Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 20.09.16.
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades: Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Toni Hidle. Styremedlem.
Asbjørn Andre`Sætre: Styremedlem.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundkanalen.)
Ikkje møtt/Kopi:
Tor Inge Stussvik. Styremedlem.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
1 | Referat siste styremøte:
|
||
2 | Prosjekt Helsefremjande lokalsamfunn.
Bømlo kommune fekk I 2015 melding frå HFK om at dei, saman med tre andre kommunar fekk ta del i eit treårig prosjekt som heiter HELSEFREMJANDE LOKALSAMFUNN. Moster saman med Rubbestadneset og Espevær representerer kommunen i dette prosjektet. Prosjektet har som hovudmål: Bømlo kommune, med ein desentralisert busetnad, skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som bidrar til å fremje folkehelsa der folk bur. Delmål 1: Auka kunnskap om korleis nærmiljøet påverkar folkehelsa i små lokalsamfunn, og om ulike nærmiljø i same kommune gir ulike påverknad på helsa. Identifisere positive og negative faktorar i dei ulike lokalsamfunna. Delmål 2: Testa ut kombinasjonar av ulike metodar for kartlegging av folkehelse og nærmiljø. Delmål 3: Utvikle eigne metodar for samarbeid mellom kommune og nærmiljø, gjennom å utvikle grendalaga som paraplyorganisasjon og talerør for frivillige organisasjonar og befolkninga i lokalsamfunnet, og som mellomledd mellom lokalsamfunnet og kommunal administrativ og politisk leiing. Delmål 4: I samarbeid med nærmiljøet og grendalag legge grunnlag for konkrete tiltak som kan utvikle nærmiljøet i helsefremjande retning. Mobilisering og eigarskap er viktige faktorar. |
Knut Martens
Referent