Innspel frå Moster Grendautval til Kommuneplanen for Bømlo Kommune 2018-2048

Framtidsretta bustadbygging:

Moster er det 2. største av dei 5 delsenterane i Bømlo. Det bur nær 2000 personar i bygda, og folketalet er aukande. Moster har sentral plassering i høve til Trekantsambandet, og mange som pendlar til andre kommunar vel difor å busetja seg på Moster. Dette er positivt for Moster, og for Bømlo kommune. Ein stor prosent av mostringane må pendla til arbeid, (meir enn 60%). Dette medfører køyring fleire mil til og frå arbeidet kvar dag. Det er difor veldig viktig at bygda elles har tilbod og tenester som gjer at ein kan leva gode liv på Moster, utan å måtte køyre til t.d. kommunesenteret for alle ting. Ikkje minst gjeld dette tilbod til born, ungdom og eldre som ikkje køyrer eigen bil, og difor er avhengige av dei same pendlarane for å få sine behov stetta. For å få til levedyktige aktivitetar, tenester og tilbod må det folk til. Folk på Moster bur spreidd rundt om i dei ymse grendene, og difor er det ein utfordring å få til eit levande sentrum på Teigland med levedyktige butikkar og tilbod. Folk skapar aktivitet og trong for tenester. For å skapa meir aktivitet i sentrum, må mostringane samle seg meir. I området rundt butikkane på Teigland burde ein hatt møteplassar både for vaksne og ungdom, og leikeplass for born.
Framtidig bustadbygging bør skje som fortetting av dei eksisterande bygdene. Stikkord her er aksen sentrum og ned mot den kommunale kaien. Dette for å styrkje eksisterande sentrum på Teigland, og for å knyte sentrum saman med Moster Amfi, sjøen, kyrkja og kulturskattane me har på Moster. Sjøområdet i Mosterhamn bør utviklast til eit attraktiv andlet mot sjøen, frå Moster. Framtidig bustadbygging på Moster bør i hovudsak skje som fortetting i eksisterande bygder som Grindheim, Totland, Skimmeland, Grønås osb. Skal ein lukkast med dette må kommunen i sterkare grad enn det som er gjort tidlegare, styra kor ein ynskjer bustadbygging, og ta eit koordineringsansvar i forhold til eksisterande NLF områder.

Attraktive lokalsentra og gaterom:
Moster Amfi og Kyrkjehistorisk senter har store arrangement som fører til stor trafikk til og frå Mosterhamn, så trong for vegutbetring er stort. Det er og trafikk med store bilar til og frå industriområdet i Serklau. Ein håpar at ny veg til Mosterhamn er på plass i god tid før det store riksjubileet på Moster i 2024.
På Moster bur no storparten av folk ganske langt frå butikk, skule og idrettsplass. Folk tar seg for det meste fram med privat bil eller sykkel. Trafikksikring er difor eit særs viktig helse og trivselstiltak. Gang- og sykkelvegar frå der folk bur og til skule, idrettsplass og sentrum må prioriterast. Moster Grendautval har peika på vegstrekningar på Moster som sårt treng å betrast. I Bømlopakke 2. er vegen rundt Skimmeland, Grindheim, Totland, Fv.15, tatt med. Her bur det mykje folk og vegane er svært smale og dårlege. Ein må få til betring av vegen, og gang- og sykkelsti. Anglevikvegen og Landmarksvegen må oppgraderast og få gang- og sykkelstiar. Vidare må ein få til gang- og sykkelvegar, gatelys, leskur, betre skilting, og ikkje minst miljøgate i sentrum, og utbetring av vegstrekkja fv.542 Notland- Mosterhamn. Eit verkeleg trafikksikringstiltak ville vore om ein hadde ein buss som køyrde kontinuerleg frå Gassasundet og rundt heile Moster heile tida. Det ville både vore eit trafikksikringstiltak og eit brukande kollektivtilbod som ein kunne rekne med. Det bør og byggjast toalett på venterommet i Gassasundet.
Moster Amfi, Moster gamle kyrkje og Mostraparken er juveler for Moster, men og for heile Bømlo. Desse anlegga har og nasjonal interesse. Mostringane er glad i bygda og ynskjer i stor utstrekning å bu her heile livet sitt. På gravplassen i Mosterhamn bør det komma ei minnelund, slik at dei som ikkje har folk til å stelle graver får ein verdig minneplass. I tillegg til naturen og tilgangen til sjøliv, er det historia til Moster folk er mest stolte av. Historia er kjend heilt frå vikingtida, men vidare via kristninga av Noreg, til nyare historie med fiske og fraktfart, kalksteinutvinning o.a. Mykje av dette er knytt opp til området i Mosterhamn. I ein av tunellane ut frå Moster Amfi er det og laga ei geologiutstilling som syner fram Bømlo sin interessante steinhistorie, frå grønstein på Hespriholmen, gullgravinga på Løkling til kalkbrota i Kjødleren. Satsing på trivselstiltak og vidareutvikle Mostraparken er derfor naturleg og det ein må satse på, dersom ein ynskjer utvikling på Moster. Ein må lage skikkeleg sti opp til Vetahaugen og krossen, og benker på utsiktspunkt. Gruvo er samlingsplass for ungdom, men den forfell grunna manglande vedlikehald. Ferjekaien i Mosterhamn er eit område som må nyttast til å gje Moster eit tiltalande andlet mot sjøen.
Både Vetahaugen, Gruvo og ferjekaien er eigd av Bømlo kommune, og treng at Bømlo kommune tek ansvar for vedlikehald og vidareutvikling. Ein bør vidare få sikra Austnes til friluftsføremål, og knyta denne opp til badestranda i Breivik. Begge desse stadane ligg ganske nær Gruvo og Mostraparken. Å sikre og å utvikla dette området vil vera med på å skapa aktivitet og ein meir heilskapleg utvikling av Moster til glede både for fastbuande og besøkjande. Ein bør vidare sikre friluftsområder og strandlinjer på Moster for allmenta. Ein bør sikree allmenta si tilgang til Røyksundskanalen, Totlandstjødna og andre eigna stader for aktivitet og rekreasjon. Ein bør avgrensa vidare utbygging i strandsona, men gje høve til småbåthamner og gjestehamner på dertil egna stader. Ein treng og stader for å parkera bubilar og campingvogner på Moster, helst i Mosterhamnområdet.
Grunna avstand til kommunesenteret treng Moster mellomstasjon mellom det å bu i eigen bustad og sjukeheim. Folk på Moster vil bu i bygda også når dei vert eldre og/eller hjelpetrengande. Det er vedteke i kommunestyret i 2018 at Moster Alderspensjonat skal betrast/oppgraderast eller byggjast nytt. Moster treng omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning og fast personalbase. Tilbodet må ha tenester og aktiviteter som skapar tryggleik og meiningsfylte liv for dei som bur der. Tidsrette og tenlege bygningar er viktig, men det som skapar trivsel er først og fremst personale og aktiviteter. Tilbod om fysisk aktivitet og fysioterapi for dei som treng det, bør komma på plass. Ei slik teneste, og andre lokale aktivitetstilbod for eldre, bør vera eit tilbod både for dei som bur på helsetuna på Moster og for dei som bur i heimane sine. Moster treng nytt og tidsmessig legekontor, og ein bør og få på plass tilbod om tannlegeteneste for skuleborn på Moster.

