Archive for Mosterhamn

Tilbakeblikk frå 2011

Me kan sjå tilbake på eit aktivt 2011 år! Mange aktivitetar har skjedd, og mykje

vert planlagt for tida som kjem. Når ein set ting i eit noko større perspektiv, er det slik at det som har skjedd og skjer i regi av grendautvalet og Dynamiske Mosterhamn – eit stort løft for Moster. Det vart i 2009 laga til eit innspel til revisjon av kommuneplanen, dette innspelet vert brukt via prosjektet Dynamiske Mosterhamn. Me vil få noko til, skapa noko, få meir til å skje – for barn, unge og eldre!

Hordaland Fylkeskommune var på befaring i prosjektet 14. desember, saman med Samarbeidsrådet i Sunnhordland og ordførar, rådmann og næringssjef i Bømlo. Dei er alle opptekne av at det som skjer i Mosterhamn er svært positivt, og at dei ønskjer å støtta prosjektet vidare.

Me trur at 2012 vil vera året då Ting verkeleg Skjer! Me ønskjer at alle mostringar på ein eller anna måte skal vera engasjert i Dynamiske Mosterhamn. slik får me det …kjekt på vegen!

Ny nettstad

Me har no oppdatert den gamle sida vår til eit heilt nytt design. Håpar de er fornøgde med resultatet!

Besøk den gamle sida ved å klikke her.

Ting skjer!

NY EPOKE FOR MOSTER GRENDAUTVAL OG DYNAMISKE MOSTERHAMN

Moster Grendautval hadde årsmøte på kvinnedagen den 8. mars, og det er no klart at nye krefter tek over styringa av grendautvalet. Inntil første styremøte med konstituering av nytt styre og nye roller finn stad, kan ein nøya seg med å seie at både Henrik Friis, Knut Magne Totland og Geir Arne Hilt har takka for seg i utvalet. Nye gode krefter er komt inn i form av Ingvald Grindheim, Arve Lilledal, Rune Sivertsen og Aud Mona Hammersland er kome inn. Reinert Røksund, Berit Laila Ersland, Rolf Kåre Bjørklund og Grethe Sivertsen tek eit nytt år i styret.