Archive for Martin Lidal

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 07.11

Dato:   07.11.2018

Stad:   Moster Elektro sine lokaler

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg.

Monica Nes                           Styremedlem.

Ola Simon Røksund                Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Leif Arvid Ersland.                  Styremedlem. Meldt forfall.

Monica E. Totland                  Styremedlem. Meldt forfall.

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
43/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
44/18 Referat frå møte 06.09.18

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
45/18 Referat og meldingar.

Det var ingen meldingar under denne programposten.

 

 

   
46/18                Innsamlingsaksjonen 21.10.2018

 

Rekordresultat både for skulen sin aksjon og for krinsen totalt sett også dette året. Vi gratulerer og takker for innsatsen. Spesiell takk til Sissel Johannessen som leia arbeidet med aksjonen i år. Det er eit problem å skaffe mange nok bøsseberarar. Slik vi forstår det, var Facebook til god hjelp.

Vi har motteke takkebrev frå Frivillighetssentralen som organiserer aksjonen – kommunalt og frå Fylkeskoordinator for TV aksjonen – Kirkens Bymisjon.

 

 

 

 

 

 
47/18 Grendamøte 26.10.18.

Arrangementet var lyst ut i lokalpressa med to annonser.

Det var enkel servering av kaffe og kaker, som blei sponsa av det kommunale prosjektet, som vi er med i. Vi takker for det. Tema for møte var presentasjon av Grendautvalet sitt innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel, og presentasjon av Masteroppgåva «Mulighetsstudie av Mosterhamn».

Det var vel 40  frammøtte . Frå kommunen møtte Ordførar Odd Harald Hovland, Rådmann Geir E. Aga, Folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim og Kommuneplanleggar Alf Helge Greaker.

Leiar Gerd Nancy Notland ønskte velkommen og leste opp innspelet til kommuneplanen, som styret i Moster Grendautval hadde vedteke. Det blei retta stor takk til Knut Magne Totland og hans medhjelparar for bakgrunnsarbeidet dei hadde lagt ner, og som har danna grunnlaget for styret sitt innspel.

Innspelet er nå sendt kommunen og er lagt ut på

Face-book sida vår.

Kjersti Vistnes, som er ein av studentane som bak oppgåva, presenterte arbeidet sitt. Slik vi forstår det, vakte presentasjonen interesse og blir eit viktig innspel til det vidare kommuneplanarbeidet.

   
48/18 Julegateopning 2018. 01.12.18.

 

Grete Sivertsen vil også dette året ta eit hovudansvar for arrangementet. Lene Løtvedt har ansvaret for tablået.

Leif Arvid Ersland vil koordinere det tekniske.

Det er nå bestemt at toget i år startar i sentrum kl 15.30 og ender opp i Moster Amfi. Tablået blir slik vi har sett det før.

I Amfiet blir det servering og stands med sal av lokale produkt.

Både juletre og oppheng av lys er under kontroll. I amfiet venter også nissemor og nissefar.

Me gler oss.

 

   
49/18     Universell utforma lysløype.

Arbeidet går sin gang og er stort og krevjande. Vi må bruke den tida vi treng for å få dette til.

   
50/18                  Ymse.

·      Arbeid med informasjonstavler.

Arbeidet er satt litt i bero. Vi må ta ein ny vurdering               på om dette er rett prioritering.

 

·      Invitasjon frå utbyggar Henrik Friis m/fleire , Banktunet A/S  i Moster Sentrum.

Møte den 13.november klokka 19.30 der ein vil presentere og informere om planar om å byggje nytt legekontor/helsestasjon på Moster.

·      «Helsefremjande lokalsamfunn» går mot slutten.

Moster Grendautval har hatt stort utbytte av       deltaking. Vi må nå planlegge litt om korleis vi skal arbeide   vidare utan prosjekt-deltaking. Knut førebur sak til neste møte.

 

·      Ny kafe, Olsahuset Moster,  opnar på Sentbygget 13.november.

 

Formann kjøper og leverer  blomar for å ynskje dei velkommen til Moster.

 

   

Knut Martens

-Ref-

Mulighetsstudie Mosterhamn

Mulighetsstudie Mosterhamn: A prospect of Mosterhamn´s future development

Av: Kjersti Norland Vistnes og Linn Rydningen

(Klikk på lenka under for å laste ned oppgava)

Mulighetsstudie Mosterhamn lav oppløsning (002)

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 11.10

Referat frå styremøte i Moster Grendautval.

Dato: 11.10.2018
Stad: Moster Elektro sine lokaler
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens Nestleiar.
Monica E. Totland Styremedlem.
Grethe Sivertsen Økonomiansvarleg.
Monica Nes Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem. Meldt forfall.
Ola Simon Røksund Styremedlem. Meldt forfall.

SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
35/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.
36/18 Referat frå møte 06.09.18
Det var ingen kommentarar til referatet.
37/18 Referat og meldingar.

 Moster Grendautval var delaktig i prosjektet «LivOgLyst».
Vi vil nå undersøke om korleis status er, og om det kan vera aktuelt å koble seg på att i dettte prosjektet.
 I samband med prosjektet «Helsefremjanda lokalsamfunn» som vi er med i, skal det lagas tein film om prosjektet. Det blei gjort opptak med dugnadsgjengen på Vetahaugen og frå innsamlingsaksjonen på skulen.
 Hordaland Fylkeskommune har i brev meldt at dei vil trekke tilsegn om midlar tilbake. Leiar vil ta kontakt og undersøke. Knut og Gerd Nancy.
38/18 Folkemøte om Mulighetsstudie.

