Oppgradering av Røyksundkanalen

Røysundkanalen, innløp frå aust i 2012

Røysundkanalen, innløp frå aust i 2012

Det er no 30 år sidan forrige mudring i Røyksundkanalen. Grunneigarar og andre interessentar har i lengre tid etterlyst ei oppgradering av kanalen. Ein ser at det no kan vera eit godt høve til å ta tak i dette då kommunen i regi av Bømlopakken skal byggja ny bru og veg i områda. BVA skal fjerna delar av slangar om ligg i kanalen og få desse i vegtraseen.

Det er etablert ei Prosjektgruppe for Røyksundkanalen under Moster Grendautval med målsetjing om å få til ei mudring og oppgradering i kanalen. MGU har brukt midlar på eit forprosjekt i 2012/13 for å kartlegga kostnader og omfang av heile prosjektet.

Prosjektgruppa vil utvikla dette prosjektet vidare i tett samarbeid med grunneigarar og kommunen med mål om ei realisering i løpet av 2014.

Prosjektet har så langt fått støtte og tilsagn på følgjane støtte:

  • 50 000 fra Moster Grendautval
  • 250 000 frå finnås kraftlag
  • 100 000 frå Sparebank1 SR bank stifltelsen ( ofisiell overrekking 17. desember)
  • 150 000 frå Eidesvik Invest AS ( over ein 3 års periode)

Ei stor takk til våre støttespelarar som bidreg til at dette viktige prosjektet kan realiserast.

Meir informasjon om prosjektet fins i her:

Røyksundkanalen prosjektbeskrivelse

Røyksundkanalen forprosjekt rapport 8.2.13

Kontaktperson:
Reinert Røksund
tel 900 77 102
mail: reinert.roksund@haugnett.no

One comment

  1. Reinert Røksund sier:

    Prosjektet fekk i vår omlag 250 000 kr frå Finnås kraftlag.