Archive for admin

REFERAT FRÅ MØTE MELLOM «LOKALE POLITIKARAR», RÅDMANNEN I BØMLO KOMMUNE OG STYRET I MOSTER GRENDAUTVAL. 09.05.17.

REFERAT FRÅ MØTE MELLOM «LOKALE POLITIKARAR», RÅDMANNEN I BØMLO KOMMUNE OG STYRET I MOSTER GRENDAUTVAL.

Møtetid:              09.05.17. kl 19.00 – 21.00.

Møtestad:           Moster skule.

 Desse møtte:

Politikarar:                                              Morten Helland, Knut Fauskanger, Aslaug W. Skimmeland, Unni Seim og Heidi Nimoson.

Kommuneadministrasjon:            Rådmann: Geir Ebbesvik Aga, Folkehelsekoordinator: Anne-Beth Njærheim, Rektor på Moster skule, prosjektgruppa: Merete Fjellheim.

Styret i Moster Grendautval:      Gerd Nancy Notland,  Knut Martens, Asbjørn Andre`Sætre, Grete Sivertsen, Tor Inge Stussvik.

                                                                       Monica E. Totland og Tony Hidle hadde meldt forfall.

Møte hadde skriftleg innkalling med saksliste.

Målet med møte var å informera kvarandre om aktuelle saker som opptek oss, drøfta desse sakene og

gensidig avklara forventningar vi har til kvarandre.

  • Vetahaugen/Mostrapark.

På  grendamøte vi hadde 21.03.17 var ein av ideane om ting som burde gjerast på Moster at Vetahaugen som stadig blir meir og meir overgrodd og burde ryddast slik at krossen kom fram. Toralf Steinsland var den som bar fram dette. Han har sagt seg villig til å få i gong ei slik rydding på dugnad. Rådmannen opplyser at det er kommunen som eig Vetahaugen og ser positivt på ein ryddeaksjon.

Under drøftinga kom det fram:

For å sikra at sjeldne planter i område ikkje blir fjerna, bør ein ta kontakt med Asbjørn Knutsen som har stor kompetanse på floraen på Moster.

Kanskje arbeidslaget til Bjørn Jordal kan hjelpa til med arbeidet?

Leiar for uteseksjonen i kommunen Vardan Vardanjan bør kontaktas.

Kanskje det er midlar til å gjere området enda meir attraktivt med midlar frå eit kommunalt utsmykningsfond?

Lokal kontaktperson er Toralf Steinsland.

 

  • Tollhuset/Tollhagen.

Rådmannen informerte om at det nå er inngått ein 8-årig avtale mellom Bømlo Kommune (som eigar) og Bømlo Teater som skal drifte hus og hage. Det kan vera aktuelt for Bømlo kommune å nytte eigedomen til representasjon.

 

  • Mosterhamn og framtid.

Kommunen eige nå både molo og kaiområde og er positive til alle innspel som kan auke kvaliteten og bruken av område.

I drøftinga kom det fram:

Det er stor trong for gjestehamn.

Det er også trong for oppstillingsplass med fasilitetar  for bobilar.

I samband med prosjektet Helsefremjande  Lokalsamfunn, som Moster er med i,  har høgskulen sagt at dei gjerne vi nytte framtidig bruk av havneområde som praksistilfelle for arkitektstudentar, til hausten.  Ein tenkjer då at dei lagar ei skisse med forslag til korleis ein kan utnytta området på beste måte. Den kan verta til hjelp i det vidare arbeidet. Det blir då viktig å få til eit god samarbeid mellom høgskulen og lokale initiativ.

  • Utbetring av kommunal kai og ny småbåthamn i Grindheimsvågen.

Rådmannen seier at det kjem opp ei prinsippsak før ferien som skal avklare kva kaiar kommunen i første omgang skal ruste opp. Rådmannen går inn for å ruste opp kaien i Grindheimsvågen, gjerne i samarbeid med lokale aktørar for å sikre småbåthamn. Når ein samarbeidsavtale skal godkjennast vil kommunen nytte grendalaget som høyringspart . Det er viktig at vi lager nye møteplassar og at allemannsretten blir ivareteke.

Det kan bli ein utfordring å legge til rette for nok parkeringsplassar. Moster Grendautval skal ha saka til høyring før politisk handsaming.

  • Moster skule/Moster Idrettslag og trafikksikring.

Moster skule og Idrettsanlegget har i dag kvar sin utkjørsel. Kommunen vil vurdere å lage ein felles utkjørsel for begge anlegga.

  • Røyksundkanalen.

Prosjektet er i sluttfasen. Arbeidet som gjenstår må gjerast når byggearbeidet med ny bru er ferdig og den gamle brua er fjerna. Kommunen har vore ein viktig samarbeidspart og bidragsytar.

 

  • 2024 – Riksjubileum på Moster.