Møtedato som var sett til 19.10.18 må flyttast til 26.10.18. då det viser seg at datoen ikkje passar for kommuneadministrasjonen.

Programmet for kvelden kan sjå slik ut:

1) Velkommen v/leiar.
2) Presentasjon av inviterte aktørar.
3) Skissere programmet for kvelden.
4) Presentasjon av «Mulighetsstudie».
5) Spørsmål frå salen.
6) Presentasjon av MGU sitt innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel.
7) Innspelet vert lagt ut på fb.sida til MGU
8) Takke for deltaking og frammøte.
 Kommunepolitikarar som er busett i krinsen skal inviterast til møte. Knut lagar tekst på dette.
 Annonse i Lokalavisa. Leiar ordnar dette.
 Bestille lokaler, kaffi /mat etc. Grete ornar dette.

39/18 Innsamlingsaksjonen 21.10.2018

Sissel Johannessen har sagt seg villig til å leia aksjonen i år.
Slik vi forstår det er alt i rute.
40/18 Julegateopning 2018. 01.12.18.

Grete Sivertsen vil også dette året ta eit hovudansvar for arrangementet. Lene Løtvedt har eit ansvar for tablået.
Leif Arvid Ersland vil koordinere det tekniske.
Slik vi forstår det er alt i rute. Vurdere å starte toget ved butikken??
41/18 Universell utforma lysløype.
Gruppa som arbeider med dette har hatt eit positivt møte med rådmannen. Ny rapportering på neste møte.

42/18 Ymse.
Knut Martens
-Ref-

Innspel frå Moster Grendautval til Kommuneplanen for Bømlo Kommune 2018-2048

Framtidsretta bustadbygging:

Moster er det 2. største av dei 5 delsenterane i Bømlo. Det bur nær 2000 personar i bygda, og folketalet er aukande. Moster har sentral plassering i høve til Trekantsambandet, og mange som pendlar til andre kommunar vel difor å busetja seg på Moster. Dette er positivt for Moster, og for Bømlo kommune. Ein stor prosent av mostringane må pendla til arbeid, (meir enn 60%). Dette medfører køyring fleire mil til og frå arbeidet kvar dag. Det er difor veldig viktig at bygda elles har tilbod og tenester som gjer at ein kan leva gode liv på Moster, utan å måtte køyre til t.d. kommunesenteret for alle ting. Ikkje minst gjeld dette tilbod til born, ungdom og eldre som ikkje køyrer eigen bil, og difor er avhengige av dei same pendlarane for å få sine behov stetta. For å få til levedyktige aktivitetar, tenester og tilbod må det folk til. Folk på Moster bur spreidd rundt om i dei ymse grendene, og difor er det ein utfordring å få til eit levande sentrum på Teigland med levedyktige butikkar og tilbod. Folk skapar aktivitet og trong for tenester. For å skapa meir aktivitet i sentrum, må mostringane samle seg meir. I området rundt butikkane på Teigland burde ein hatt møteplassar både for vaksne og ungdom, og leikeplass for born.
Framtidig bustadbygging bør skje som fortetting av dei eksisterande bygdene. Stikkord her er aksen sentrum og ned mot den kommunale kaien. Dette for å styrkje eksisterande sentrum på Teigland, og for å knyte sentrum saman med Moster Amfi, sjøen, kyrkja og kulturskattane me har på Moster. Sjøområdet i Mosterhamn bør utviklast til eit attraktiv andlet mot sjøen, frå Moster. Framtidig bustadbygging på Moster bør i hovudsak skje som fortetting i eksisterande bygder som Grindheim, Totland, Skimmeland, Grønås osb. Skal ein lukkast med dette må kommunen i sterkare grad enn det som er gjort tidlegare, styra kor ein ynskjer bustadbygging, og ta eit koordineringsansvar i forhold til eksisterande NLF områder.

