Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 20.09.16.
Stad: Moster Elektro sine lokaler (gamle banken)
Tilstades: Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar. Referent.
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Toni Hidle. Styremedlem.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundskanalen.)
Asbjørn Andre` Sætre: Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Tor Inge Stussvik. Styremedlem.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
1 | Referat siste styremøte:
|
||
2 | Prosjekt Helsefremjande lokalsamfunn.
Bømlo kommune fekk I 2015 melding frå HFK om at dei, saman med tre andre kommunar fekk ta del i eit treårig prosjekt som heiter HELSEFREMJANDE LOKALSAMFUNN. Moster saman med Rubbestadneset og Espevær representerer kommunen i dette prosjektet. Prosjektet har som hovudmål: Bømlo kommune, med ein desentralisert busetnad, skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som bidrar til å fremje folkehelsa der folk bur. Delmål 1: Auka kunnskap om korleis nærmiljøet påverkar folkehelsa i små lokalsamfunn, og om ulike nærmiljø i same kommune gir ulike påverknad på helsa. Identifisere positive og negative faktorar i dei ulike lokalsamfunna. Delmål 2: Testa ut kombinasjonar av ulike metodar for kartlegging av folkehelse og nærmiljø. Delmål 3: Utvikle eigne metodar for samarbeid mellom kommune og nærmiljø, gjennom å utvikle grendalaga som paraplyorganisasjon og talerør for frivillige organisasjonar og befolkninga i lokalsamfunnet, og som mellomledd mellom lokalsamfunnet og kommunal administrativ og politisk leiing. Delmål 4: I samarbeid med nærmiljøet og grendalag legge grunnlag for konkrete tiltak som kan utvikle nærmiljøet i helsefremjande retning. Mobilisering og eigarskap er viktige faktorar. Konklusjon: Mostersamfunnet er heldige som får ta del i dette prosjektet. Moster Grendautval har tatt på seg å gjennomføra ei anonym spørjeundersøking i veke 42, 43 og 44. Vi skal bruke nærbutikken som utgangspunkt. Moster Grendautval vil informera betre og få til betre kommunikasjon med lag/organisasjonar og lokal bedrifter. Saksliste og referat frå styremøter vil bli lagt ut på Facebook sida. TV skjerm i nærleiken av «minibanken» for ulike oppslag. |
Gerd Nancy er lokal kontaktperson i prosjektet.
Toni Hidle.
Isak Grindheim.
|
|
3 | Forprosjekt Julegateopning.
26.11.2016. kl 15.30. blir det julegateopning og julespel. Arbeidet er i gang og mange lause trådar skal knyttast saman til eit fint arrangement for store og små. (Lene Løtvedt etterlyser skodespelarar til sitt utvida julespel. Tlf. 41226766) Konklusjon: Det er framleis nokre utfordringar med å sy saman eit så stort arrangement, men vi er i rute. Det har blitt arrangert førjulsdans på Dalaneset dei siste åra. Det er ikkje heilt klart kven som skal stå som arrangør i år.
|
Gerd Nancy er aktiv også her. |
|
4 | Ymse:
TV aksjonen 23.10.2016. Årets aksjon går i år til Røde Kors. Grete Sivertsen har ansvar for dette og har med seg m.a.: Kåre Spissøy, Unni Seim, Frank Smith, Sissel Johannesen, Heidi Nimonsen og Morten Helland. Røyksundkanalen og mudring. Arbeidet er i rute, men prosjektet treng meir kapital på grunn av trong for meir sprenging. Viser her til oppslag i loklavisa.
Ungdomsklubben og betalingsautomat. Klubben har trong for å betjena ein betalingsautomat. Dette er under arbeid. Undersøke i kommunen korleis tilskott kr. 100.000 kan nyttast.
|
Grete Sivertsen.
Reinert Røksund.
Isak Grinheim. |
|
Knut Martens
Referent