I 2024 er det 1000 år sidan «kristenretten» blei opplest og vedteken i landet vårt. Det skjedde på Mostratinget i 1024. Dette blei også starten på det rettssamfunnet vi kjenner i dag.  Det skal etablerast ein prosjektgruppe som skal vera med å utforma innhaldet i denne feiringa. Kommunen ber  Moster Grendautval velje ein representant til denne gruppa.

  • Trafikksikring Fylkesveg 15 Grindheim – Totlandsvegen.

Dette prosjektet ligg inne i Bømlo pakke 2. Det er bevilga kr 850.000,- til trafikksikringstiltak, merka veglys Totland-Grunnavågen.Gledeleg.

Det må setjast igong arbeid med reguleringsplan.

I spørjeundersøkinga (Helsefremjande Lokalsamfunn) kom det fram at mange kunne tenke seg betre kollektivt  skysstilbod. Her blei Grendautvalet utfordra å konkretisera ynskja. Det blei også informert om at KID(kollektiv i disrikta) kan søke fylkeskommunen om midlar til mindre kollektivtilbod, t.d.som ein minibuss som køyrer ei rute(t.d.handlerute).

  • Strandrydding 2017.

Årets rydde- aksjon er ferdig og store mengder søppel er samla inn. Ein tek sikte på at dette skal bli ein årleg aksjon og kommunen vil etablere permanente systemer med SIM for praktisk gjennomføring.

Det blei peika på at det er positivt dersom lag/organisasjonar kunne honorerast for deltaking.

Ulike former for finansiering blei nemnd.

 

  • Ungdomsklubben og drift.

Klubben er i drift kvar tysdag og føl skuleruta. Klubbkveldane møter mellom 30 og 35 ungdommar.

Klubben har reorganisert drifta. Dei er nå registrert som eige ansvarområde i Brønnøysundregisteret.

Nokre foreldre er hjelparar til drifta medan det «daglege» blir ivareteke av eit ungdomsstyre, som har ulike ansvarsområde. Kommunen honorerer desse fire for den tida dei bruker i klubben.

  • Eldreomsorg/Omsorgsbustadet på Moster.

Dette er ei sak som opptek mange på Moster.

Moster alderspensjonat er eit tilbod til eldre på Bømlo. Brukarane  på alderspensjonatet får same oppfølging av kommunen som ein ville fått om ein budde i sin eigen bustad. Behovet er bualternativ med betre bemanning. Lokalitetane er nedslitne og treng fornying. I dag er det berre 4 av dei 10 leilighetane der som er utleigde. Det som fleire tok til orde for, var at ein treng eit tilbod som ligg mellom eigen heim og sjukeheim. Det må vera fleire trinn i «veferdstrappa».

Moster Grendautval sitt innspel til Plan for helse og omsorg 2017-2027, seier  at det  me ynskjer på Moster er omsorgsbustader med heildøgnssbemanning,  og fast personalbase med helsearbeidarar på Moster. Moster Grendautval har og understreka at ein ikkje må fasa ut Moster Alderspensjonat før eit betre eldretilbod er på plass på Moster.

Vi er gjennom pressa blitt gjort kjent med at det i privat regi skal byggjast fleire nye leiligheter sentralt på Moster. Det blei utrykt ein viss frykt for at desse kunne erstatta alderspensjonatet. Dette blei tilbakevist av rådmannen, noko han grunna med at nye slike  leiligheter ikkje kunne dekke behovet for tilrettelagte bustader. Ein måtte tenke både og. Det blei  også sagt at ein måtte sjå på dette problemområde i eit større perspektiv når kommunal plan skal rullerast.

Svara i spørjeundersøkinga var heilt klar på at ynskje frå dei eldre var å kunna bu lengst mogeleg i bygda si.

 

  • Planar for universell utforma turveg.

Moster Grendautval har fokus på dette over tid. Dei råda vi har fått er at vi må finne eit område som er forankra mot skule/barnehage/idrettsanlegg.

Det er vilje til deltaking i arbeidsgruppe som kan arbeide vidare med dette prosjektet.

Det blei i møte peika på at Friluftsrådet Vest hadde brei kompetanse og kunne hjelpe oss med å inngå grunneigaravtalar,- når vi kjem så langt.

Morten Helland vil  har sagt seg villig til å vera med i gruppae til å jobbe fram universelt utforma turløype på Moster.

 

  • Planstatus for framtidig bruk av Prestnes­ – Austnes – Breivika.

Mosterhalvøya er den delen som kanskje har størst befolkningsvekst i kommunen. Mange nye  tomtar er byggeklare.  Då er det viktig at vi tek vare på dei friområde som framleis er.

Eit område som det i kommuneplansamanheng ved fleire høve har vore i fokus, er område som på kartet heiter Prestnes.  Rundt Prestnes/ Austnes/Breivika er det etablert merka tursti. Denne turløypa er mykje brukt av befolkninga. Det er for MGU viktig at dette område også i framtida kan vera eit rekreasjonsområde og ikkje nytta til industri.  Dette område heng også saman men friområde ved Breivika som Friluftsrådet vest har ansvar for. Etter MGU sitt sin må Mostraparken, Gruveområdet , småbåthamna, Breivike, Prestnes og Austnes sjåast i samanheng.  Rådmannen meinte at ettersom industriområde på Særklau har store disponible areal til sjø, og Rubbestadneset med sin store utbygging – ville dette dekke kommunen sitt behov for sjønære industritomtar i lang tid.

