Archive for Mosterhamn

God dekning i Bømlonytt av Folakmøtet på Moster

 

Det vart ein flott artikkel om Moster og nokre av sakene me er opptekne av i Grendutvalet. Fengande tittel: «Heile Moster» bryr seg om Moster!!  Me seier oss heilt einige, og kjekt på vegen.

Så artikkelen her (klikkk på lenken).

 

Godt oppmøte på folkamøtet på Moster i kveld

Det var 72 deltakarar i Moster Amfi i kveld som fekk del i arbeidet til Moster grendautval med både årsmøte, prosjektpresentasjonar og besøk frå kommunen. Både avtroppande og påtroppande rådmann stilte opp for å snakke om vegprosjekt og aktuelle saker for Moster. Det vart eit livlig møte med gode presentasjonar, mange spørsmål og høgt engasjment.

Sjå presentasjonar frå møtet her

Steinriket Bømlo Seminar 5-6. april 2014 Moster Amfi

plakat Steinriket Bømlo - seminar 5-6.4.2014

Moster Grendautval inviterer til Folkamøte 27. mars 2014 i Moster Amfi

Annonse Folkemøte årsmøte 27.3.2014Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Hei Mostringar!!

Ingenting slår eit sterkt lag. Og ingen kan slå eit lag som består av engasjerte og patriotiske Mostringa.

Moster Grendautval inviterer DEG og dine til møte om oss sjølve.

Torsdag 27. mars kl 1900-2200 i Moster Amfi.

Program:

– Moster Grendautval presenterer seg sjølv og kva me jobbar med

– Næringslivet presentere seg

– Presentasjon av nye Mosterhamn sentrum

– Den positive utviklinga som har skjedd på Moster det siste året

– Kort årsmøte i MGU

—— enkel servering ——  gratis  ——–

ME GLER OSS TIL Å SJÅ DEG !!

Meld deg gjerne på arrangementet på facebook her.

Ungdomsklubben opnar igjen

Plakat Ungdomsklubb

Ungdomsklubben på Moster startar opp igjen torsdag 13.mars kl 19.

Ungdomsklubben i gamle postkontor lokalene er no ferdig oppussa og ein er klar til å starta opp klubben og har mål om å ha kjekke aktivitetar der kvar torsdag framover.

Det er mange som har bidradd mykje for å få oppgradert lokala, slik at både ungdom og pensjonistar i  kaffiklubben skal kunna nytta lokala på ein god og positiv måte for alle.

Det er og oppretta eit hus-styre som skal styra bruken av huset og fordelinga mellom dei forskjellege brukarane.

Kontaktperson ungdomsklubben: Merete Solås mail: merete.solaas@haugnett.no telefon: 93698162

Protokoll frå årsmøtet 2013 er lagt ut

Du finn protokollen her: Grendautvalet/Rapportar

4 nye styremedlemmer er valgt inn og fokus framover vert m.a. VA i indre Mosterhamn, møtestader på Moster, veglys, bussruter, Røyksundbrua, infrastruktur, trafikksikring.
Me ynskjer lykke til for det nye styret:
Tony Hidle
Roy Fimland
Merete Solås
Asbjørn A. Sætre
Grethe Sivertsen
Ingvald Grindheim
Kåre T. Spissøy
Reinert Røksund

Røysundkanalen i vinden

Røyksundkanalen prosjektet er i vinden for tida og har oppnådd å få mykje god respons frå fleire støttegjevarar. Så langt er prosjektet løyvd 500 000 kr!!

 

Følgjande har så langt løyvd pengar til prosjektet:

* 250 000 frå finnås kraftlag

* 100 000 frå Sparebank1 SR bank stifltelsen ( ofisiell overrekking 17. desember)

* 150 000 frå Eidesvik Invest AS ( over ein 3 års periode)

Ei stor takk til våre støttespelarar som bidreg til at dette viktige prosjektet kan realiserast.

Sjå meir informasjon om prosjektet på prosjektsida

Folkamøte og MGU årsmøte 12. desember kl. 20 i Moster Amfi

Folkamøte / årsmøte

ca kule 3 (683x1024)Moster Grendautval

torsdag 12. desember kl.20.00 i Moster Amfi

Meld deg gjerne på via FB arrangementet: https://www.facebook.com/events/604836716252201/

Moster Grendautval inviterer hermed bygdafolk, unge som eldre til folkamøte med eit kort årsmøte som innleiing. Det vert mykje informasjon om arbeidet som er utført i 2012 og 2013, samt planar for vidare arbeid.

Er DU interessert i å påverke framtida vår på Moster, så møt opp!

Agenda:
•Årsmøte med val (alle kandidatar er spurde på førehand)
•Kaffi og brus
•Informasjon om arbeidet til MGU, og innspel frå bygdafolk

Har du spørsmål som du ynskjer å ta opp ta kontakt med ein av oss (sjå www.mosterhamn.no) eller via Moster Grendautval på facebook.

Vårt nærmiljø – Vår framtid!

TING SKJER! …..KJEKT PÅ VEGEN!

Julekafe med tenning av julegran 7. desember 2013

7.desember kl 14:00 blir det igjen Julekafe, førjulskos, marknad, juleverkstad og tenning av julegran.

Me gler oss !!

Julekafe 2013 plakat 1

 

 

Rapportar og protokollar

Dokumenta frå årsmøtet i 2012 er no lagt ut på sidene her. Sjå lenken.

Det same er rapporten frå seminaret med hadde i Moster Amfi 5. februar i år, for dei som vil sjå på denne. Til inspirasjon for utvikling på Moster.