Plan for 2012

Moster Grendautval

har arbeidd med ulike saker knytt til utvikling av bygda vår.

Først og fremst er det gjort eit godt arbeid med å kommentere på høyringsutkastet for revidert kommuneplan for Bømlo kommune. Her gav grendautvalet eit omfattande innspel hausten 2009, og no dryge 2 år etter har arbeidet vore på høyringsrunde. Innspelet frå grendautvalet finn ein under fana INNSPEL TIL KOMMUNEN.

Det er gitt eit realtivt omfattande innspel om at Mosterhamn bør inngå som del av verdiskaping på kulturminneområdet. Dette er ei ordning som er styrt frå fylket der Norges Vel spelar ei sentral rolle.

Det siste som er arbeidd med er ny livOGlyst søknad. Me fekk den 24/2 melding om at me var prekvalifisert til hovedsøknadsrunden- med frist 12/3. I den ny søknaden legg me vekt på å jobba fram konkrete saker for bygda, som skal påverka trivsel, aktivitet, og det at me har det kjekt saman!

Comments are closed.