 

Til avslutning takka leiar i MGU takk for eit godt møte i ein konstruktiv og god tone, og uttrykte  ynskje om at det og ville komma konkrete ting ut av den positive dialogen. Møte var oppfatta så vellykka at det blei avslutta med applaus.

 

Knut Martens

Ref.

                                                                                                                                               

 

 

Referat frå styremøte i Moster grendautval 04.04.2017

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   04.04.2017

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen).

Monica E. Totland                  Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

                        Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Tony Hidle.                             Styremedlem. Meldt forfall.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem. Meldt forfall.

Tor Inge Stussvik                    Styremedlem. Meldt forfall.

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
14/17 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
15/17 Referat og meldingar:

·         Moster idrettslag og storhall på Bremnes.

Moster Idrettslag har vendt seg til Moster Grendautval vedk eventuell bygging av Storhall på Bremnes. Moster Grendautval ser det som naturleg at ev uttale i saka bør komma frå Idrettsrådet ettersom det er idrettens høgaste organ.

Moster Grendautval tek sikte på å invitera til eit møte med lokale politikarar som sit i kommunestyret og i utval i møte i mai. Vi vil då ta denne saka opp med dei.

·         Møte med lokale politikarar er sett til 09.05.17.

Dei som blir invitert er:

 

Kommunestyret:

NAMN ADRESSE TELEFON E-MAIL
Morten Helland Totlandsvegen 39

5440, Mosterhamn

93027497 morten.helland@gmail.com
Kåre Johan Thoresen Spissøy Betlehemsvegen 5

5440, Mosterhamn

91386469 kare@spissoy.com
Unni Seim Hestavollen 15

5440, Mosterhamn

97586264 unni.seim@haugnett.no
Aslaug Wathne Skimmeland Totolandsvegen 29

5440, Mosterhamn

91108329 aslaugskimmeland@gmail.com

Utvalsmedlemmer:

NAMN ADRESSE TELEFON E-MAIL
 

Frank Schmidt

Nordre Naustbakken 9

5440, Mosterhamn

41274145 frank.schmidt@haugnett.no
 

Haldis Martinussen

Åsen 42

5440, Mosterhamn

48215690 Haldis.martinussen@bomlo.kommune.no
 

Anfinn G. Tolås

Heio 8

5440, Mosterhamn

98282402 anfinn.tolas@gmail.com
 

Knut Fauskanger

Fangavikvegen 21

5440, Mosterhamn

97000774 knut.fauskanger@haugnett.no

 

·         Status Tollhuset og Tollhagen.

 

·         Gruveprosjektet og Friluftsrådet Vest.

 

Njål Gunnar Slettebø i BK opplyser at planlagt synfaring blir etter påske.

 

·         Universell utforma turløype.

Vi arbeider vidare med å etablera ein arbeidsgruppe som skal ha til oppgåve å førebu gjennomføring av eit slikt prosjekt.  Det er viktig at ein slik løype blir knytta opp mot skule/barnehage og idrett. Monica E Totland tek ansvar og initiativ i saka. Gerd Nancy Notland melder tilbake kven andre som kan ta del i arbeidsgruppa.

 

·         Komité for julegateopning 2017 .

 

Grete Sivertsen har sagt seg villig til å ta eit ansvar for arrangementet 2017.

 

·         Strandrydding våren 2017.

BK melder at det blir organisert strandrydding på Bømlo i perioden 28.04.17 – 02.05.17.

 

·         Prosjektet mudring av Røyksundkanalen.

Moster Grendautval har signert avtale med Bømlo Kommune om forskottering av faktura med Våge Anlegg på kr. 221875,-.

 

 

   
16/17 Konstituering av nytt styre i Moster Grendautval.

 

Gerd Nancy Notland held fram som leiar.

Knut Martens held fram som nestleiar.

Grete Sivertsen held fram som økonomiansvarleg.

Monica E. Totland har ansvar for prosjektet Universell utforming av ny turløype.

Reinert Røksund har ansvar for prosjektet Mudring av Røyksundkanalen til dette er avslutta.

   
17/17 Plan om opprustning av kommunal kai med småbåthamn i Grindheimsvågen.

 

Moster Grendautval stiller seg positivt til prosjektet. Det er viktig for Moster Grendautval at ålmenta får lik mogelegheit til å kjøpa seg inn i eit framtidig båtlag i tråd med dei vilkåra som  er beskreve i notat til Moster Grendautval «Utbetring av kommunal kai i Grindheimsvågen.»

 

   
18/17 Ymse:

Det var ingen saker under denne posten.

   

 

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte MGU 14.03.2017 Øremerka til Grendamøtet 21.03.2017.