Born/ungdom/oppvekstmiljø.
Moster skule har 361 elevar, fordelt på barne- og ungdomsskule. Skulen har og skulefritidsordning. Moster Grendautval meiner at ein skal lytte nøye til kva FAU seier om korleis skulen skal organiserast, men elles er det er Moster Grendautval si meining at ein bør halda på ungdomsskule på Moster. Det kan finnast gode argument for å flytta ungdomsskulen til kommunesenteret på Svortland, men det er og gode argument mot. Skular kan bli for store. Moster Grendautval meiner at ungdomsskulen og elevane som går på den, er viktige medspelarar i lokalsamfunnet på Moster. Det vil bli eit tap for bygda om me sender ungdomsskuleelevane frå oss. I tillegg til å vera ein stad for læring er ungdomsskulen og ein plass der ein finn vener, interesser og tilbod om aktivitetar etter skuletid. Flytting av ungdomsskuleelevane til Svortland vil påverka elevane til å fjerna seg meir frå eige sosialt miljø og det som går føre seg på Moster. Dette vil påverka negativt rekruttering til idrettslag og til anna lagsarbeid på Moster som til dømes Moster ungdomsklubb som driv eit bra og viktig tilbod. På grunn av avstanden vil det å delta i aktivitetar og sosialt liv på Svortland etter skuletid vera ein logistikkutfordring både for elevane og for heimane deira. Moster skule er og ein viktig arbeidsplass i bygda, både på lærarsida og i administrasjonen. Å halda på arbeidsplassar i bygda er særs viktig.

I tillegg til Moster skule ligg Moster Idrettslag sin fotballbane med nytt klubbhus, Moster hestesportanlegg, Moster barnehage og bedehuset Salem på Espeland. Ein jobbar og med å få til universelt utforma lysløype ut frå same område. Område har dermed utvikla seg til å bli eit aktivitetssenter i bygda. Det ligg eitt byggjefelt og ein del rorbuer i området, men lang avstand frå dei fleste innbyggjarane i krinsen gjer likevel til at det er mange som nyttar bil til og frå. Dermed er det eit mål å få tilrettelagt for mindre bruk av bil for å nå aktivitetsområdet.
Det er særs viktig å sikre ledige friareal i og omkring barnehage, skule og idrettsanlegg, samt sikre allmenn tilgang til sjø. Det bør sikrast areal for framtidig utviklingsmoglegheiter for idrettslaget
Moster Grendautval meiner at elevar på Moster bør få symjeopplæring på Moster, og basseng kan byggjast enten saman med skulen eller som eit tilbod gjennom idrettslaget.
I dette innspelet frå Moster grendautval har me prøvd å uttrykkja kva me meiner Moster treng for å fortsetja å vidareutvikla Moster til ein god stad å vera både for mostringar og for besøkjande. I Moster grendautval sitt innspel til samfunnsdelen har me peika på kva me meiner må til for å få ein heilskapleg vidareutvikling av Moster. Utvikling og utbygging av Moster må etter grendautvalet si meining styrast betre, slik at det fører til eit godt resultat for heilskapen. Me meiner at vårt innspel er i samsvar med kommunen sine eigne planar og retningsliner. Saman med den flotte og interessante masteroppgåva me har fått gjennom prosjektet Helsefremjande lokalsamfunn, Mogeligheitsstudie av Mosterhamn, så meiner Moster Grendautval at Bømlo kommune og politikarane har reiskapar og underlagsmateriale nok til å gjera gode og framtidsretta val og vedtak for mosterområdet.

Comments are closed.