Archive for Mosterhamn

Oppstartsmelding for prosjektet fv.542 Notland-Mosterhamn i Bømlo kommune.

statens-vegvesen-logo

 

Behandlende enhet: Saksbehandler/innvalgsnr: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato
Region vest Haakon Aarøe 16/143138   23.11.2016

Varsel om oppstart av planarbeid Fv.542 Notland-Mosterhamn

 

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Bømlo kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan Fv.542 Notland-Mosterhamn. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

 

Beskriving av prosjektet

Prosjektet strekker seg frå Notlandskrysset til Mosterhamn gjennom sentrum, ei vegstrekning på ca. 1200m. Vegen framstår som smal og uoversiktleg på enkelte parti, for smal veg på strekninga er generelt eit problem, spesielt er svingen ved Bedehuset et problempunkt med smal veg og krapp kurvatur. Utbetringar er gjort ved sentrum.

 

Den utløysande faktoren for prosjektet er at det manglar gjennomgåande gang- og sykkel-løysning frå Notland til Mosterhamn. I tillegg er det fleire stader der dagens kurvatur gir farlege situasjonar og dårlig framkommeligheit. Prosjektet er høgt prioritert i Bømlo kommune både for trafikksikkerhet og GS-løysning.

 

Kommunen har vedteke at planforslaget ikkje skal behandlast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

statens-vegvesen-brev

Figur 1: Planavgrensing

 

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 13.01.2017. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til «Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, merka med

Saksnummer 16/581»,  eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.

 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

 

Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Haakon Dyb Aarøe på telefon 92429474 eller e-post haakon.aaroe@vegvesen.no.

 

 

Med helsing

Statens vegvesen

Gate adresser

gateadresse-1gateadresse-2 gateadresse-3

Mail v/Anne Beth Nærheim

mail-anne-beth

No startar Miljøgate-arbeidet for fullt

bomlonytt-2bomlonytt-1

Innspel til sak om Bømlopakke II, Bømlo kommunestyre 31.10.2016

Bakgrunn for innspel:

1: Brev til administrasjon i Bømlo kommune vedrørande FV 15 – Grindheimsvegen/Totlandsvegen, datert 13.10.2016 (vedlegg 1)

2: Midt i arbeidet med Bømlopakke I, dukka det opp nye reguleringsplanar for andre fylkesvegar (som ikkje er med i Bømlopakke I). Sjå bl.a annonse og faksimile i Bømlo-Nytt (vedlegg 2)

3: Sak om Bømlopakke II dukka opp frå administrasjonen, med forslag til nye prosjekt. (liste over nye vegprosjekt nedanfor)

Bakgrunn for innspel (vidare):

I sak om Bømlopakke II har desse nye prosjekta blitt foreslått:

-Svortland – Thormodsætre

-Miljøgate Svortland

-Urangsvågen – Hollundskjosen

-Gåslandsvegen – Søvollsvegen

-Rubbestadneset – Stongarvågen

-Brandasund – Urangsvåg

-Rasteplass Kulleseid

-Kåsa – Langevåg

Vårt innspel:

Kva med FV 15 Grindheimsvegen Totlandsvegen?

Vegen på totalt 3838 meter har i dag 499 registrerte gateadresser* knytt til seg.

-Det er 120 skuleelevar som brukar vegen kvar dag.

-Det er omlag 90 private og offentlege vegar som knyt seg på FV15.

Til samanlikning har

Gåslandsvegen/Søvoldsvegen 313 registrerte gateadresser*.

Giljevegen/Alsvågsvegen 400 registerte gateadresser*.

(* = Kjelde: Posten.no, sjå vedlegg nr 4)

grindheimsvegen-totland-2

Vårt innspel:

Kva med FV 15 Grindheimsvegen Totlandsvegen?

Kva bør prioriterast:

Born  Mjuke trafikantar  Tung trafikk

Folketal  Ulykker  Skule/barnehage

Trafikk  Bolig/tetthet  Sykkel og gangsti

Tal tilknytte vegar  Sentrumsnær  Kryssingspunkt

Belysning

Vårt innspel:

Kva med FV 15 Grindheimsvegen Totlandsvegen?