Attraktive lokalsentra og gaterom:
Moster Amfi og Kyrkjehistorisk senter har store arrangement som fører til stor trafikk til og frå Mosterhamn, så trong for vegutbetring er stort. Det er og trafikk med store bilar til og frå industriområdet i Serklau. Ein håpar at ny veg til Mosterhamn er på plass i god tid før det store riksjubileet på Moster i 2024.
På Moster bur no storparten av folk ganske langt frå butikk, skule og idrettsplass. Folk tar seg for det meste fram med privat bil eller sykkel. Trafikksikring er difor eit særs viktig helse og trivselstiltak. Gang- og sykkelvegar frå der folk bur og til skule, idrettsplass og sentrum må prioriterast. Moster Grendautval har peika på vegstrekningar på Moster som sårt treng å betrast. I Bømlopakke 2. er vegen rundt Skimmeland, Grindheim, Totland, Fv.15, tatt med. Her bur det mykje folk og vegane er svært smale og dårlege. Ein må få til betring av vegen, og gang- og sykkelsti. Anglevikvegen og Landmarksvegen må oppgraderast og få gang- og sykkelstiar. Vidare må ein få til gang- og sykkelvegar, gatelys, leskur, betre skilting, og ikkje minst miljøgate i sentrum, og utbetring av vegstrekkja fv.542 Notland- Mosterhamn. Eit verkeleg trafikksikringstiltak ville vore om ein hadde ein buss som køyrde kontinuerleg frå Gassasundet og rundt heile Moster heile tida. Det ville både vore eit trafikksikringstiltak og eit brukande kollektivtilbod som ein kunne rekne med. Det bør og byggjast toalett på venterommet i Gassasundet.
Moster Amfi, Moster gamle kyrkje og Mostraparken er juveler for Moster, men og for heile Bømlo. Desse anlegga har og nasjonal interesse. Mostringane er glad i bygda og ynskjer i stor utstrekning å bu her heile livet sitt. På gravplassen i Mosterhamn bør det komma ei minnelund, slik at dei som ikkje har folk til å stelle graver får ein verdig minneplass. I tillegg til naturen og tilgangen til sjøliv, er det historia til Moster folk er mest stolte av. Historia er kjend heilt frå vikingtida, men vidare via kristninga av Noreg, til nyare historie med fiske og fraktfart, kalksteinutvinning o.a. Mykje av dette er knytt opp til området i Mosterhamn. I ein av tunellane ut frå Moster Amfi er det og laga ei geologiutstilling som syner fram Bømlo sin interessante steinhistorie, frå grønstein på Hespriholmen, gullgravinga på Løkling til kalkbrota i Kjødleren. Satsing på trivselstiltak og vidareutvikle Mostraparken er derfor naturleg og det ein må satse på, dersom ein ynskjer utvikling på Moster. Ein må lage skikkeleg sti opp til Vetahaugen og krossen, og benker på utsiktspunkt. Gruvo er samlingsplass for ungdom, men den forfell grunna manglande vedlikehald. Ferjekaien i Mosterhamn er eit område som må nyttast til å gje Moster eit tiltalande andlet mot sjøen.
Både Vetahaugen, Gruvo og ferjekaien er eigd av Bømlo kommune, og treng at Bømlo kommune tek ansvar for vedlikehald og vidareutvikling. Ein bør vidare få sikra Austnes til friluftsføremål, og knyta denne opp til badestranda i Breivik. Begge desse stadane ligg ganske nær Gruvo og Mostraparken. Å sikre og å utvikla dette området vil vera med på å skapa aktivitet og ein meir heilskapleg utvikling av Moster til glede både for fastbuande og besøkjande. Ein bør vidare sikre friluftsområder og strandlinjer på Moster for allmenta. Ein bør sikree allmenta si tilgang til Røyksundskanalen, Totlandstjødna og andre eigna stader for aktivitet og rekreasjon. Ein bør avgrensa vidare utbygging i strandsona, men gje høve til småbåthamner og gjestehamner på dertil egna stader. Ein treng og stader for å parkera bubilar og campingvogner på Moster, helst i Mosterhamnområdet.
Grunna avstand til kommunesenteret treng Moster mellomstasjon mellom det å bu i eigen bustad og sjukeheim. Folk på Moster vil bu i bygda også når dei vert eldre og/eller hjelpetrengande. Det er vedteke i kommunestyret i 2018 at Moster Alderspensjonat skal betrast/oppgraderast eller byggjast nytt. Moster treng omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning og fast personalbase. Tilbodet må ha tenester og aktiviteter som skapar tryggleik og meiningsfylte liv for dei som bur der. Tidsrette og tenlege bygningar er viktig, men det som skapar trivsel er først og fremst personale og aktiviteter. Tilbod om fysisk aktivitet og fysioterapi for dei som treng det, bør komma på plass. Ei slik teneste, og andre lokale aktivitetstilbod for eldre, bør vera eit tilbod både for dei som bur på helsetuna på Moster og for dei som bur i heimane sine. Moster treng nytt og tidsmessig legekontor, og ein bør og få på plass tilbod om tannlegeteneste for skuleborn på Moster.

Born/ungdom/oppvekstmiljø.
Moster skule har 361 elevar, fordelt på barne- og ungdomsskule. Skulen har og skulefritidsordning. Moster Grendautval meiner at ein skal lytte nøye til kva FAU seier om korleis skulen skal organiserast, men elles er det er Moster Grendautval si meining at ein bør halda på ungdomsskule på Moster. Det kan finnast gode argument for å flytta ungdomsskulen til kommunesenteret på Svortland, men det er og gode argument mot. Skular kan bli for store. Moster Grendautval meiner at ungdomsskulen og elevane som går på den, er viktige medspelarar i lokalsamfunnet på Moster. Det vil bli eit tap for bygda om me sender ungdomsskuleelevane frå oss. I tillegg til å vera ein stad for læring er ungdomsskulen og ein plass der ein finn vener, interesser og tilbod om aktivitetar etter skuletid. Flytting av ungdomsskuleelevane til Svortland vil påverka elevane til å fjerna seg meir frå eige sosialt miljø og det som går føre seg på Moster. Dette vil påverka negativt rekruttering til idrettslag og til anna lagsarbeid på Moster som til dømes Moster ungdomsklubb som driv eit bra og viktig tilbod. På grunn av avstanden vil det å delta i aktivitetar og sosialt liv på Svortland etter skuletid vera ein logistikkutfordring både for elevane og for heimane deira. Moster skule er og ein viktig arbeidsplass i bygda, både på lærarsida og i administrasjonen. Å halda på arbeidsplassar i bygda er særs viktig.

