Næringsutvikling

Synergiar frå arbeidet i lokale delprosjekt skal inspirerast frå Moster Næringsforeining som har kompetanse innan idéutvikling, entreprenørskap, rådgjeving og koordinering. Innspel frå ungt entreprenørskap i skulen, fritidsklubben, kultursatsingar, knoppskyting kan brukast for å få til ei lokal dynamisk næringssatsing.

Nærleik til lokal inkubator (Atheno i Bømlo Næringspark) skal brukast for bygging av kompetanse innan mobilisering, entreprenørskap og grunder-ånd. Arbeidet vil gå på tvers av dei fleste delprosjekta for å skape ein driv mot berekraftig og heilskapleg utvikling i alle satsingane.

Eit relatert prosjekt innan dette feltet er ”Ny næring i gamle bygg i strandsona”, der Tollhagen i Mosterhamn er aktuell deltakar. Her må driftsfom, eigarskap og bruken av bygget utviklast til nytte for lokalmiljø og den kultursatsinga som er representert her.

Ansvarleg: Kåre Spissøy (2011-2012), Ingvald Grindheim (2013- )

I møte Næringsforeningen hausten 2012 var det bestemt av foreningstanken skulle gå vidare som eit Næringsforum som inntil vidare ligg under MGU. Ansvarleg: Ingvald Grindheim og Kåre Spissøy

Næringsutviklingsarbeidet går vidare som eigen aktivitet med ansvarlig Ingvald Grindheim.