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   14.03.20017

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Tony Hidle.                             Styremedlem.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem.

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Tor Inge Stussvik                    Styremedlem

Ikkje møtt/Kopi:

                        Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben. Meld forfall

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen). Meldt forfall.

Merete Fjellheim, rektor på Moster skule og prosjektleiar Anne-Beth Njærheim tok del under handsaming av sak 11/17.

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
10/17 Referat og meldingar:

 

·         Referat frå styremøte 07.02.17.

Referatet blei godkjent slik det føre.

   
11/17 Planlegging av Grendamøte 21.03.17.

 

Moster, saman med Espevær og Rubbestadneset er med i eit større prosjekt med tema HELSEFREMJANDE NÆRMILJØ.

Som ein del av dette prosjektet er det gjennomført ei spørjeundersøking om viktige trivselfaktorar i bygda vår. Dei som har delteke i undersøkinga er skuleelvar og vaksne i alderen 67 – 79 år. På eit grendamøte 21.03.17. skal resultata leggjast  og drøftast. Møte blir på Moster skule og det blir servering av mat.

Som ein del av programmet skal vi også drøfte korleis vi kan engasjere innbyggarane til å vera med å forme framtida.

 

Skisse for programmet:

 

Start kl 18.00.:

Leiar i Moster Grendautval ynskjer velkommen, presenterer bidragsytarar og fortel litt om programmet.

Presentasjon av Moster Grendautval og dei tinga vi har jobba med siste året.

 

18.15:

Prosjektleiar Anne-Beth Nærheim presenterer funna i undersøkinga.

18.30:

Servering av Pizza, brus, kaffe og kake. Oppmode deltakarane om å setje seg på nye plassar.

 

Etter litt mat og viktig drøs går vi over på drøftingsdel 2:

 

Dersom vi skal få det bedre,-må vi gjera det bedre saman.

 

Deltakarane får utlevert problemstillign 1:

Kva bryr du deg så mykje om – at du vil gjera noko med da??

 

Tema som kjem fram blir skreve ned på t.d. «post it lappar» og heng opp på tavle/flip over.

 

Deltakarane får utlevert problemstilling 2 og 3 og drøfter desse ved borda.

Problemstilling  2: Kva eigenskapar, kunnskap og engasjement kan du bidra med?

Prolbemstilling 3: Kva skal til for at andre skal engasjera seg i dette tema?

Litt avhengig av tid vi har til disposisjon er det nyttig å få referert kva ein drøfta på dei ulike borda. Vi må sikkert avsetjje tid til pause før årsmøte startar kl 20.00.

 

   
12/17 Planlegging av Årsmøte for 2016.

 

Årsmøte skal handsama desse sakene:

 

1)      Val av ordstyrar og referent.

2)      Godkjenning av innkalling og saksliste.

3)      Årsmelding 2016.

4)      Revidert rekneskap.

5)      Framlegg til budsjett.

6)      Eventuelle innkomne framlegg.

7)      Val.

 

Vedk pkt 3 og 4: Årsmeldinga og rekneskap er under arbeid, noko arbeid gjenstår.

   
13/17 Ymse.

Ingen hadde saker til denne posten.

   

 

Knut Martens

-Ref-

Årsmelding MGU 2015.

MOSTER GRENDAUTVAL

– Årsmelding 2015 –

 

Styret for 2015 har vore:

 

Leiar:                                            Ingvald Grindheim

Nestleiar:                                   Roy Fimland

 

Styremedlemmer:                  Tony Hidle, Asbjørn A Sætre, Gerd Nancy Notland, Isak Grindheim, Reinert Røksund, Kåre Spissøy, Grethe Sivertsen

 

Valnemnd:                                 Magne Pedersen, Odd Asle Borlaug

 

Revisorar:                                   Heidi Torkelsen Fagervik, Thorleif Holme

Prosjekt:     Røyksundskanalen                                         Reinert

Prosjekt:     Næring                                                                Roy, Tony,

Prosjekt:     Ungdomsklubb                                                Isak, Heidi, Aslaug, Per C

Prosjekt:     Julegate / førjulsfest                                     Gerd Nancy, Tony

Prosjekt:     Tur og friluft                                                      Knut Magne, Sissel

Prosjekt:     Santiago                                                             Kåre

Prosjekt:     Kommunale planar, politikk                        Asbjørn, Reinert

Prosjekt:     Velkommenfalder                                          Grethe

Prosjekt:     TV aksjon                                                           Sissel, Grethe

Prosjekt:     Mostraparken                                                  Kåre, Lene


1          GENERELT

 

MGU har i 2015 hatt nok eit aktivt år, med fokus på utvikling av Moster. Det har vore fleire samlingar med bygda – og grupper i bygda – mange har vore involvert.