I tillegg til Moster skule ligg Moster Idrettslag sin fotballbane med nytt klubbhus, Moster hestesportanlegg, Moster barnehage og bedehuset Salem på Espeland. Ein jobbar og med å få til universelt utforma lysløype ut frå same område. Område har dermed utvikla seg til å bli eit aktivitetssenter i bygda. Det ligg eitt byggjefelt og ein del rorbuer i området, men lang avstand frå dei fleste innbyggjarane i krinsen gjer likevel til at det er mange som nyttar bil til og frå. Dermed er det eit mål å få tilrettelagt for mindre bruk av bil for å nå aktivitetsområdet.
Det er særs viktig å sikre ledige friareal i og omkring barnehage, skule og idrettsanlegg, samt sikre allmenn tilgang til sjø. Det bør sikrast areal for framtidig utviklingsmoglegheiter for idrettslaget
Moster Grendautval meiner at elevar på Moster bør få symjeopplæring på Moster, og basseng kan byggjast enten saman med skulen eller som eit tilbod gjennom idrettslaget.
I dette innspelet frå Moster grendautval har me prøvd å uttrykkja kva me meiner Moster treng for å fortsetja å vidareutvikla Moster til ein god stad å vera både for mostringar og for besøkjande. I Moster grendautval sitt innspel til samfunnsdelen har me peika på kva me meiner må til for å få ein heilskapleg vidareutvikling av Moster. Utvikling og utbygging av Moster må etter grendautvalet si meining styrast betre, slik at det fører til eit godt resultat for heilskapen. Me meiner at vårt innspel er i samsvar med kommunen sine eigne planar og retningsliner. Saman med den flotte og interessante masteroppgåva me har fått gjennom prosjektet Helsefremjande lokalsamfunn, Mogeligheitsstudie av Mosterhamn, så meiner Moster Grendautval at Bømlo kommune og politikarane har reiskapar og underlagsmateriale nok til å gjera gode og framtidsretta val og vedtak for mosterområdet.

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 06.06.18

Referat frå styremøte i Moster Grendautval.

Dato: 06.06.18

Stad: Moster skule.

Tilstades:

Gerd Nancy Notland. Leiar.

Knut Martens. Nestleiar.

Monica Nes Styremedlem.

Monica E. Totland Styremedlem.

Grethe Sivertsen. Økonomiansvarleg.

Leif Arvid Ersland. Styremedlem.

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben.

Ola Simon Røksund Styremedlem. Meldt forfall.

SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
21/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

22/18 Referat frå møte 02.05.18

Det var ingen kommentarar til referatet.

23/18 Referat og meldingar.

  1. MGU er blitt kontakta av lokalavisa Bømlonytt vedk Mastergradsoppgåva «Mulighetsstudie Mosterhamn»

I oppgåva går det fram at bakgrunnen for temavalet Mosterhamn, var at studentane hadde motteke brev frå ordføraren, der han oppmoda dei til å velje Mosterhamn som tema. Slik vi tolkar dette, er det Bømlo kommune ved ordførar som «eig» dokumentet. Vi treng difor ei avklaring med ordførar om vegen vidare, før vi ev. går ut i pressa. Vi har hatt kontakt med ordførar. Han meiner det ikkje nødvendigvis er slik at det er BK som «eig» dokumentet. Det betyr at MGU kan bruke dette dokumentet fritt som innspel til kommuneplan, dersom vi ynskjer det.

Universell utforma turløype.

Arbeidet med å få godkjent avtalar med aktuelle grunneigarar er godt i gang. Dette er avtale mellom Moster Grendautval og den einskilde grunneigar som regulerer grunn, vedlikehald og bruk m.a.

  1. Dataskjermar på aktuelle stader på Moster for å gjera kjend kva som skjer i bygda og å knyta bygda meir saman.

Viser til ulike saker som er handsama av styret vedk dette. Arbeidet er ikkje sluttført men er i arbeid.

Knut.
24/18 Innspel frå Moster Grendautval til kommuneplanen.

Knut Magne Totland har leia dette arbeidet og har gjort ein grundig og solid jobb. Styret vil takke Knut Magne Totland for arbeidet. På møte blei det omfattande dokumentet gjennomgått. Dette skal primært vera eit innspel til kommuneplanen sin Samfunnsdel. (2018-2048)

Konklusjon på drøftingane var at vi skal formulere innspela punktvis på ei A4 ark. Som vedlegg legg vi ved ein revidert versjon av den omfattande rapporten som er laga.

I tråd med tidlegare drøftingar meiner Moster Grendautval (jfr. Sak 19/18) at vi må fokusere på prinsipielle uttaler som må ha m.a. følgjande fokus:

Framtidig bustadbygging bør skje som fortetting av eksisterande bygder. Stikkord her er aksen sentrum og ned mot den kommunale kaien. Jfr. Mastergradsoppgåva. Dette for styrkje eksisterande sentrum og knyte det saman med Moster Amfi, kyrkja og kulturskattane me har på Moster. Sjøområdet i Mosterhamn bør utviklast til eit attraktiv andlet mot sjøen frå Moster. Framtidig bustadbygging på Moster bør i hovudsak skje som fortetting i eksisterande bygder som Grindheim, Totland, Skimmeland, Notland, Grønås osb. Skal ein lukkast med dette må kommunen i langt sterkare grad enn det som er gjort tidlegare styra kor ein ynskjer bustadbygging og ta eit koordineringsansvar i forhold til eksisterande NLF områder.

Sikre friluftsområder og strandlinjer på Moster for allmenta. Her kan stikkord vera: Sikre varig vern av Austneset til friluftsformål. Tilrettelegge og sikre allmenta si tilgang til Røyksundskanalen. Avgrensa vidare utbygging i strandsona, men gje høve til småbåthavner og gjestehavner på dertil egna stader.

Tilrettelegge for fleire turløyper også universelt utforma.

25/18 Mastergradsoppgåva, Mulighetsstudie Mosterhamn.

