Archive for Fellesarrangement

Godt oppmøte på folkamøtet på Moster i kveld

Det var 72 deltakarar i Moster Amfi i kveld som fekk del i arbeidet til Moster grendautval med både årsmøte, prosjektpresentasjonar og besøk frå kommunen. Både avtroppande og påtroppande rådmann stilte opp for å snakke om vegprosjekt og aktuelle saker for Moster. Det vart eit livlig møte med gode presentasjonar, mange spørsmål og høgt engasjment.

Sjå presentasjonar frå møtet her

Moster Grendautval inviterer til Folkamøte 27. mars 2014 i Moster Amfi

Annonse Folkemøte årsmøte 27.3.2014Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Hei Mostringar!!

Ingenting slår eit sterkt lag. Og ingen kan slå eit lag som består av engasjerte og patriotiske Mostringa.

Moster Grendautval inviterer DEG og dine til møte om oss sjølve.

Torsdag 27. mars kl 1900-2200 i Moster Amfi.

Program:

– Moster Grendautval presenterer seg sjølv og kva me jobbar med

– Næringslivet presentere seg

– Presentasjon av nye Mosterhamn sentrum

– Den positive utviklinga som har skjedd på Moster det siste året

– Kort årsmøte i MGU

—— enkel servering ——  gratis  ——–

ME GLER OSS TIL Å SJÅ DEG !!

Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Folkamøte og MGU årsmøte 12. desember kl. 20 i Moster Amfi

Folkamøte / årsmøte

ca kule 3 (683x1024)Moster Grendautval

torsdag 12. desember kl.20.00 i Moster Amfi

Meld deg gjerne på via FB arrangementet: https://www.facebook.com/events/604836716252201/

Moster Grendautval inviterer hermed bygdafolk, unge som eldre til folkamøte med eit kort årsmøte som innleiing. Det vert mykje informasjon om arbeidet som er utført i 2012 og 2013, samt planar for vidare arbeid.

Er DU interessert i å påverke framtida vår på Moster, så møt opp!

Agenda:
•Årsmøte med val (alle kandidatar er spurde på førehand)
•Kaffi og brus
•Informasjon om arbeidet til MGU, og innspel frå bygdafolk

Har du spørsmål som du ynskjer å ta opp ta kontakt med ein av oss (sjå www.mosterhamn.no) eller via Moster Grendautval på facebook.

Vårt nærmiljø – Vår framtid!

TING SKJER! …..KJEKT PÅ VEGEN!

Rapport frå seminaret 5. februar er klar!!

UIN forside bildeMe har fått rapporten frå seminaret me hadde i Moster Amfi 5. februar. Fasilitatorane frå Universitetet i Nordland har laga ein flott rapport med alle innspela me hadde i kafedialogen. God lesing.

UiN rapport frå Seminaret 5. februar 2013 (stor file)

Bilder frå seminaret er no lagt inn

fra kafedialogen 5.febr 2013 Her er bilder frå seminaret vårt om Livskraftige samfunn som me hadde i Moster Amfi 5.februar 2013. Etterkvart kjem det også ein rapport frå gjestene frå Universitet i Nordland som me kan bruke i det videre arbeidet på Moster. me gler oss :-)

lenke til bildene

Livskraftige Samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30

Title: Livskraftige samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30
Location: Moster Amfi
FB: Click here
Plakat: Click here

Invitasjon

I samband med Moster Grendautval sitt prosjektet Dynamiske Mosterhamn, arrangerer me Seminar om Livskraftige samfunn. Det er den 5. februar 2013 kl 17:30 i Amfisalen i Moster Amfi.

Seminaret tar for seg tema frå nyare fagfelt innan økonomi og samfunnsutvikling. Me får besøk av Professor Ove Jakobsen og førstelektor Øystein Nystad frå Universitetet i Nordland. Dei vil halde foredrag og leie oss gjennom ein kreativ prosess. Sjå meir om programmet på vedlagte plakat. Alle på Moster, Bømlo og grendene omkring i Sunnhordland vert inviterte.

Seminaret arrangerast saman med Bømlo frivilligsentral og Bømlo kommune. Dette er og med i rekkja av jubileumsarrangement som kjem utover året i samband med 50-årjubileet for Bømlo kommune. Målgruppene er alle som er opptatt av korleis me kan gjere det betre å bu i grendene våre. Difor inviterer me alle grendelag, organisasjonar, skulane, helsestellet, offentlig forvaltning, næringslivet, og alle som er interessert i samfunnsutvikling. Følg også arrangementet på FB der du ogå kan legga inn kommentarar og sjå kva andre seier om arrangementet.

For meir informasjon ta kontakt med oss

Kåre Spissøy, Mobil: 91386469, Mail: kare@spissoy.com, leiar for prosjektet Dynamiske Mosterhamn

Ingvald Grindheim, Mobil: 92887997, Mail: Ingvald@fomanagement.com, Leiar for Moster Grendautval

VELKOMMEN
Start Time: 17:30
Date: 2013-02-05
End Time: 21:15