 

Hovudaktivitetar i 2015:

  • Ungdomsklubb
  • Røyksundskanalen
  • Turgjengen på Moster
  • Julearrangement
  • Poltikarmøter og valmøte med debatt
  • Moster omsorgsområde
  • Santiago seminar

 

Styret oppfattar at aktivitetane i 2015 har stadfesta at Moster Grendautval bør vera eit sentralt lag i utviklinga av Moster regionen. Når det er sagt bør Moster Grendautval heile tida utvikle seg, bli betre, så potensialet for forbetring i 2016 er heilt klart til stades.

 

 

2          AKTIVITETAR 2015

 

MGU har i 2015 arbeidd med følgjande saker:

 

Dynamiske Mosterhamn

3-årig Liv og Lyst prosjekt støtta av Innovasjon Norge, Hordaland Fylkeskommune og Bømlo kommune, i tillegg til andre finansieringskjelder. Går over 3 år 2012-2014. Prosjektet har i 2015 levert inn sluttrapport.

 

Hovudområder for dette prosjektet har vore:

  • Omdøme og identitet
  • Bygde og tettstadplanlegging
  • Santiago
  • Næringsutvikling
  • Idébank
  • Marinarkeologi og dykking
  • Møteplasser og ungdomsklubb

Julegate i sentrum

Dato for julegateopning var  28.november. Arrangementet er samarbeid mellom MGU, Moster Sentrum, Moster Amfi, Moster Drill og Skulekorps.

 

Det var eit svært vellukka arrangement som fekk gode tilbakemeldingar frå publikum og fin omtale i pressa.  Det starta i Moster Amfi, vidare gjekk ein i prosesjon gjennom religionshistorisk senter opp til kyrkjebakken utanfor den gamla kyrka. Der vart det framført vakkert juletablå, og det store juletreet med kuler og lys vart tent. Det vart og tent lys i alèen på Svendsamyra. Prosesjonen med julenisse med hest og vogn framføre flott fakkeltog enda opp ved butikkane i Sentrum. Her delte nissen ut godteposar til borna, og Moster drill hadde oppvisning. Butikkane kåra Årets Mostring! Dette unike adventsarrangementet bitt saman Moster Amfi, Mostraparken og sentrum.

 

Arrangementet krev mykje arbeid, men me håper å få dette til å bli ein tradisjon.

 

Turgjengen på Moster       

Det er kjekt og melda om flittig bruk av turløypene på Moster, veldig mange mostringar og tilreisande er å sjå løypene. Året har blitt brukt til å ferdigstille og vedlikehalde alle løypene som er blitt laga i regi av Turgjengen.

 

Turløypa i Totlandsskogen har i 2015 blitt brukt som ei av løypene i Bømlo Turlag sine «10 Toppturer», og løypa har vore med i Frilivsrådet-Vest sine «Tellturer-2015». Turgjengen på Moster blei kåra til «Årets Mostring -2015» og fekk pris for dette under Førjuls festen på Moster.

Turgjengen har i 2015 også trekt og delt ut premiar til heldige brukarar av løypene på Moster.

 

Me har ein framtidsdraum om å få realisert ei universell turløype, lysløype på Moster. Me trur at

ei slik løype vil vera enklast å realisera i Grindheimskogen med tanken på økonomisk stønad då ei slik løype vil gi tryggare skuleveg og knytte boligområder saman. Turgjengen på Moster slik den fungerer i dag, har ikkje kapasitet til å realisere dette. Eit vidare initiativ bør helst komma frå grunneigarar av skogen i samen med bebuarar i området  i samarbeid med Grendautvalet/ Turgjengen/ kommunen.

Moster Omsorgsområde

MGU har ei gruppe som har jobba for å få til betre tilbod for eldre på Moster. Gruppa har i 2015/16 hatt møter med leiande personar som har med helsetenester i vårt område å gjera. Gruppa skreiv brev til politikarane før kommunevalet, og har hatt innlegg i lokalpressa.  Moster Alderspensjonat vart bygd ca. 1960, og treng  fornying. Moster treng ein mellomstasjon mellom det å bu i eigen bustad og sjukeheim. Moster Alderspensjonat treng fornying, betring og omdefinering av tilbodet.

 

Me treng: Omsorgsbustad med heildøgnsbemanning  og fast personalbase på Moster.  

Gruppa frå MGU skal vera med når planen Kommunedelplan Helse-sosial-omsorg skal rullerast våren 2016. MGU er og engasjert i prosjektet  Helsefremjande lokalsamfunn.

 

Røyksundskanalen

I løpet av 2015 har prosjektet hatt god framdrift og er godt i gong med realisering. Sikring av kantar langs gamle bygningar ved brua er ferdigstilt. Det er inngått avtale om utføring av hovudprosjektet med Waage Anlegg AS. Alle godkjenningar og løyver frå kommune og fylke er på plass. Mudring har planlagt start i mai 2016, forventa anleggsperiode 3 månader (i tillegg kjem ein månad fellesferie).