Det blei i liten grad tid til gjennomgang av oppgåva og me vil arbeide meir med denne seinare.

26/18 Ymse.

Universelt utforma turløype.

Leiar får fullmakt til å underskrive kontraktar med aktuelle grunneigarar og Moster Grendautval.

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 02.05

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   02.05.18

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Monica Nes                            Styremedlem.

 

 

Ikkje møtt/Kopi:

                        Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben.

Monica E. Totland                   Styremedlem. Meldt forfall.

Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg. Meldt forfall.

Leif Arvid Ersland.                  Styremedlem.  Meldt forfall.

Ola Simon Røksund                Styremedlem. Meldt forfall.

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
15/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
16/18 Referat frå møte 10/04.18

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
17/18 Referat og meldingar.

 

   
18/18 Mastergradsstudentane sin presentasjon av sitt arbeid – så langt.

Her møtte også Brynjar Stautland (Prosjekttilsett Bømlo kommune. 2024), og Knut Magne Totland (Grendautvalet sin medarbeidar i Kommuneplanarbeidet)

Linn Rydningen og Kjersti Vistnes presenterte arbeidet sitt.

Oppgåva har som mål å skildra ein mogeleg heilskapeleg utvikling av Mosterhamn,  der ein ivaretek den unike historia ,trong for nye bustader , bubiloppstilling, gjestebrygger for sjøfarande  m.m. Arbeidet skal vera ferdig 23.05.18. og vi vil då presentere resultatet litt breiare. Vi tek sikte på å arrangera eit større bygdemøte  til hausten, der det endelege resultatet blir presentert.

 

 

 

 

 

 
19/18 Arbeid med kommuneplanen – så langt.

Knut Magne Totland orienterte om dette arbeidet.

Han har delt dette inn i ulike temadeler og knyta til seg     ressurspersonar innan kvart felt, som vil bidra med tekst. Spanande         og krevjande arbeid. Det er sette av tid på møte 06.06.18. til ein ny gjennomgang. Dette møte blir lagt til Moster skule.

Det blir ei utfordring for Grendeutvalet å gi uttale til kommunen på Samfunnsdelen som dette gjeld.  Grendeutvalet  må i denne delen lage utaler på prinsipielt grunnlag.  Kva tenester og tilbod er  det viktig å ha i nærmiljøet på Moster også i framtida. Korleis sikrar ein best eit godt oppvekstmiljø for born og unge på Moster? Sentrale spørsmål er og: Kva betyr framtidsretta bustadbygging? Korleis kan ein fortette framtidig bustadbygging i eksisterande bygdene?  Korleis styrke Mosterhamn som sentrum? Korleis ta vare på strand/sjøsona og naturområde på ein god og framtidsretta måte og med eit folkehelseperspektiv slik at folk som bur her har tilgang til kystbasert friluftsliv? Korleis sikre småbåthamn og båtplassar for dei som bur her? Korleis sikre og utnytte den unike historia vi har, på fleire felt?

 

   
20/18 Fordeling av ansvarsoppgåver i styret.

 

Gerd Nancy held fram som leiar for Moster Grendautval.

Knut Martens er nestleiar og skrivar.

Grete Sivertsen er kasserar og tek ansvar for julegate-arrangementet.

Olav Simon Røksund vil ha eit spesielt fokus på trafikksikring.

Leif Arvid Ersland held fram med universell utforma turløype og ansvar for teknisk i julegateopninga.

Andre gode hjelparar:

Asbjørn A Sætre, fokus på veg og trafikksikring.

Sissel Johannesen tek ansvar for «innsamlingsaksjonen».

Reinert Røksund har framleis fokus på Røyksundkanalen og alt det som skjer der.

Knut Magne Totland jobbar med kommuneplanen.

 

   
21/18 Ymse.    

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 10.04.18

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   10.04.18

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg.

Asbjørn Andre` Sætre:           Styremedlem.

Leif Arvid Ersland.                  Styremedlem (Universell utforma turløype)

Ola Simon Røksund                Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.

Monica E. Totland                   Styremedlem. Meldt forfall.

Monica Nes                            Styremedlem.Meldt forfall.

 

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
08/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
09/18 Referat frå møte 31.10.17

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
10/18 Referat og meldingar.

 

Grendautvalsmøte/Årsmøte oppsummert. (22.03.18)

 

Grendautvalsmøte var ei fellesmøte i samarbeid med Bømlo kommune og MGU. Det blei oppgitt at det var 67 deltakarar.)

Møte hadde fokus på det pågåande arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. I denne delen av møte blei Årsmeldinga lesen opp.

Årsmøte talde  38 deltakarar og inneheldt vanlege årsmøtesaker.

   
   

·      Arbeid med universell utforma turløype.

Leif Arvid Ersland sit også i gruppa som arbeider med dette. Arbeidet er i rute og gruppa ser positivt på framdrifta.

Arbeidsgruppa melder tilbake til styret når ting er blitt litt klarare.

·      Forslagskasse til MGU.

Det er kommen inn fire framlegg:

1)    Skatebane for ungdom på Moster.

2)    Basketballtilbod for ungdom på Moster.

3)    Hinderløype for store og små i samband med turløype eller skule/idrett.

4)    Vaksne vakter på «Klubbedubben».

 

Framlegg 1 og 2 blir oversendt Moster Idrettslag.

Framlegg 3 blir sendt Moster skule og Moster Idrettslag.

Framlegg 4 blir oversendt FAU ved Moster skule.

 

 

·      Mastergradsstudentar.

