NY EPOKE FOR MOSTER GRENDAUTVAL OG DYNAMISKE MOSTERHAMN
Moster Grendautval hadde årsmøte på kvinnedagen den 8. mars, og det er no klart at nye krefter tek over styringa av grendautvalet. Inntil første styremøte med konstituering av nytt styre og nye roller finn stad, kan ein nøya seg med å seie at både Henrik Friis, Knut Magne Totland og Geir Arne Hilt har takka for seg i utvalet. Nye gode krefter er komt inn i form av Ingvald Grindheim, Arve Lilledal, Rune Sivertsen og Aud Mona Hammersland er kome inn. Reinert Røksund, Berit Laila Ersland, Rolf Kåre Bjørklund og Grethe Sivertsen tek eit nytt år i styret.