 

Kommunen har bidratt med 2 millionar til prosjektet i tillegg til mange andre aktørar (sjå rekneskap). Me manglar framleis noko midlar men dette kjem an på om ein får momskompensasjon eller ikkje. Prosjektet vil verta satt i gang sjølv utan fullfinansiering så vil me eventuelt måtte avslutta når det er tomt for pengar. Siste rest vil uansett måtte takas etter ny bru er bygd i Røyksund, då Vegvesenet skal reinska opp under bygge området.

 

Ungdomsklubb

Ungdomsklubben har hatt eit aktivt år i flotte lokale som ungdommen sjølv har vore med å fiksa på. Lokala vært også nytta av kaffiklubben.

 

Santiago prosjektet – Marinarkeologi og Dykking

Prosjekt for å fokusere på leiting og undersøking av historia rundt Santiago-forliset. Samarbeid mellom Bømlo Sportsdykkere og Moster Museum.

 

Næringsforum

Det har vore få fellestreff og samlingar for næringa på Moster i 2015. MGU ynskjer at etablerte bedrifter samlast for å diskutere muligheiter, samt at nye bedrifter etablerer seg på Moster. MGU ynskjer i 2016 å få til møte med Atheno og kommunen. Dette for informasjon og dialog for alle som ønsker å starte bedrift samt tips til eksisterande bedrifter på Moster.

 

Det har i 2015 vore dialog og møter med rådmann i Bømlo Kommune angåande næring og satsing på Moster. Me har også hatt dialog med Statens Vegvesen angåande gangfelt, gangsti og avkjørsler i Mosterhamn sentrum, samt kommunen sitt eventuelle sal av «ferjekai» område/areal i Mosterhamn,

 

I forbindelse med Julegateåpning har bedriftene i sentrum møttes fleire gonger.

 

Det vart kalla inn til møte med Rådmann og Vegvesen i desember 2015, og møtet var 7. januar 2016. Dette var eit særmøte angåande vegen frå Salem og ned til Sentrum, og generelt om Bømlopakken.

Mange bedrifter frå Moster var invitert og ein del stilte opp.

 

 

 

4          ØKONOMI (revidert årsrekneskap)

 

MGU har fortsett ei relativ stor omsetning, i all hovudsak med årsak i Røyksundskanalen og Dynamiske Mosterhamn prosjektet.

 

 

Merknader:

  • I beløpet til disposisjon ligg det kr 174 509 avsett til Røyksundkanalen

 

5          ÅRSPLAN 2016

 

MGU vil ha følgjande fokusområder i 2016:            

  • Omdømebygging Moster
  • Dei gamle på Moster – Eldresenteret
  • Dei unge på Moster – Ungdomsarbeid
  • Næring på Moster
  • Planarbeid, vegarbeid
  • Tur og friluft
  • Santiago (seminar og spel)
  • Mostraparken

 

Mosterhamn  april 2016

Styret

Referat frå styremøte MGU 07 feb.

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   07.02.20017

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Tony Hidle.                             Styremedlem.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Asbjørn Andre`Sætre:            Styremedlem.

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Ikkje møtt/Kopi:

                        Tor Inge Stussvik.                    Styremedlem. Meldt forfall.

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben. Meld forfall

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen). Meldt forfall.

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
5/17 Referat og meldingar.

 

·         Referat frå styremøte 10.01.17.

Referatet blei godkjent slik det låg føre.

·         Bremnes Idrettsråd sitt kurs i søknadsskriving.

Det var ingen frå MGU som hadde høve til å møta. Vi har fått kursmateriellet frå ein kursdeltakar. Vi undersøker om det kan delast på Facebook.

·         Skilting av turstiar.

Avkøyring til turstien/parkering til Totlandsmarka, er vanskeleg å finna.

Dette må vi ordna og slike prosjekt kan vi søke midlar til å få gjort.

·         Varaordførar Morten Helland har sendt oss E-post.

I E-posten nevner har ein del oppgåver som kan vera aktuelle for MGU. Han vil gjerne bli invitert til eit styremøte og drøfte dette.

Det er positivt at lokalpolitikarar tek kontakt og viser interesse for arbeidet vårt.

Styret vil gjerne invitere varaordførar og andre lokale politikarar til eit dialogmøte.

·         MGU får melding om at sykkel og gangvegen på Espelandsmyra sig i terrenget.

Vegvesenet er kontakta og skal vurdere dette saman med ein del andre forhold på veg og gangveg.

 

   
6/17 Orientering om Gruveprosjektet v/Bjørn Dahl.

 

Bjørn Dahl gav ein fyldig orientering om arbeidet som er gjort fram til nå. Bakgrunnen er at det er ynskjeleg å vurdere eit samarbeid med Frilutsrådet Vest.

·         Arbeidet starta ca år 2000..

·         Initiativet var ein gruppe foreldre.

·         Hadde møte med kommunen, Moster Amfi og Velforeninga aust.

·         Mykje arbeid er gjort til nå:

Planert gruvegang, etablert badestrand, restaurert gruvegang.

·         Vedtektne vedtekter for arbeidet i Gruveprosjektet.

