Referat frå styremøte i Moster Grendautval.
Dato: 06.12.17
Stad: Moster Elektro sine lokaler.
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens. Nestleiar.
Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg.
Asbjørn Andre` Sætre: Styremedlem.
Tor Inge Stussvik Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.
Reinert Røksund. Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund kanalen).
Tony Hidle Styremedlem. Meldt forfall
Monica E. Totland Styremedlem. Meldt forfall.
SAK/HANDSAMING | ANSVAR | FRIST | |
47/17 | Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre. |
||
48/17 | Referat frå møte 31.10.17
Det var ingen kommentarar til referatet. |
||
49/17 | Referat og meldingar.
· Astrid Fjell, stipendiat/høgskulelektor ved Høgskulen Vestlandet avdeling Haugesund, har vendt seg til MGU for å få ein oversikt over arrangement for heimebuande personar mellom 75 og 77 år i Bømlo kommune. Dette i samband med doktorgradsarbeid. Styreleiar har laga oversikt og sendt Astrid Fjell:
Frivilligsentralen på Bømlo: bomlo@frivilligsentralen.no
BØMLO DEMENSFORENING: oddapaulsen@gmail.com
Turgruppa, Gutta på tur johannes.m.sortland@haugnett.no
Eldrerådet i Bømlo : annbjorg.legland@gmail.com
Bømlo Pensjonistforening krisele@me.com
· Besøk frå Fredrikstad kommune.
Folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim informerer om at Fredrikstad kommune gjerne vil vitje Bømlo og Moster 20.12.17. for å læra meir om ABCD modellen som vi har nytta i vårt arbeid. Det er snakk om at også Høgskulen Vestlandet vil ta del. Dersom det er ynskjeleg kan Knut Martens representere MGU, denne dagen.
|
||
50/17 | Besøk og innlegg av Alf Helge Greaker, ny samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune.
MGU takkar for ei interessant og nyttig orientering om kommunen sitt planarbeid. MGU ynskjer Alf Helge Greaker lykke til i ny jobb.
· Kommuneplanen består av to delar: Ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skal vera førande for arealdelen og må då naturleg nok lagast først. Kommunen legg opp til eit breitt engasjement, der ein inviterer befolkninga til å ta del. Ein vil bruke 2018 på dette arbeidet. · MGU har inngått avtale med Bømlo kommune om at MGU skal vera høyringsinstans i saker som vedkjem krinsen. Vi tek det som gitt at kommunen sender all naudsynt informasjon uoppfordra til MGU vedk planarbeidet.
|
||
51/17 | Oppsummering Julegateopning v/Grete Sivertsen.
Trass i tradisjonelt ufyseleg vær, var arrangementet for dei frammøtte vellykka. Takk til «vår» representant for vel utført arbeid. Grete Sivertsen opplyser at ho vil kalle inn alle ansvarlege for arrangementet til eit evalueringsmøte. Det er viktig at vi tek lærdom av erfaringar slik at vi blir «duglegare for kvart år som går.» Grete Sivertsen melder tilbake når evalueringa er gjennomført.
|
||
52/17 | Drøfting framlegg frå rådmannen og administrasjonen om Moster Alderspensjonat, kjøkkenet på servicesenteret og skulebading for born på Moster.
· Moster Alderspensjonat.
MGU har gitt uttale i saka, og denne ligg ved saka som prenta vedlegg til politikarane. I uttalen har me vore tydelege på at me ynskjer Omsorgsbustader med heildøgnsbemanning og fast personalbase på Moster. Det blir nå ein oppgåve for oss alle å følgje med saka og følgje opp våre lokale politikarar heilt til saka er handsama i kommunestyret.
· Kjøkkenet på Servicesenteret.
Kommunen greier nå ut korleis matproduksjonen i kommunen skal føregå i åra som kjem. MGU ser det som heilt naturleg at kjøkkenfunksjonen held fram i det nye omsorgssenteret.
· Skulebading for born på Moster.
MGU sluttar seg til uttalen som FAU ved Moster skule har gitt i saka. |
||
53/17 | Kommunikasjonsplan for Moster Grendautval overfor kommuneadministrasjonen og politikarar og befolkning på Moster.
Sekretæren i MGU hadde laga framlegg til kommunikasjonsplan. Planen blei lagt fram for styret og godkjent slik den låg føre. Sjå vedlegg. |
||
54/17 | Informasjonstavler på Moster.
Saka blei utsett då Monica Totland, som arbeider med dette, hadde meldt forfall til møte.
|
||
55/17 | Nytt bankkontonummer for å samla inn midlar til universell utforma turløype på Moster.
Styret i MGU ser behovet for og sluttar seg til at ein oppretter eigen konto for dette prosjektet. |
||
56/17 | Ymse.
· Møta i MGU blir første onsdag i kvar mnd. Møteplanen for 2018 blir då slik:
07.02, 07.03, 04.04, 02.05, 06.06, 01.08, 05.09, 03.10, 07.11 og 05,12. |
Knut Martens
-Ref-