Brev til Rådmannen FV-15

Rådmannen i Bømlo kommune

5430 Bremnes

 

Fylkesveg 15 i Bømlopakke 2
Grindheimsvegen – Totlandsvegen

Store delar av dette vegnettet har låg standard. Vegen er generelt smal og svingete med dårleg sikt.  På fleire strekningar er det behov for gang-/ sykkelveg og gatelys. Dei siste 25 åra har trafikken på FV 15 hatt sterk vekst, og vegnettet er ikkje tilpassa dagens trafikk. Fylkesvegen  følgjer ikkje krava til vegstandard, trafikksikkerheit eller funksjon som hovudveg.

Vegen er ikkje prioritert i Bømlo kommune sine planar, og ligg merkelig nok klassifisert som fareklasse 3 i trafikksikringsplana,  sjølv om ulykkesfrekvensen er dobla på denne vegne i same tid som frekvensen er gått kraftig ned på dei fleste av dei andre fylkesvegane på Bømlo. Tross fleire innspel frå bekymra innbyggjarar i forbindelse med fleire trafikksikringsplanar, har det vore gjort lite for å betre framkome og tryggleik på dette vegstrekket frå Bømlo kommune vedtok sin første trafikksikringsplan i 1994 og fram til i dag.

Nokre fakta om fylkesveg 15:

Lengde: 3838 meter
Ulykker perioden 2000- 2010: 3 Stk
Ulykker perioden 2010- 2015: 3 Stk
Skuleelevar som dagleg brukar vegen: 120
Gateadresser: 499
Private og offentlige vegar knytt opp mot FV 15: 90 stk.
Offentlig badestrand
Kommunal kai
Bedehus: 2 stk.
Barnehage
Bruktbutikk
Private verksemder av ulik art: Fleire
Turløyper friluft: Mange
Basseng for heile Moster
Selskapslokaler for utleie
Solstudio
Trenigssenter

Fylkesveg 15

Grindheimsvegen – Totlandsvegen

Vegstrekninga er hovudtilførselen til dei 3 største gardane på Moster. Grindheim, Totland og Notland. Her bur omkring 10% av Bømlo sine innbyggjarar. Vegen fører til 3 store byggjefelt og fleire hyttefelt forutan mykje spreidd busetnad. Vegen er kanskje den Fv som har flest mjuke trafikantar på Bømlo.

I mangel på ei lysløype er vegen den mest brukte vegen blant turgåarar på Moster.  Vegen er kanskje den dåligaste FV vegen på Bømlo tatt i betraktning av sin bruk.
Området inneheld det største arealet på Moster og har det største potensiale for vidare utbygging med si plassering mot Børøyfjorden og Bømlafjorden.

Trafikk og busetnad rundt FV 15 dei neste 20-30 åra

Der er fleire gode grunnar til å tru at busetnaden på disse 3 gardane og presset på vegen vil auka betydelig i dei neste 20 – 30 åra.

Det er MGU og innbyggjarane på  Moster si allmenne oppfatning at det er i dette området veksten vil komma, og bør difor inn i framtidige kommuneplanar for  bruk til bustadformål for unge som ynskjer å etablera seg på Moster, då dette er av det flottaste området i sunnhordland, med si plassering mot Børøyfjorden og Bømlafjorden.

Trafikksikringsplanar Bømlo kommune

På Moster har dei fleste innspela til trafikksikringsplanane  vore kanalisert  gjennom FAU og i seinare tid MGU, og i nokre tilfeller igjennom velforeiningar.  De fleste innspela ber preg av  nøkterne forslag til utbetring med tanke på å få gjennomslag i kommunen. Forslaga er som oftast ikkje sett i samanheng med krava til vegstandard, trafikksikkerheit eller funksjon som hovudveg,  eller  med tanke for vekst og utvikling. Me ser at verken i tidligare eller noverande trafikksikringsplanar som er gjennomført, så er det ikkje utført grundig nok arbeid med tanke på kva vegar som bør, skal eller må inn på ein eventuell Bømlopakke 2. Me ser at utviklinga i trafikkuhell og trafikken har auka  på FV15 medan den har gått ned eller stagnert på for eksempel FV 23 som er føreslegen av Rådmannen i forslag til nye prosjekt i ”Bømlopakke 2.” Denne utviklinga for stagnasjon og tilbakegang i ulykker og trafikk  på  fleire av Fylkesvegane kan forutan tiltaka som er utført kanskje forklarast  som tidligare er  begrunna i  søknaden til Bømlopakken ”dei nye vegane i Bømlopakken vil føre til at andre vegar vil få avlastning i takt med utbygging av nye og betre vegar”. Denne trenden vil etter all sansynlighet  halda fram etter kvart som vegane blir ferdige. Dette gjeld ikkje FV 15, som ikkje blir avlasta av nye vegar.

Sidan det er forventa ei betydelig auka utbygging av bustader i dette området, så vil dette gje eit større behov for utbetring av vegstrekninga.

MGU ber difor om at Rådmannen legg FV 15 inn blant dei prosjekt som skal utførast i Bømlopakke 2, og aller helst som prioritet 1.
Det er også viktig at det straks vert sett i gong detaljreguleringsplan for utbetring og oppgradering av Fv.15.

I tillegg til at vegen må utbetrast må det også etablerast gang- og sykkelveg langs den delen av strekninga som ikkje har det frå før.

 

TING SKJER! …..KJEKT PÅ VEGEN!

 

Mosterhamn 13.10.2016

Med venleg helsing

 

Moster Grendautval

v/ Knut Magne Totland & Tony Hidle

Comments are closed.