Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 18.10.16.
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades: Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grete Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Tony Hidle. Styremedlem.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundkanalen.)
Ikkje møtt/Kopi:
Tor Inge Stussvik. Styremedlem. Meldt forfall.
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Asbjørn Andre`Sætre: Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
5/16 | Referat siste styremøte:
Referat frå styremøte 20.09.16. blei gjennomgått og godkjent slik det låg føre.
|
||
6/16 | TV-aksjonen 2016.
23.10.16 skal over 100.000 bøssebærarar besøke alle husstandar i Norge. Pengane frå årets aksjon skal gå til Røde Kors sitt arbeid. Her på Moster er det Moter Grendautval som organiserer innsamlinga. Grete Sivertsen har hovudansvaret for lokal organisering og melder at alt er under kontroll. Vi ynskjer lykke til og håpar på godt resultat. |
||
7/16 | Helsefremjande lokalsamfunn.
Viser her til referat frå styremøte 20.09.16. sak 2.16. Moster, saman med Rubbestadneset og Espevær er med i dette prosjektet og Moster Grendautval skal gjennomføra ei anonym spørjeundersøking mellom innbyggjarane som er mellom 67 og 79 år. Vi har tinga plass i KIWI butikken sine lokaler. 20.10, 21.10 og 22.10 frå kl 09.30 – 13.30, og 15.00 – 19.00.
24.10, 26.10 og 31.10 frå kl 09.30 – 13.30, og 15.00 – 19.00.
NB. Det er mogeleg å ta med skjema heim til personar i målgruppa og levere tilbake i lukka konvolutt. |
Gerd Nancy og Knut. |
|
8/16 | Julearrangement.
Viser har til sak 3.16 i referat frå møte 20.09.16. 1) Musikkorpset og Drillgruppa vil bidra med underhaldning og utlevering av smågodt til dei minste. 2) Moster Idrettslag er blitt førespurt om å ta eit hovudansvar for gjennomføring, mot ei godtgjering. Leiar stiller seg positiv til dette og melder tilbake. 3) Sentrumsforeninga vil ta ansvar for ev. dans på Dalaneset. Deler av eventuelt overskott skal tilfalla MGU.
|
||
Ymse.
1) Bømlopakke 2: Knut Magne Totland og Tony Hidle har på vegne av MGU sendt et brev til administrasjonen i kommunen og til dei politiske gruppeleiarane. I skrivet peikar dei på manglande satsing på Fylkesveg 15. (Totlandsvegen/Grindheimsvegen) Dei hadde også presentert dei faktiske forholda til rådmannen i eiga møte 18.10.16. Knut Magne Totland hadde ei grundig gjennomgang av det store og omfattande arbeidet og dei funna han hadde gjort til styre i MGU. Knut Magne Totland fekk ros for arbeidet og har fullmakt frå styre til å følgje opp saka. Som vedlegg til referatet finn du kopi av brevet som er sendt og ein samanliknande power point presentasjon av funna i arbeidet. 2) Ny storhall på Bremnes.? Bremnes Idrettslag har laga ein prosjektgruppe som skal sjå på om det er mogeleg å byggja ein ny stohall på Leite. Leiar i Moster Idrettslag har sendt ein E-post til styret i MGU der han gjer greie for nokre reservasjonar mot planane/deltaking i prosjektet. Moster Grendautval skal å fokus på bygda. I vedtektene § 2.1. står: Grendautvalet skal vera bygda sitt talerøyr og høyringsinstans i alle saker som vedkjem bygda sitt ve og vel, og ein pådrivar for ei god utvikling i bygda. Styret vil gjerne komme tilbake med eit svar stilt i E-post, når vi har fått undersøkt litt meir. 3) Innspel til overordna helseplan. Moster Grendautval vil gje innspel til planen i tråd med tidlegare initiativ i saka. I uttalen vil vi også be om å få komma med uttale til framtidige handlingsplanar som vedkjem bygda vår. 4) Røyksundkanalen og mudringsarbeidet. Arbeidet er i rute og er ferdig på austsida av brua. Arbeidslaget tek nå ein pause frå dette prosjektet og vil ta opp resten av arbeidet på vestsida av brua seinare. I denne perioden av prosjektgruppa arbeide med restfinansiering. 5) Gruveprosjektet. Er det mogeleg at området blir overført til Friluftsrådet Vest sin administrasjon??? 6) Infoskriv til lag og organisasjonar/bedrifter med invitasjon om betre dialog og samarbeid. Framlegg til eit slikt skriv skal presenterast styret i neste møte. |
Knut Martens
Referent