1: Sidan det er lagt opp til utbygging av bustadar i kommunedelplanen, vil dette gi et større behov for utbetring av FV 15 Grindheimsvegen – Totlandsvegen. Utan utbetring av FV 15, vil den dårlige standarden stoppa utviklinga i dette største og mest populære område på Moster!

2: Det er ikkje forsvarleg å forsette med dei planar som ligg føre med mange bustadhus, hytter, naust og båthamner som er tenkt langs med eller tilknytte fylkesvegen. utan oppgradering og tilrettelegging for mjuke trafikantar. (vedlegg nr 3)

Vårt innspel:

Kva med FV 15 Grindheimsvegen Totlandsvegen?

3: FV 15 må prioriterast og inngå i Bømlo kommune sine planar i forhold til vegstandard, trafikksikkerheit, GS-vegsystem og funksjon som hovudveg.

4: Argumentet om at denne vegen ikkje er regulert i forbindelse med revisjon av Bømlopakke II, bør ikkje ha avgjerande tyngde i denne omgang. Bømlopakke I blei vedteken i alle organ (inklusive Stortinget) før regulering starta for dei ulike vegparsellane i pakken.

Vårt innspel:

Kva med FV 15 Grindheimsvegen Totlandsvegen?

Så til kanskje det viktigaste:

5: Dersom dette innspelet vert møtt av at Bømlopakke II i stor grad legg opp til utbygging av vegar i nær tilslutning til Svortland, der nye bomstasjonar skal utplasserast, ber me om at kommunestyret greier ut plassering av ein ny bomstasjon på Moster.

Folk som bur på Moster, har heilt sidan oppstarten teke aktivt del i nedbetaling av Bømlopakken, og vil også i framtida meine at dette må vere rettvist!

vedlegg Nr.1

  • Brev FV-15 Grindheimsvegen – Totland (finn du under saker 2016 og Bomlo-pakken II)

vedlegg Nr.2

  • Bilde frå Bomlonytt «No startar miljøgate-arbeidet for fullt» (finn du under Bomlo-pakke II)

vedlegg Nr.3

  • Mail v/Anne Beth Nærheim (finn du under Bømlo-pakken II)

vedlegg Nr.4

  • Gate adresser (finn du under Bømlo-pakken II)

Julegrantenning Moster 2016

julegrantening2016-plakat_001

Julegrantenning Laurdag 26. November.

Det vert julekafé, Juleverkstad og oppstart v Jule grantenninga. Blant anna kjem nissen med ei gåve til de minste og så vert det mykje anna kos for både store og små. Me ynskjer Velkommen og me gleder oss!

Referat (3) 18.10.16

mgu-logo

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   18.10.16.

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Tony Hidle.                             Styremedlem.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundkanalen.)

 

Ikkje møtt/Kopi:

                        Tor Inge Stussvik.                    Styremedlem. Meldt forfall.

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem. Meldt forfall.

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
5/16 Referat siste styremøte:

Referat frå styremøte 20.09.16. blei gjennomgått og godkjent slik det låg føre.

 

6/16 TV-aksjonen 2016.

23.10.16 skal over 100.000 bøssebærarar besøke alle husstandar i Norge. Pengane frå årets aksjon skal gå til Røde Kors sitt arbeid.

Her på Moster er det Moter Grendautval som organiserer innsamlinga. Grete Sivertsen har hovudansvaret for lokal organisering og melder at alt er under kontroll. Vi ynskjer lykke til og håpar på godt resultat.

7/16  Helsefremjande lokalsamfunn.

Viser her til referat frå styremøte 20.09.16. sak 2.16.

Moster, saman med Rubbestadneset og Espevær er med i dette prosjektet og Moster Grendautval skal gjennomføra ei anonym spørjeundersøking mellom innbyggjarane som er mellom 67 og 79  år. Vi har tinga plass i KIWI butikken sine lokaler.

20.10, 21.10 og 22.10 frå kl 09.30 – 13.30, og 15.00 – 19.00.

 

24.10, 26.10 og 31.10 frå kl 09.30 – 13.30, og 15.00 – 19.00.

 

NB. Det er mogeleg å ta med skjema heim til personar i målgruppa og levere tilbake i lukka konvolutt.

 

 

 

 

 

 

 

Gerd Nancy og Knut.