Det er inngått avtale med to Mastergradsstudentar som skrive mastergradsoppgåva si på ein mogelegheitsanalyse på framtidig bruk av m.a. kaiområde i Mosterhamn.  Linn Rydnigen (ein av studentane) har kontakta MGU og bedt om eit møte.

Leiar inviterer studentane til møte 02. mai.

·      Strandryddeaksjon 09.04.18.

Ryddeaksjonen føre gjekk over heile kommunen og Moster hadde søppelmottak i Grindheimsvågen og på Kommunal kai i hamna. Vellykka aksjon  som fekk positiv omtale i lokalpressa.

·      «Folk på Bømlo»

MGU er blitt kontakta av initiativtakarane av dette arrangementet med spurnad om deltaking.

MGU vil sterkt oppmode lag og organisasjonar til å nytte dette høve til å presentere seg og vil omtale dette på Facebook sida vår.

 

·      Kommuneplanarbeid

Knut Magne Totland er leiar for dette arbeid og vil orientere styre om arbeidet for framdrift. Han blir invitert til møte 02.05.18.

·      Røyksundkanalen

Reinert Røksund melder i E-post dagsett 08.04.18. at det etter planen skal vera offisiell opning av kanalen i mai mnd. Me gler oss.

   
11/18  

Godkjenning av årsmøteprotokoll.

Styret godkjente protokollen slik den låg føre.

   
12/18 Konstituering av nytt styre.

Leiar og nestleiar sa seg villig til å halda fram i same verv.

Grete Sivertsen tek også dette året ansvar for økonomien.

Vidare fordeling av ansvarsområde, blir tema på neste møte.

 

Asbjørn Andre` Sætre går ut av styret og blei takka av med ein fin blomebukett.

   
13/18 Oppgåver og møtedatoar.

Jfr sak 12/18 så vil dette vera tema på neste styremøte.

Møte i juni blir 06.06.18

 

   
1418 Ymse.

Vegstandard frå gamleskulen og mot Grindheimsvågen.

Asbjørn A. Sætre tok opp problematikk omkring ein stadig «forsmalning» av vegen ved reasfaltisering og stadig farligare vegskuldre. Vi sender dette vidare til Folkehelsekoordinator for kommunal handsaming. Høyrer det heime i Trafikksikringsplanen?

 

 

   
       
       

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 08.02

 

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   08.02.18

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg.

Asbjørn Andre` Sætre:           Styremedlem.

Tor Inge Stussvik                    Styremedlem.

Monica E. Totland                   Styremedlem.

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen).

Tony Hidle                             Styremedlem. Meldt forfall

.

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
01/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
02/18 Referat frå møte 31.10.17

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
03/18 Referat og meldingar.

 

·      Digital informasjonstavle.

Monica E. Totland hadde undersøkt litt meir om digitale informasjonstavler. Ho presenterte eit framlegg til styret. Ho føl opp denne saka og dette blir «sak» på neste styremøte. Viktig å få klarlagt:

1.     Abonnementsordning for ulike tal skjermar.

2.     Kostnadsoverslag på skjermar.

3.     Finansieringsplan for prosjektet.

4.     Framlegg til plassering av skjermar?

   
   

·      Arbeid med universell utforma turløype.

Monica E. Totland sit også i gruppa som arbeider med dette. Arbeidet er i rute og gruppa ser positivt på framdrifta. Arbeider med utforming av søknad om midlar til forprosjekt.

Arbeidsgruppa melder tilbake til styret når ting er blitt litt klarare.

·      Forslagskasse til MGU.

Vi vil gjerne få innspel til arbeidet vårt i MGU frå innbyggarane. Vi vil difor sette opp ein forslagskasse på den lokale KIWI butikken. Dette arbeidet er nå ferdig.

Grethe Sivertsen kjøper kasse og får sett opp.

 

·      Kontakt med lokal interessegruppe som ynskjer å legge til rette for utbygging ved Gassasundet.

MGU er blitt kontakta av ein interessegruppe som har planar om utbygging av bustadområder/hytter og naust i område Gassasundet og nordover i retning Håvik.

 

MGU har inngått ein samarbeidsavtale med Bømlo Kommune. I pkt 1 i denne avtalen står:

Avtalen skal regulera samarbeidshøve mellom grendautvala og Bømlo kommune. Avtalen skal legge til rette for at grendautvala kan vera med å bidra til at innbyggjarane i Bømlo får komme med innspel til kommunalt planarbeid og utarbeiding av langsiktige strategiar.

I pkt 3 i avtalen står m.a.:

Grendautvala skal fylle ein funksjon som samordnar av aktivitet i sitt lokalsamfunn og fungere som talerøyr overfor kommunen sin administrasjon og politikarar.

 

Bømlo kommune er i prosess med kommuneplanarbeidet og Planprogrammet for areal og samfunnsdel er ute på høyring.

 

Ut frå dette ser ikkje MGU det naturleg å ta stilling til dette innspelet no, ettersom vi her høyringsinstans i prosessen med kommuneplanarbeidet. MGU er i ferd med å etablera ein eigen arbeidsgruppe for dette arbeidet, Sjå eiga sak.

·      Mastergradsstudentar.

Det er inngått avtale med to Mastergradsstudentar som skrive mastergradsoppgåva si på ein mogelegheitsanalyse på framtidig bruk av m.a. kaiområde i Mosterhamn. Styret fekk ein kort orientering om status.

·      Bømlo alderspensjonat og framtidig kjøkendrift.