·         Inngått 20årig lånekontrakt med kommunen i 2008. Gruveprosjektet av avtalepart.

·         Etablert boder for kiosksal, leikeplass, etablert sandvolliballbane, båtopptrekk for småbåter, gjestekai, fotballbane.

·         Har lagt til rette i Mostratunet for ulike aktivitetar og har hatt vedlikehald av Tollhagen.

·         Har mange planar på tapetet.

·         Det er stor interesse for å vurdere eit samarbeid med Friluftsrådet Vest

 

Konklusjon:

 

1.      Knut M har vore i kontakt med kommunen og det vil bli arrangert ein synfaring saman med Friuftsrådet Vest, Gruveprosjektet og MGU der eit framtidig samarbeid er tema.

2.      MGU tek kontakt med Bømlo kommune for å få orientering om status vedk Tollhuset/Tollhagen.

   
7/17 Søknad om midlar til dekking av litt grus på turvegen i Totlandsskogen.

Turvegen er frå parkeringsplass noko sørpete i perioder.

MGU gjorde vedtak om at vi vil støtte grusing av vegen med 3500 kroner.

 

   
8/17 Forprosjekt/møte om universelt utforma turløype på Moster.

 

Det blir eit møte med Bømlo Turlag 23.02.17. for å få læra litt om dei erfaringar dei har gjort seg med eit slikt arbeid.

   
9/17 Innspel frå MGU. Høyringsuttale Bømlopakke 1 og 2.

 

MGU har sendt høyringsuttale vedk Bømlopakke 1 og 2.

Vi må sjekke at dette er gjort formelt korrekt. GNN undersøker.

   

 

 

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 10.01.17.

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   10.01.17

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Reinert Røksund.                  Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund-kanalen)

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg.

Ikkje møtt/Kopi:

                       

Tor Inge Stussvik.                    Styremedlem. Meldt forfall.

Tony Hidle.                             Styremedlem. Meldt forfall.

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem. Meldt forfall.

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
1/17 Referat og meldingar.

 

1)      Referat frå møte 15.11.16.

Referatet blei godkjent slik det låg føre.

2)      Bremnes Idrettsråd inviterer til kurs i søknadsskriving 21.01.17. kl 10.00 – 15.30.

Tema for dagen:

• Det store «havet» av tilskotsordningar.

• Korleis finne frem i tilskotsjungelen.

• Korleis byggje opp ein elektronisk søknad.

• Dei fem grunn elementar i ein søknad.

• Gode døme og suksesshistoriar.

• Korleis kan same søknad sendast til fleire kildar.

• Korleis dele opp eit prosjekt i mindre einingar.

• Korleis få innsyn i andre sine søknadar?

• Gode og enkle døme.

 

Det vert enkel servering og dykk får elektronisk kompendium. Difor er det naudsynt med påmelding!!

Påmelding til leiar i Idrettsrådet Roger Møgster, mobil 906 00 525 epost: roger.mogster@gmail.com.

 

Vi oppmoder Moster Grendautval sine medlemmer til å søke deltaking på kurset.

 

3)      Melding frå leiar i turgjengen.

Sissel Johannessen melder at ho vil ha avløysing som leiar i turgjengen.

Turgjengen har gjort ein kjempejobb med turstiar i lokalmiljøet vårt. Tusen takk for jobben som er gjort. Nå blir målet å finna ein ny leiar som kan vera med å utvikla og vedlikehalde eksisterande turløyper og kanskje setje i verk nye prosjekt.

 

4)      Status Mudring Røyksundkanalen.

Arbeidet går mot ferdigstilling. Eit positivt prosjekt som har hatt mange bidragsytarar. Kystverket har bidrege vesentleg,  men også private aktørar som Alsaker fjordbruk og Fylkesnes fisk har gitt tilskott til arbeidet. Tusen takk til dei. Kystverket vil ha ein befaring for å sjå på ny merking og nye stenger.

 

5)      Vidare arbeid med Helsebringande Lokalsamfunn.

 

Arbeidsgruppe nedsett av MGU skal jobbe vidare med prosjektet i eiga møte 25.01.17, kl 17.00

   
2/17 Møteplan for styret i MGU våren 2017.01.11.

 

10.01., 07.02., 14.03., 04.04., 09.05. og 13.07.

 

Årsmøte blir truleg i samband med eit grendamøte 21.03.17.

   
3/17 Julearrangement, førebels oppsummering.

 

Det vil bli kalla inn til eige møte med alle aktørar der arrangementet 2016 vil bli evaluert. Det er laga eige evaluerings-skjema til dette møte.

   
4/17  Ymse.

 

1)      Prosjektet Helsebringande Lokalsamfunn.

 

Det vil bli arrangert eit grendamøte der sentrale aktørar i prosjektet vil ha ein dialog med krinsen, der resultatet av spørjeundersøkinga mellom unge og eldre vil vera sentrale tema.