8/16 Julearrangement.

Viser har til sak 3.16 i referat frå møte 20.09.16.

1)       Musikkorpset og Drillgruppa vil bidra med underhaldning og utlevering av smågodt til dei minste.

2)      Moster Idrettslag er blitt førespurt om å ta eit hovudansvar for gjennomføring, mot ei godtgjering.

Leiar stiller seg positiv til dette og melder tilbake.

3)      Sentrumsforeninga vil ta ansvar for ev. dans på Dalaneset. Deler av eventuelt overskott skal tilfalla MGU.

 

 

   
  Ymse.

1)      Bømlopakke 2:

Knut Magne Totland og Tony  Hidle har på vegne av MGU sendt et brev til administrasjonen i kommunen og til dei politiske gruppeleiarane. I skrivet peikar dei på manglande satsing på Fylkesveg 15. (Totlandsvegen/Grindheimsvegen)  Dei hadde også presentert dei faktiske forholda til rådmannen i eiga møte 18.10.16.

Knut Magne Totland hadde ei grundig gjennomgang av det store og omfattande arbeidet og dei funna han hadde gjort til styre i MGU. Knut Magne Totland fekk ros for arbeidet og har fullmakt frå styre til å følgje opp saka.

Som vedlegg til referatet finn du kopi av brevet som er sendt og ein samanliknande power point presentasjon av funna i arbeidet.

2)      Ny storhall på Bremnes.?

Bremnes Idrettslag har laga ein prosjektgruppe som skal sjå på om det er mogeleg å byggja ein ny stohall på Leite.

Leiar i Moster Idrettslag har sendt ein E-post til styret i MGU der han gjer greie for nokre reservasjonar mot planane/deltaking i prosjektet.

Moster Grendautval skal å fokus på bygda. I vedtektene § 2.1. står: Grendautvalet skal vera bygda sitt talerøyr og høyringsinstans i alle saker som vedkjem bygda sitt ve og vel, og ein pådrivar for ei god utvikling i bygda.

Styret vil gjerne komme tilbake med eit svar stilt i E-post, når vi har fått undersøkt litt meir.

3)       Innspel til overordna helseplan.

Moster Grendautval vil gje innspel til planen i tråd med tidlegare initiativ i saka.

I uttalen vil vi også be om å få komma med uttale til framtidige handlingsplanar som vedkjem bygda vår.

4)      Røyksundkanalen og mudringsarbeidet.

Arbeidet er i rute og er ferdig på austsida av brua. Arbeidslaget tek nå ein pause frå dette prosjektet og vil ta opp resten av arbeidet på vestsida av brua seinare. I denne perioden av prosjektgruppa arbeide med restfinansiering.

5)      Gruveprosjektet.

Er det mogeleg at området blir overført til Friluftsrådet Vest sin administrasjon???

6)      Infoskriv til lag og organisasjonar/bedrifter med invitasjon om betre dialog og samarbeid.

Framlegg til eit slikt skriv skal presenterast  styret i neste møte.

   

Knut Martens

Referent

Referat (1) 20.09.16

mgu-logo

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   20.09.16.

Stad:   Moster Elektro sine lokaler (gamle banken)

Tilstades:       Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar. Referent.

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Toni Hidle.                              Styremedlem.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring  Røyksundskanalen.)

Asbjørn Andre` Sætre:           Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

                        Tor Inge Stussvik.                    Styremedlem.

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
1 Referat siste styremøte:

 

2 Prosjekt Helsefremjande lokalsamfunn.

 

Bømlo kommune fekk I 2015 melding frå HFK om at dei, saman med tre andre kommunar fekk ta del i  eit treårig prosjekt som heiter HELSEFREMJANDE LOKALSAMFUNN. Moster saman med Rubbestadneset og Espevær representerer kommunen i dette prosjektet.

Prosjektet har som hovudmål:

Bømlo kommune, med ein desentralisert busetnad, skal ha nærmiljø og lokalsamfunn som bidrar til å fremje folkehelsa der folk bur.

Delmål 1:

Auka kunnskap om korleis nærmiljøet påverkar folkehelsa i små lokalsamfunn, og om ulike nærmiljø i same kommune gir ulike påverknad på helsa. Identifisere positive og negative faktorar i dei ulike lokalsamfunna.

