Archive for Grendautvalet

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 11.10

Referat frå styremøte i Moster Grendautval.

Dato: 11.10.2018
Stad: Moster Elektro sine lokaler
Tilstades:
Gerd Nancy Notland. Leiar.
Knut Martens Nestleiar.
Monica E. Totland Styremedlem.
Grethe Sivertsen Økonomiansvarleg.
Monica Nes Styremedlem.
Ikkje møtt/Kopi:
Isak Grindheim. Representant for ungdomsklubben. Meldt forfall.
Leif Arvid Ersland. Styremedlem. Meldt forfall.
Ola Simon Røksund Styremedlem. Meldt forfall.

SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
35/18 Godkjenning av innkalling og saksliste.
Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.
36/18 Referat frå møte 06.09.18
Det var ingen kommentarar til referatet.
37/18 Referat og meldingar.

 Moster Grendautval var delaktig i prosjektet «LivOgLyst».
Vi vil nå undersøke om korleis status er, og om det kan vera aktuelt å koble seg på att i dettte prosjektet.
 I samband med prosjektet «Helsefremjanda lokalsamfunn» som vi er med i, skal det lagas tein film om prosjektet. Det blei gjort opptak med dugnadsgjengen på Vetahaugen og frå innsamlingsaksjonen på skulen.
 Hordaland Fylkeskommune har i brev meldt at dei vil trekke tilsegn om midlar tilbake. Leiar vil ta kontakt og undersøke. Knut og Gerd Nancy.
38/18 Folkemøte om Mulighetsstudie.

Møtedato som var sett til 19.10.18 må flyttast til 26.10.18. då det viser seg at datoen ikkje passar for kommuneadministrasjonen.

Programmet for kvelden kan sjå slik ut:

1) Velkommen v/leiar.
2) Presentasjon av inviterte aktørar.
3) Skissere programmet for kvelden.
4) Presentasjon av «Mulighetsstudie».
5) Spørsmål frå salen.
6) Presentasjon av MGU sitt innspel til Kommuneplanen sin samfunnsdel.
7) Innspelet vert lagt ut på fb.sida til MGU
8) Takke for deltaking og frammøte.
 Kommunepolitikarar som er busett i krinsen skal inviterast til møte. Knut lagar tekst på dette.
 Annonse i Lokalavisa. Leiar ordnar dette.
 Bestille lokaler, kaffi /mat etc. Grete ornar dette.

39/18 Innsamlingsaksjonen 21.10.2018

Sissel Johannessen har sagt seg villig til å leia aksjonen i år.
Slik vi forstår det er alt i rute.
40/18 Julegateopning 2018. 01.12.18.

Grete Sivertsen vil også dette året ta eit hovudansvar for arrangementet. Lene Løtvedt har eit ansvar for tablået.
Leif Arvid Ersland vil koordinere det tekniske.
Slik vi forstår det er alt i rute. Vurdere å starte toget ved butikken??
41/18 Universell utforma lysløype.
Gruppa som arbeider med dette har hatt eit positivt møte med rådmannen. Ny rapportering på neste møte.

42/18 Ymse.
Knut Martens
-Ref-

Årsmøtet 26 Mai.

På årsmøtet i Moster Grendauval den 26. mai vart fylgjande personar valt inn i styret:

 

Knut Martens, NY

Tor Inge Stusvik, NY

Tony Hidle

Asbjørn A. Sætre

Gerd Nancy Notland

Grethe Sivertsen

Isak M Grindheim

Reinert Røksund

 

Valnemnd:         Ingvald Grindheim

Kåre Spissøy

 

Revisorar:           Johannes Grindheim

Toralf Steinsland

 

På styremøtet den 15.august konstituerte styret seg slik:

 

Leiar:                    Gerd Nancy Notland

Nestleiar:            Knut Martens

Kasserar:             Grethe Sivertsen

 

Moster Grendeutval ber om at all e- post som skal til leiar vert sendt til e-postadresse: gerd.nancy.notland@haugnett.no,  tlf: 90 66 36 76, med cc. Til Knut Martens knutsorginale@gmail.com, 905 05 092

 

Postadresse Moster Grendautval er: Postboks 42, 5447 Mosterhamn

 

For Moster Grendautval

 

Gerd Nancy Notland

-leiar-

Godt oppmøte på folkamøtet på Moster i kveld

Det var 72 deltakarar i Moster Amfi i kveld som fekk del i arbeidet til Moster grendautval med både årsmøte, prosjektpresentasjonar og besøk frå kommunen. Både avtroppande og påtroppande rådmann stilte opp for å snakke om vegprosjekt og aktuelle saker for Moster. Det vart eit livlig møte med gode presentasjonar, mange spørsmål og høgt engasjment.

Sjå presentasjonar frå møtet her

Moster Grendautval inviterer til Folkamøte 27. mars 2014 i Moster Amfi

Annonse Folkemøte årsmøte 27.3.2014Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Hei Mostringar!!

Ingenting slår eit sterkt lag. Og ingen kan slå eit lag som består av engasjerte og patriotiske Mostringa.