MGU har over lang tid engasjert seg i kommunen sine planar om framtidig tilbod til eldre som treng ein mellomstasjon mellom det å bu i eigen bustad  og ev. opphald på ein sjukeheim. Både planane om opprusting av Moster Alderspensjonat til omsorgsbustad med tilpassa bemanning og personalbase og videreføring av varm mat på kjøkkenet på Serveicesenteret ser no ut til å bli ein realitet. Styret fekk ein kort orientering om status. Styret ser veldig positivt på dette. Det er gledeleg at engasjement nyttar!

 

   
04/18 Oppnemning av nemnd som skal komme med innspel til kommuneplanarbeidet.

Knut Magne Totland har vendt seg til MGU og sagt seg villig til å engasjere seg i dette arbeidet. Det set MGU stor pris på og er takksam for.

Vi ser gjerne at Totland fører dette arbeidet vidare gjerne ut frå skisse til organisering lagt fram på styremøte.

 

   
5/18 Skilt på Moster. Informasjon frå Asbjørn Sætre.

Asbjørn Sætre har hatt ein omfattande dialog med Statens vegvesen om meir korrekt skilting ved Hantikkehaugen og i krysset i Skimmelandsdalen. Styret sluttar seg til konklusjonane og ber Asbjørn Sætre sluttføre arbeidet med Statens vegvesen slik at dei kan føre saka vidare til Bømlo kommune for slutthandsaming.

 

   
6/18 Årsmøte 2017

Årsmøte blir 22.03.18. Etter eit prosjektgruppemøte med Bømlo Kommune 02.02.18. blei ein samde om at vi skal kombinere dette årsmøte med eit stort grendautvalsmøte.

Dette blir då tredelt.

1.     MGU orienterer om arbiedet som er gjort 2017 og om planar for 2018.

2.     Kommuneplanleggar Alf Helge Greaker orienterer om kommuneplanarbeidet etter ABCD modellen.

(pause med mat)

3.     Årsmøteavvikling.

Sekretær skal laga eit skriv til lag og organisasjonar i krinsen og oppmuntre til engasjement og deltaking.

På årsmøte skal vi presentere ein ny modell for utveljing av representantar til styret.

   
07/18 Ymse.

 

Vi har fått invitasjon om deltaking på eit reiselivsseminar 15.02.18. i regi av Bømlo kommune og Atheno. Knut Martens representerer MGU.

 

 

   
       
       

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 06.12.17

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   06.12.17

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.                        Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                  Økonomiansvarleg.

Asbjørn Andre` Sætre:           Styremedlem.

Tor Inge Stussvik                   Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen).

Tony Hidle                              Styremedlem. Meldt forfall

Monica E. Totland                  Styremedlem. Meldt forfall.

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
47/17 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
48/17 Referat frå møte 31.10.17

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
49/17 Referat og meldingar.

·       Astrid Fjell, stipendiat/høgskulelektor ved Høgskulen Vestlandet avdeling Haugesund, har vendt seg til MGU for å få ein oversikt over arrangement for heimebuande personar mellom 75 og 77 år i Bømlo kommune. Dette i samband med doktorgradsarbeid. Styreleiar har laga oversikt og sendt Astrid Fjell:

 

Frivilligsentralen på Bømlo:        bomlo@frivilligsentralen.no

 

BØMLO DEMENSFORENING:     oddapaulsen@gmail.com

 

Turgruppa, Gutta på tur                johannes.m.sortland@haugnett.no

 

Eldrerådet i Bømlo :                       annbjorg.legland@gmail.com

 

Bømlo Pensjonistforening          krisele@me.com

 

·       Besøk frå Fredrikstad kommune.

 

Folkehelsekoordinator Anne Beth Njærheim informerer om at Fredrikstad kommune gjerne vil vitje Bømlo og Moster 20.12.17. for å læra meir om ABCD modellen som vi har nytta i vårt arbeid. Det er snakk om at også Høgskulen Vestlandet vil ta del. Dersom det er ynskjeleg kan Knut Martens representere MGU, denne dagen.

 

   
50/17 Besøk og innlegg av Alf Helge Greaker, ny      samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune.

 

MGU takkar for ei interessant og nyttig orientering om kommunen sitt planarbeid. MGU ynskjer Alf Helge Greaker lykke til i ny jobb.

 

·      Kommuneplanen består av to delar:

Ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen  skal vera førande for arealdelen og må då naturleg nok lagast først.

Kommunen legg opp til eit breitt engasjement, der ein inviterer befolkninga til å ta del. Ein vil bruke 2018 på dette arbeidet.

·      MGU har inngått avtale med Bømlo kommune om at MGU skal vera høyringsinstans i saker som vedkjem krinsen. Vi tek det som gitt at kommunen sender all naudsynt informasjon uoppfordra til MGU vedk planarbeidet.

 

   
51/17 Oppsummering Julegateopning v/Grete Sivertsen.

 

Trass i tradisjonelt ufyseleg vær, var arrangementet for dei frammøtte vellykka. Takk til «vår» representant for vel utført arbeid.

Grete Sivertsen opplyser at ho vil kalle inn alle ansvarlege for arrangementet til eit evalueringsmøte. Det er viktig at vi tek lærdom av erfaringar slik at vi blir «duglegare for kvart år som går.» Grete Sivertsen melder tilbake når evalueringa er gjennomført.

 

   
52/17 Drøfting framlegg frå rådmannen og administrasjonen om Moster Alderspensjonat, kjøkkenet på servicesenteret og skulebading for born på Moster.

 

·      Moster Alderspensjonat.