Delmål 2:

Testa ut kombinasjonar av ulike metodar for kartlegging av folkehelse og nærmiljø.

Delmål 3:

Utvikle eigne metodar for samarbeid mellom kommune og nærmiljø, gjennom å utvikle grendalaga som paraplyorganisasjon og talerør for frivillige organisasjonar og befolkninga i lokalsamfunnet, og som mellomledd mellom lokalsamfunnet og kommunal administrativ og politisk leiing.

Delmål 4:

I samarbeid med nærmiljøet og grendalag legge grunnlag for konkrete tiltak som kan utvikle nærmiljøet i helsefremjande retning. Mobilisering og eigarskap er viktige faktorar.

Konklusjon:

Mostersamfunnet er heldige som får ta del i dette prosjektet.

Moster Grendautval har tatt på seg å gjennomføra ei anonym spørjeundersøking i veke 42, 43 og 44. Vi skal bruke nærbutikken som utgangspunkt.

Moster Grendautval vil informera betre og få til betre kommunikasjon med lag/organisasjonar og lokal bedrifter.

Saksliste og referat frå styremøter vil bli lagt ut på Facebook sida. TV skjerm i nærleiken av «minibanken» for ulike oppslag.

Gerd Nancy er lokal kontaktperson i prosjektet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Toni Hidle.

 

Isak Grindheim.

 

 

 

 

3  Forprosjekt Julegateopning.

26.11.2016. kl 15.30. blir det julegateopning og julespel.

Arbeidet er i gang og mange lause trådar skal knyttast saman til eit fint arrangement for store og små.

(Lene Løtvedt etterlyser skodespelarar til sitt utvida julespel. Tlf. 41226766)

Konklusjon:

Det er framleis nokre utfordringar med å sy saman eit så stort arrangement, men vi er i rute.

Det har blitt arrangert førjulsdans på Dalaneset dei siste åra.

Det er ikkje heilt klart kven som skal stå som arrangør i år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gerd Nancy er aktiv også her.

4 Ymse:

TV aksjonen 23.10.2016.

Årets aksjon går i år til Røde Kors.

Grete Sivertsen har ansvar for dette og har med seg m.a.:

Kåre Spissøy, Unni Seim, Frank Smith, Sissel Johannesen, Heidi Nimonsen og Morten Helland.

Røyksundkanalen og mudring.

Arbeidet er i rute, men prosjektet treng meir kapital på   grunn av trong for meir sprenging.

Viser her til oppslag i loklavisa.

 

 

Ungdomsklubben og betalingsautomat.

Klubben har trong for å betjena ein betalingsautomat.

Dette er under arbeid.

Undersøke i kommunen korleis tilskott kr. 100.000 kan nyttast.

 

 

 

 

 

 

 

 

Grete Sivertsen.

 

 

Reinert Røksund.

 

 

Isak Grinheim.

 

Knut Martens

Referent

Julespel 2016, 26.11.16, klokka 15:30 i Moster Amfi.

skann_20161005-2

Årsmøtet 26 Mai.

På årsmøtet i Moster Grendauval den 26. mai vart fylgjande personar valt inn i styret:

 

Knut Martens, NY

Tor Inge Stusvik, NY

Tony Hidle

Asbjørn A. Sætre

Gerd Nancy Notland

Grethe Sivertsen

Isak M Grindheim

Reinert Røksund

 

Valnemnd:         Ingvald Grindheim

Kåre Spissøy

 

Revisorar:           Johannes Grindheim

Toralf Steinsland

 

På styremøtet den 15.august konstituerte styret seg slik:

 

Leiar:                    Gerd Nancy Notland

Nestleiar:            Knut Martens

Kasserar:             Grethe Sivertsen

 

Moster Grendeutval ber om at all e- post som skal til leiar vert sendt til e-postadresse: gerd.nancy.notland@haugnett.no,  tlf: 90 66 36 76, med cc. Til Knut Martens knutsorginale@gmail.com, 905 05 092

 

Postadresse Moster Grendautval er: Postboks 42, 5447 Mosterhamn

 

For Moster Grendautval

 

Gerd Nancy Notland

-leiar-