Innspel i sak: PS 96/16 Bømlopakken II

 

Bømlo kommune

v/ Rådmann Geir Aga
5430 Bremnes Mosterhamn 16.11.2016
Innspel i sak: PS 96/16 Bømlopakken II

I møte 31.oktober 2016 gjorde kommunestyret blant annet et slikt vedtak: Viser til punk 8 og 9 saksprotokoll:
8.Det skal etablerast samla 6 innkrevjingspunkt. I tillegg til dei to innkrevjingspunkta vi i dag har ved Bømlabrua og på ferja Langevåg – Buavåg skal det etablerast 4 nye innkrevjingspunkt rundt Svortland sentrum. Kommunestyret ber rådmannen greie ut om passeringar i dei 4 innkrevjingspunkta kring Svortland kan registrerast berre ein veg, til dømes ut av sentrum, og konsekvensane av dette. I tilknytning til dette bed ein om konsekvensane av ein eventuell reduksjon av timesregelen til ein halv time vert vurdert
9.Kommunestyret bed rådmannen syte for at dette vedtaket med saksførelegg vert lagt ut på høyring. Rådmannen får fullmakt til å utarbeide eit høyringsnotat som kortfatta skildrar dei vesentlege vurderingane i saka. Høyringsuttalane vert lagt til den endelege behandlinga av saka.

I møte 19. september 2016 gjorde kommunestyret blant annet et slikt vedtak:
Det skal etablerast fleire innkrevjingspunkt slik at flest mogleg som nyttar vegane vil køyra gjennom bommane. Målet er at det skal bli så rettferdig som mogleg og økonomisk effektivt.

Med bakgrunn i vedtak gjort i kommunestyret 19 september tar Moster Grendautval utgangspunkt i at dette skal vere ein «dugnad» kor flest mogeleg som nyttar vegane skal betale, og at målet er at det skal bli så rettferdig som mogleg.
Med bakgrunn i vedtak gjort i kommunestyret 31 oktober oppfattar Moster
Grendautval det som rein forskjellsbehandling mellom dei som ikkje vil nå taket.
Det vil sei at dei som handlar, jobbar, eller har andre ærend (venne/ familiebesøk) kan kjøra til Svortland dobbelt så mange turar enn dei som har tilsvarande ærend til Stord eller Haugalandet, før dei når taket. I praksis så blir taket ikkje likt for alle bommane.
Med bakgrunn i dette ber Moster Grendautval rådmannen om å ta med innkrevjingspunktet på Spissøy i vurderinga av om det kan registrerast betaling berre ein veg, til dømes ut av kommunen, og konsekvensane av dette. Slik at også disse tala blir synliggjort for bruk i den vidare saksbehandlinga.
Det må væra sjølvsagt at om det skal vurderast einvegs betaling så må det
gjelda for alle bommane i Bømlopakken, ellers blir den noverande urettferdige innkrevjinga i stor grad vidareført.

Link til heile Saksprotokoll i Kommunestyret – 31.10.2016 http://82.134.72.197/eInnsynBK511/Dmb/ShowDmbDocument?mId=897&docum entTypeId=MP

Link til heile Saksprotokoll i Kommunestyret – 19.09.2016
http://82.134.72.197/eInnsynBK511/Dmb/ShowDmbDocument?mId=895&docum
entTypeId=MP
Med venleg helsing
Moster Grendautval
Saksansvarleg: Asbjørn Sætre og Knut Magne Totland

 

 

One comment

  1. Web Hosting sier:

    Onskjer du rabatt ogsa i Bomlopakken, ma du innga ein tilleggsavtale med Bomlo Vegselskap AS og betale inn eit eige forskot til dei.