 

   

 

 

Knut Martens

-Ref-

Bilete til oppstartsmelding for prosjektet fv.542 Notland-Mosterhamn i Bømlo kommune.

skjermbilde

Oppstartsmelding for prosjektet fv.542 Notland-Mosterhamn i Bømlo kommune.

statens-vegvesen-logo

 

Behandlende enhet: Saksbehandler/innvalgsnr: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato
Region vest Haakon Aarøe 16/143138   23.11.2016

Varsel om oppstart av planarbeid Fv.542 Notland-Mosterhamn

 

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Bømlo kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan Fv.542 Notland-Mosterhamn. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

 

Beskriving av prosjektet

Prosjektet strekker seg frå Notlandskrysset til Mosterhamn gjennom sentrum, ei vegstrekning på ca. 1200m. Vegen framstår som smal og uoversiktleg på enkelte parti, for smal veg på strekninga er generelt eit problem, spesielt er svingen ved Bedehuset et problempunkt med smal veg og krapp kurvatur. Utbetringar er gjort ved sentrum.

 

Den utløysande faktoren for prosjektet er at det manglar gjennomgåande gang- og sykkel-løysning frå Notland til Mosterhamn. I tillegg er det fleire stader der dagens kurvatur gir farlege situasjonar og dårlig framkommeligheit. Prosjektet er høgt prioritert i Bømlo kommune både for trafikksikkerhet og GS-løysning.

 

Kommunen har vedteke at planforslaget ikkje skal behandlast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

statens-vegvesen-brev

Figur 1: Planavgrensing

 

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 13.01.2017. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til «Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, merka med

Saksnummer 16/581»,  eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.

 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

 

Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Haakon Dyb Aarøe på telefon 92429474 eller e-post haakon.aaroe@vegvesen.no.

 

 

Med helsing

Statens vegvesen

Referat (4) 15.11.16

 mgu-logo

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   15.11.16.

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:      

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Tony Hidle.                             Styremedlem.

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem.

 

 

Ikkje møtt/Kopi:

Grete Sivertsen.                      Økonomiansvarleg. Meldt forfall.

Tor Inge Stussvik.                    Styremedlem.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksundkanalen.) Meldt forfall.

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
10/16 Referat siste styremøte/Meldingar:

Referat frå styremøte 18.10.16. blei gjennomgått og godkjent slik det låg føre.

Rehabilitering av Røyksundkanalen:

Det går fram av kopi E-post korrespondanse mellom Reinert Røksund (MGU), Rådmannen og Nils Gunnar Gloppen (Finnås kraftlag) at resten av gåvesummen frå Finnås Kraftlag blir utbetalt nå. Dette var positivt.

Storhall på Bremnes:

Viser her til sak 2 under posten Ymse frå møte 18.10.16.

Moster Grendautval vil invitere ressursperson for meir informasjon til neste møte.

Ungdomsklubben og betalingsautomat:

Isak Grindheim og foreldrerepresentant har vore i møte med rådmannen. Saka vil bli fulgt opp.

Lag og organisasjonsmodul:

Bømlo kommune har inngått avtale med Acos om kursing i denne modulen. Kurset er 06. og 07.12. Knut Martens vil delta for MGU.

11/16 Innspel frå MGU til Bømlopakke 2:

Knut Magne Totland og Tony Hidle har gjort ein stor jobb med denne saka. Dei får fullmakt av styret til å følgje denne saka vidare og komme med innspel til planen.

 

Knut Magne og Tony
12/16 Julearrangement Moster 26.11.16.

Dette blir eit stort arrangement. Programmet er klart. Moster Idrettslag har teke på seg det tekniske arbeidet.

Det er i år kjøpt inn nytt opplegg for julebelysning. Leiar har søkt ulike instansar om økonomisk støtte. Vi vil setje opp eit rekneskap og oversikt over aktiva (eigedelen) i etterkant av arrangementet. Så håper vi på godt ver og godt frammøte.

13/16 TV-aksjonen 2016. Oppsummering.

Denne saka måtte utsetjast ettersom Grete Sivertsen hadde meldt forfall. Men etter det som blei referert i møte, hadde organisering og gjennomføring gått fint. Takk til alle som deltok.

 

 

 

 

 

 

 

 

14/16 Prosjekt Helsefremjande lokalsamfunn:

Spørjeundersøkinga er nå gjennomført. Dersom alle som deltok i utlevering av spørjeskjema registrerte dette, var det delt ut 125 skjema.

Stor takk til alle som deltok. Resten av jobben skal gjerast i desember.

   
15/16 Ymse:

1)      MGU og skriv vedk skulebruksplan for vidaregåande skule:

MGU var blitt oppmoda om å underskrive ein uttale vedk skulepruksplanen og framtidig plassering av vidaregåande skule. Styret i Moster Grendautval slutta seg til skrivet.

2)      Referat frå styremøta på facebook:

Alle referat frå tyremøta blir nå lagt ut på facebook.

   

 

Knut Martens

-Ref-

Gate adresser

gateadresse-1gateadresse-2 gateadresse-3