Archive for Martin Lidal

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 14.09

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   14.09.2017

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:       

Gerd Nancy Notland.              Leiar.

Knut Martens.                        Nestleiar.

Tor Inge Stussvik                   Styremedlem.

Asbjørn Andre`Sætre:            Styremedlem.

Grete Sivertsen.                    Økonomiansvarleg.

 

Ikkje møtt/Kopi:

Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben.

Reinert Røksund.                  Styremedlem (Prosjekt mudring Røyksund                                      kanalen).

Monica E. Totland                  Styremedlem.

Toni Hidle                               Styremedlem. Meldt forfall

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
24/17 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

   
25/17 Referat frå møte 14.06.17.

Det var ingen kommentarar til referatet.

   
26/17              Referat og meldingar.

1)    Styremedlem Toni Hidle har i E-post 06.09.17, gitt melding om at han ikkje lenger har kapasitet til å ta del i styremøta. Han opplyser vidare at Moster Elektro gjerne stiller møtelokaler til disposisjon og vil gjerne hjelpe til med julearrangementet.

2)    Arbeidsgruppa som arbeider med ny tursti til Siggjo melder at arbeidet er godt i gjenge og at  m.a. grunneigeravtalar er i boks. Friluftsrådet Vest er ein aktiv aktør i arbeidet.

3)    Innspel til årsmøte 2018: A) Vi må vurdere å velje varamedlemmer til styret. B) Vi må utforde valnemda til å arbeide for at vi får breiast mogeleg utval kandidatar til styret i Grendautvalet. Kanskje er det ein ide å kontakta ulike lag og organisasjonar og oppmode dei til å stille med kandidat?

4)    Innsamlingsaksjonen 2017: Grete Sivertsen har ansvar for dette, og er i rute med førebuinga.

5)     SIM har fått statlege midlar til strandrydning. Invitasjon til deltaking er sendt til Moster skule for oppfølging.

   
27/17 Samarbeidsavtale mellom Bømlo Grendautval og Bømlo Kommune i samband med prosjektet Helsefremjande nærmiljø.

Gerd Nancy har delteke på eit møte med Bømlo Kommune vedk framlegg til ein samarbeidsavtale mellom Grendautvalet og Bømlo Kommune. Framlegg til avtale blei gjennomgått og vedteken undertikna slik den låg føre.

 

   
28/17 Søknad om støtte til aktivitetar.

Leiar har søkt Finnås Kraftlag om støtte til julearrangement og til turløyper med tilsaman 35.000.

   
29/17 Innvilga søknad frå Bømlo turlag.

Moster Grendautval har motteke søknad om midlar til utbetring av turløyper Barmane/Varhaug i Totlandskogen og turløypa i Austnes.

Moster Grendautval søkte på vegne av desse prosjekta Bømlo Turlag om midlar. Tilsaman 11.300,-. Bømlo Turlag bevilga kr 5000,- til desse prosjekta.

Trass i at Moster Grendautval i prinsippet ikkje skal vera ein søknadsinstans, men meir eit koordinerande ledd i ein søknadsprosess, finn styret det likevel rett å støtte desse prosjekta slik at dei blir fullfinansiert.

Søknadssum: Barmane/Varhaug:     kr. 3800,-.

Austneset:                    kr. 7500,-.

Vedtak:

Moster Grendautval finansierer resterande sum med slik fordeling:

 

Barmane/Varhaug:     kr. 1300,-.

Austneset:                    kr. 5000,-.

   
30/17 Søknad frå Moster Danslag om annonsestøtte.

Styret slutta seg til søknaden.

   
31/17 Invitasjon til Liv og Lyst konferanse i Bergen 26.09.17.

Styremedlemene blei oppmoda om å delta.

   
32/17 Bømlo kommune inviterer til møte med Grendautvalet og representantar for krinsen 19.09.17,  i samband med Kommunedelplan for Helse-sosial-omsorg.

Grendautvalet vil fremje dei synspunkta vi har fremja før. Vidare vil vi orientere om resultat av spørjeundersøkinga og grendamøte vi hadde i samband med prosjektet Helsefremjande nærmiljø.

 

 

   

Knut Martens

-Ref-

Referat frå styremøte i Moster Grendautval.