Moster Grendautval inviterer DEG og dine til møte om oss sjølve.

Torsdag 27. mars kl 1900-2200 i Moster Amfi.

Program:

– Moster Grendautval presenterer seg sjølv og kva me jobbar med

– Næringslivet presentere seg

– Presentasjon av nye Mosterhamn sentrum

– Den positive utviklinga som har skjedd på Moster det siste året

– Kort årsmøte i MGU

—— enkel servering ——  gratis  ——–

ME GLER OSS TIL Å SJÅ DEG !!

Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Protokoll frå årsmøtet 2013 er lagt ut

Du finn protokollen her: Grendautvalet/Rapportar

4 nye styremedlemmer er valgt inn og fokus framover vert m.a. VA i indre Mosterhamn, møtestader på Moster, veglys, bussruter, Røyksundbrua, infrastruktur, trafikksikring.
Me ynskjer lykke til for det nye styret:
Tony Hidle
Roy Fimland
Merete Solås
Asbjørn A. Sætre
Grethe Sivertsen
Ingvald Grindheim
Kåre T. Spissøy
Reinert Røksund

Folkamøte og MGU årsmøte 12. desember kl. 20 i Moster Amfi

Folkamøte / årsmøte

ca kule 3 (683x1024)Moster Grendautval

torsdag 12. desember kl.20.00 i Moster Amfi

Meld deg gjerne på via FB arrangementet: https://www.facebook.com/events/604836716252201/

Moster Grendautval inviterer hermed bygdafolk, unge som eldre til folkamøte med eit kort årsmøte som innleiing. Det vert mykje informasjon om arbeidet som er utført i 2012 og 2013, samt planar for vidare arbeid.

Er DU interessert i å påverke framtida vår på Moster, så møt opp!

Agenda:
•Årsmøte med val (alle kandidatar er spurde på førehand)
•Kaffi og brus
•Informasjon om arbeidet til MGU, og innspel frå bygdafolk

Har du spørsmål som du ynskjer å ta opp ta kontakt med ein av oss (sjå www.mosterhamn.no) eller via Moster Grendautval på facebook.

Vårt nærmiljø – Vår framtid!

TING SKJER! …..KJEKT PÅ VEGEN!

Rapportar og protokollar

Dokumenta frå årsmøtet i 2012 er no lagt ut på sidene her. Sjå lenken.

Det same er rapporten frå seminaret med hadde i Moster Amfi 5. februar i år, for dei som vil sjå på denne. Til inspirasjon for utvikling på Moster.

 

Klubbedubben i Bømlonytt 12.3.2013

Flotte oppslag i Bømlonytt i dag. Både leiarplass og artikkel inne i avisa.

Me håpar det kan bli ein ny giv for ungdomsklubb på Moster no. Det blir i alle fall informasjon til alle på skulen i denne veka.

Ting Skjer ……    ……. Kjekt på Vegen !!

NB klikk på artikkelen for å få han større.

Bilder frå seminaret er no lagt inn

fra kafedialogen 5.febr 2013 Her er bilder frå seminaret vårt om Livskraftige samfunn som me hadde i Moster Amfi 5.februar 2013. Etterkvart kjem det også ein rapport frå gjestene frå Universitet i Nordland som me kan bruke i det videre arbeidet på Moster. me gler oss :-)

lenke til bildene

Livskraftige Samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30

Title: Livskraftige samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30
Location: Moster Amfi
FB: Click here
Plakat: Click here

Invitasjon

I samband med Moster Grendautval sitt prosjektet Dynamiske Mosterhamn, arrangerer me Seminar om Livskraftige samfunn. Det er den 5. februar 2013 kl 17:30 i Amfisalen i Moster Amfi.

Seminaret tar for seg tema frå nyare fagfelt innan økonomi og samfunnsutvikling. Me får besøk av Professor Ove Jakobsen og førstelektor Øystein Nystad frå Universitetet i Nordland. Dei vil halde foredrag og leie oss gjennom ein kreativ prosess. Sjå meir om programmet på vedlagte plakat. Alle på Moster, Bømlo og grendene omkring i Sunnhordland vert inviterte.

Seminaret arrangerast saman med Bømlo frivilligsentral og Bømlo kommune. Dette er og med i rekkja av jubileumsarrangement som kjem utover året i samband med 50-årjubileet for Bømlo kommune. Målgruppene er alle som er opptatt av korleis me kan gjere det betre å bu i grendene våre. Difor inviterer me alle grendelag, organisasjonar, skulane, helsestellet, offentlig forvaltning, næringslivet, og alle som er interessert i samfunnsutvikling. Følg også arrangementet på FB der du ogå kan legga inn kommentarar og sjå kva andre seier om arrangementet.

For meir informasjon ta kontakt med oss

Kåre Spissøy, Mobil: 91386469, Mail: kare@spissoy.com, leiar for prosjektet Dynamiske Mosterhamn

Ingvald Grindheim, Mobil: 92887997, Mail: Ingvald@fomanagement.com, Leiar for Moster Grendautval

VELKOMMEN
Start Time: 17:30
Date: 2013-02-05
End Time: 21:15