16 | Referat siste styremøte/Meldingar:
Referat frå styremøte 18.10.16. blei gjennomgått og godkjent slik det låg føre. Rehabilitering av Røyksundkanalen: Det går fram av kopi E-post korrespondanse mellom Reinert Røksund (MGU), Rådmannen og Nils Gunnar Gloppen (Finnås kraftlag) at resten av gåvesummen frå Finnås Kraftlag blir utbetalt nå. Dette var positivt. Storhall på Bremnes: Viser her til sak 2 under posten Ymse frå møte 18.10.16. Moster Grendautval vil invitere ressursperson for meir informasjon til neste møte. Ungdomsklubben og betalingsautomat: Isak Grindheim og foreldrerepresentant har vore i møte med rådmannen. Saka vil bli fulgt opp. Lag og organisasjonsmodul: Bømlo kommune har inngått avtale med Acos om kursing i denne modulen. Kurset er 06. og 07.12. Knut Martens vil delta for MGU. |
||
11/16 | Innspel frå MGU til Bømlopakke 2:
Knut Magne Totland og Tony Hidle har gjort ein stor jobb med denne saka. Dei får fullmakt av styret til å følgje denne saka vidare og komme med innspel til planen.
|
Knut Magne og Tony | |
12/16 | Julearrangement Moster 26.11.16.
Dette blir eit stort arrangement. Programmet er klart. Moster Idrettslag har teke på seg det tekniske arbeidet. Det er i år kjøpt inn nytt opplegg for julebelysning. Leiar har søkt ulike instansar om økonomisk støtte. Vi vil setje opp eit rekneskap og oversikt over aktiva (eigedelen) i etterkant av arrangementet. Så håper vi på godt ver og godt frammøte. |
||
13/16 | TV-aksjonen 2016. Oppsummering.
Denne saka måtte utsetjast ettersom Grete Sivertsen hadde meldt forfall. Men etter det som blei referert i møte, hadde organisering og gjennomføring gått fint. Takk til alle som deltok. |
|
|
14/16 | Prosjekt Helsefremjande lokalsamfunn:
Spørjeundersøkinga er nå gjennomført. Dersom alle som deltok i utlevering av spørjeskjema registrerte dette, var det delt ut 125 skjema. Stor takk til alle som deltok. Resten av jobben skal gjerast i desember. |
||
15/16 | Ymse:
1) MGU og skriv vedk skulebruksplan for vidaregåande skule: MGU var blitt oppmoda om å underskrive ein uttale vedk skulepruksplanen og framtidig plassering av vidaregåande skule. Styret i Moster Grendautval slutta seg til skrivet. 2) Referat frå styremøta på facebook: Alle referat frå tyremøta blir nå lagt ut på facebook. |
||
Knut Martens
-Ref-