Referat frå styremøte i Moster Grendautval. 

Dato:   13.06.2017

Stad:   Moster Elektro sine lokaler.

Tilstades:

Gerd Nancy Notland.                Leiar

Knut Martens.                        Nestleiar.

Tony Hidle.                             Styremedlem.

Tor Inge Stussvik                   Styremedlem.

 

Ikkje møtt/Kopi:

 Isak Grindheim.                     Representant for ungdomsklubben.

Asbjørn Andre`Sætre:             Styremedlem.

Grete Sivertsen.                    Økonomiansvarleg. Meldt forfall

Monica E. Totland                  Styremedlem. Meldt forfall

 

 

  SAK/HANDSAMING ANSVAR FRIST
19/17 Godkjenning av innkalling og saksliste.

Innkalling og saksliste blei godkjent slik det låg føre.

20/17 REFERAT FRÅ MØTE MELLOM «LOKALE POLITIKARAR», RÅDMANNEN I BØMLO KOMMUNE OG STYRET I MOSTER GRENDAUTVAL.

Referatet blei godkjent slik det låg føre.

Meldingar:

·      Fylkesveg 15.

I den kommunale trafikksikringsplanen er denne vegstrekninga klassifisert i fareklasse 2. Det betyr i praksis at elevar ikkje har rett til gratis skuleskyss. Dersom vegstrekninga hadde blitt klassifisert i fareklasse 1 hadde elevane hatt rett til fri skyss, etter opplæringslova. Foreldre kan klage på klassifiseringa overfor kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar klassifiseringa går klagen vidare til Fylkesmannen, som vil vurdere vegstrekket på fritt grunnlag.

·      Bompengeproblematikk.

Styreleiar har sendt brev til Bømlo kommune v/ordførar. I brevet stiller leiaren spørsmål ved og er usamd i at ein skal betala bompengar både inn og ut av Moster, Rubbestadneset og Finnås i motsetnad til bomringen rundt Svortland som berre skal ha betaling ein veg.

Brevet blei sendt 07.06.17.

·      Ungdomsklubben.

Ungdomsklubben Klubbedubben er nå registrert i Føretaksregisteret og mottek stønad til drift frå Bømlo kommune. Dei kan nå søkja om driftstøtte også frå andre instansar som t.d. Finnås kraftlag. Med denne organisasjonsendringa, er det naturleg at neste årsmøte gjer naudsynte vedtak i tråd med endringa.

·      Rydding av Vetahaugen.

Toralf Steinsland har tatt på seg å leie dette arbeidet og har hatt kontakt med kommunen om praktisk gjennomføring. Arbeidet blir utført til hausten når vegetasjonen er lauvfritt.

·      Søknad om midlar til forbetring av turvegar.

Det har komme søknad om midlar til utbetring av turveg på Totland og Austnes. Knut Martens lagar fellessøknad til Bømlo Turlag ved Arne Helle.

·      Ny IT-hjelpar.

Isak Grindheim som har hatt denne funksjonen før, har trekt seg grunna stort engasjement på andre områder. Martin Lidal har sagt seg villig til å hjelpa oss vidare og vi vil invitera han til å delta på styremøta, slik at han er orientert om arbeidet vårt.

21/17 Gjennomgang av innkomne innspel på Grendamøte 21.03.17. 

Vi har nå kategorisert alle innspela som kom på Grendamøte 21.03.17.

Styret hadde ein gjennomgang og drøfting av status og prioritering.

 

22/17 Status på ting me jobbar med.

·      Universell utforming av turveg.

Det er stor interesse for dette prosjektet i bygda. Skule, barnehage og idrettslag stiller seg positive til arbeidet.  Morten Helland har sagt seg villig til å «dra i gong arbeidet.» Med seg har han Monica E. Totland, Leif A. Ersland, Gunnar Sivertsen.

Vi oppmodar Morten Helland til å kalle inn til første møte og ynskjer lykke til med viktig arbeid.

·      Samarbeid med Friluftsrådet Vest.

Knut Martens etterlyser lova synfaring.

 

23/17 Møtedatoar hausten 2017.

Vi skifter møtedag til onsdagar.

Møta blir:

06.09.17, 04.10.17, 01.11.17. og 06.12.17.

Knut Martens

-Ref-