Referat frå styremøte i Moster Grendautval 13.02

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   13.02.19

Stad:   Moster Elektro sine lokaler

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.             Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg.

Leif Arvid Ersland.                  Styremedlem.

Ikkje møtt/Kopi:

Monica Nes                            Styremedlem. Meldt forfall.

Ola Simon Røksund                Styremedlem. Meldt forfall.

                        Isak Grindheim.                      Representant for ungdomsklubben.

Monica E. Totland                  Styremedlem. Meldt forfall.

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
10/19 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
11/19 Referat frå møte 07.11.18

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
12/19 Referat og meldingar.

Gerd Nancy har delteke på avslutningskonferanse i Stavanger for prosjektet vi har vore med i.

Dei som møtte frå Bømlo: Kommuneoverlege Follesø, Jorunn Folgerøholm. Samfunnsplanleggjar Greaker, Rubbestadnet Grendalag, Victoria Kvernøy og frå MGU, underteikna.

 

Veldig interessante foredrag, presentasjonar, debattar  og opplegg.

Follesø og Jorunn Folgerøholm viste Bømlofilmen i plenum som Bømlo sitt bidrag.

Nettadressa der de finn alt om konferansen er:

 

godelokalsamfunn.com

 

Vidare samarbeid med Høgskulen Vestlandet?

 

Moster Grendautval er blitt kontakta av Høgskulen Vestlandet v/Inger Hellene Midtgård. Eit Universitet på Azorene undersøker mogelegheitene for eit samarbeid med Høgskulen Vestlandet. I dette tenkte prosjektet inngår ein organisasjon på Azorene og Moster Grendautval.

Moster Grendautval stiller seg i prinsippet positiv til eventuell deltaking og vil ta endeleg stilling til førespurnaden, når vi veit litt meir om kva prosjektet går ut på og kva som blir forventa av oss.

 

Strandrydding 26 -28 april.

 

Det er blitt kjent at det vert kommunal strandrydding også i år. Vi oppmodet båtlag og andre organisasjonar til å ta del i aksjonen.

   
13/19  

Førespurnad frå Moster Amfi om å støtte arrangement 08.03.19.

 

Konklusjon frå drøftinga:

Moster grendautval ser positivt på at Moster Amfi tek initiativ til ein markering av den internasjonale kvinnedagen. Vi ynskjer lykke til med arrangementet og stiller oss positiv til arrangementet..

 

 

 

 

 

 
14/19 Førespurnad frå Moster Afmi om å vera medarrangør for arrangementet Hjertefred  første søndag i november.

Det står om arrangementet:

«Hensikten med arrangementet er å gjøre det lettere å snakke om døden og det vonde, hylle de gode minnene etter dem vi har mistet, bearbeide sorgen, samt feire kjærligheten og livsgleden, og ta bedre vare på oss selv og hverandre.»

 

Konklusjon frå drøftinga:

Moster Grendautval ser positivt på at Moster Amfi tek initiativ til ein slik markering og vil gjerne stå oppført som medarrangør.

 

   
15/19 Overnattingskapasitet på Moster.

Under større arrangement på Moster er det trong for større overnattingskapasitet for tilreisande/aktørar og andre.

Vi er blitt informert om eit firma i Austevoll som leverer mobile overnattingsmodular.

 

Konklusjon frå drøfting:

Moster Grendautval sender skriv til kommunen, der vi peikar på behovet for meir overnattingskapasitet.

   
16/19 Venelag for Moster Amfi?

Vi er blitt kontakta av Moster Amfi,  der dei spør om det kan vera ein ide å laga eit venelag for Amfiet. Dagleg leiar skriv m.a: «Det som kan vera viktig i ein slik samanheng er å bygge opp eigarskapen til bygda og det unike innbyggjarane har med historia og anlegget. Det er og viktig for bygda å setje Moster enno meir på kartet. Me vil at det skal leve i bygda,…»

 

Slik vi har forstått det, kan eit slikt venelag bestå av personar som kan kontaktast i ulike samanhenger når Amfiet har trong for ei ekstra hand og ellers vera med å snakka opp og utvikla ulike tilbod i Amfiet.

Grendautvalet meiner dette er ein god ide og vil gjerne oppmode våre medlemmer til engasjere seg i venelaget.

 

Ta kontakt med Moster Amfi på tlf 53426620/97542078 og meld inn ditt telefonnummer og E-post adresse.

   
17/19 Årsmøte 2018.

Leiar aktiviserer dei ulike gruppene  som skal produsera tekst.

Dei to siste åra har vi hatt Grendamøte i forkant av årsmøte. Dette vil vi prøve å få til i år også.

Innhaldet i Grendamøte kan vera to-delt.

Del 1: Representantar for Bømlo kommune orienterer om aktuelle tema

·       Ny veg til Mosterhamn.

·       Status alderspensjonat.

·       Riks-Jubileum 2024.

 

Vi kontaktar kommunen og ber om framlegg til dato for møte.

 

 

   
18/19 Dialogmøte med kommunen 19.02.19.

Dette er eit møte alle lag og organisasjonar er invitert til, og vi oppmodet våre medlemmer til å møta.

 

   
19/19 Ymse.    

 

Knut Martens

-Ref-

Comments are closed.