 

MGU har gitt uttale i saka, og denne ligg ved saka som prenta vedlegg til politikarane. I uttalen har me vore tydelege på at me ynskjer Omsorgsbustader med heildøgnsbemanning og fast personalbase på Moster.

Det blir nå ein oppgåve for oss alle å følgje med saka og følgje opp våre lokale politikarar heilt til saka er handsama i kommunestyret.

 

·      Kjøkkenet på Servicesenteret.

 

Kommunen greier nå ut korleis matproduksjonen i kommunen skal føregå i åra som kjem.

MGU ser det som heilt naturleg at kjøkkenfunksjonen held fram i det nye omsorgssenteret.

 

·      Skulebading for born på Moster.

 

MGU sluttar seg til uttalen som FAU ved Moster skule har gitt i saka.

   
53/17 Kommunikasjonsplan for Moster Grendautval overfor     kommuneadministrasjonen og politikarar og befolkning på Moster.         

 

Sekretæren i MGU hadde laga framlegg til kommunikasjonsplan. Planen blei lagt fram for styret og godkjent slik den låg føre. Sjå vedlegg.

   
54/17 Informasjonstavler på Moster.

 

Saka blei utsett då Monica Totland, som arbeider med dette, hadde meldt forfall til møte.

 

   
55/17 Nytt bankkontonummer for å samla inn midlar til universell utforma turløype på Moster.

 

Styret i MGU ser behovet for og sluttar seg til at ein oppretter eigen konto for dette prosjektet.

   
56/17 Ymse.

 

·      Møta i MGU blir første onsdag i kvar mnd.

Møteplanen for 2018 blir då slik:

 

07.02, 07.03, 04.04, 02.05, 06.06, 01.08, 05.09, 03.10, 07.11 og 05,12.

   

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 31.10.17

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   31.10.17

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                  Økonomiansvarleg.

Monica E. Totland                  Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben.

Reinert Røksund.                    Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen).

Toni Hidle                               Styremedlem. Meldt forfall

Tor Inge Stussvik                   Styremedlem. Meldt forfall.

Asbjørn Andre` Sætre:           Styremedlem. Meldt forfall.

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
40/17 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
41/17 Referat frå møte 06.10.17.

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
42/17 Referat og meldingar.

–       Bømlo kommune har innvilga 4000,- til julearrangementet 02.12.17.

–       Vi ventar på svar på søknad til Finnås

Kraftlag til samme arrangement.

–       Arbeidet med Info skjerm er i rute og dette blir sak i neste møte.

   
43/17              Orientering av gruppa som jobbar med prosjektet 

            «Universell utforma turløype på Moster.» 

             Arbeidsgruppa er leia av Morten Helland. Med seg har

han Monica E Totland, Leif A Ersland, Christin Antonsen

og Gunnar Sivertsen. 

I møte orienterte dei om:

–       At dei til no har hatt fire møter.

–       At dei arbeider med mogeleg traseval.

–       At dei arbeider med ulike tekniske vurderingar.

–       At når dette er ferdig vil dei kontakta aktuelle grunneigarar.

–       At dei vil ta stilling til hensiktsmessig  organisasjonsform på eit seinare tidspunkt.

 

            Me ynskjer lukke til vidare med viktig arbeid for krinsen.

              

   
44/17 Oppsummering innsamlingsaksjonen 2017

Grethe Sivertsen har også i år hatt ansvar for dette arbeidet. Takk for vel utført jobb.

Tilbakemeldingane går ut på at det dette året var vanskeleg å skaffe nok bøssebærarar. Det skjer mykje positivt dugnads-arbeid på mange felt i krinsen for tida, og ein merker vel ein viss grad av slitasje.

Resultatet av innsamlinga var bra. Uheldig at aksjonen hadde to ulike VIPS nummer som ein kunne nytta, der innkomne summar kun blei registrert på krinsen når ein nytta det eine nummeret.

 

   
45/17 Status julegateopning.

Dette arbeidet er også leia av Grethe Sivertsen. Dette året har skule-korpset teke på seg eit totalansvar for pynting av julegate, juletre, fakkeltoget mm.

Moster skule har ansvar for juletablået. Vi håper på mykje aktivitet på Moster denne dagen. Viser ellers til notat der arrangementet 2016 blei oppsummert og evaluert.

   
46/17              Ymse.

1.     Møte med eit politisk parti.

Jfr. Sak 35/17  pkt 3)

«Moster Grendautval har motteke førespurnad frå Bømlo Høgre v/ Åsmund Røksund om å ta del i eit møte 30.10.17. Grendautvalet stiller seg positiv til eit slikt møte.»

Det er i etterkant blitt stilt spørsmål om det er rett av utvalet å ta del i slike møter. Etter grundig drøfting konkluderte styret slik:

Moster Grendautval meiner det er positivt at politiske parti søker informasjon om kva dei ulike krinsane er opptekne av og vil gjerne bli invitert til å møta andre politiske grupperingar for å informere om arbeidet vårt.

Det vil ikkje vera naturleg for Grendautvalet sjølv å invitera til slike møter med einskildpartier.

2.     Del av informasjonsstrategi.

Alle referat frå Grendautvalet sine møter blir nå lagt ut på Facebook. Som eit nytt tiltak for å informera og få innspel til arbeidet vårt skal nå også innkallingar til møtene i Grendautvalet leggast ut på Facebook , der vi også oppmodar lesarane til å kommentere/komme med innspel til sakene.

          

   
       
       

Knut Martens

-Ref-