Nye innlegg

<< >>

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 13.02

Referat frå styremøte i Moster Grendautval.  Dato:   13.02.19 Stad:   Moster Elektro sine lokaler Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar. Knut Martens.                        Nestleiar. Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg. Leif Arvid Ersland.                  Styremedlem. Ikkje

Referat frå styremøte i Moster Grendautval 07.11

Dato:   07.11.2018 Stad:   Moster Elektro sine lokaler Tilstades:        Gerd Nancy Notland.             Leiar. Knut Martens.                        Nestleiar. Grethe Sivertsen.                   Økonomiansvarleg. Monica Nes                           Styremedlem. Ola Simon Røksund                Styremedlem.   Ikkje møtt/Kopi: Isak

Mulighetsstudie Mosterhamn

Mulighetsstudie Mosterhamn: A prospect of Mosterhamn´s future development Av: Kjersti Norland Vistnes og Linn Rydningen (Klikk på lenka under for å laste ned oppgava) Mulighetsstudie Mosterhamn lav oppløsning (002)

Bilder frå seminaret er no lagt inn

fra kafedialogen 5.febr 2013 Her er bilder frå seminaret vårt om Livskraftige samfunn som me hadde i Moster Amfi 5.februar 2013. Etterkvart kjem det også ein rapport frå gjestene frå Universitet i Nordland som me kan bruke i det videre arbeidet på Moster. me gler oss :-)

lenke til bildene

Prøv dykking i Moster Basseng, Fridykking 13-15 år

Title: Prøv dykking i Moster Basseng, Fridykking 13-15 år
Location: Skimmelandstunet, Mosterhamn
Link out: Click here
Description:

Vi inviterer til Moster basseng! Du får prøve maske, snorkel
og svømmeføtter. Vi gir deg en liten innføring i beinspark,
neddykkingsteknikk, livredning, førstehjelp og mestring
av stress. Er du over 15år så får du prøve apparat.

Det er GRATIS, se lenger nede for påmelding

Dato Tid Aktivitet Aldersgrense
5 mars 18-2100 Fridykking 13 år og oppover

Påmeldings frist 24. februar (planlegge utstyr)
Påmelding til: Lars Einar Hollund, 918 40 980 ehollund@online.no
Grete R. Møgster, 977 70 305 grete@abelone.as
Her i arrangementet (FB)
Moster Grendautval sin FB side

Dere kan også melde dere på hos Markus Ekeli Rydningen 10 klasse Moster skule. Skriv ned navnet og ønsket dato. Dere kan også få foreldrene deres til og melde dere på via mail.

Vi bruker instruktør fra Norges Dykkeforbund. Er der interesse for videre fridykking, vil vi sammen med Bømlo Sportsdykkere se om vi kan etablere et fridykkerkurs i løpet av våren.

Start Time: 18:00
Date: 2013-03-05
End Time: 21:00

Prøv dykking i Moster Basseng, Apparatdykking 15 år +

Title: Prøv dykking i Moster Basseng, Apparatdykking 15 år +
Location: Skimmelandstunet, Mosterhamn
Link out: Click here
Description: Vi inviterer til Moster basseng! Du får prøve maske, snorkel og svømmeføtter. Vi gir deg en liten innføring i beinspark, neddykkingsteknikk, livredning, førstehjelp og mestring av stress. Er du over 15år så får du prøve apparat.

Det er GRATIS, se lenger nede for påmelding

Dato Tid Aktivitet Aldersgrense
19 februar 18-2100 Apparatdykking 15 år og oppover

Påmeldings frist 8. februar (planlegge utstyr)
Påmelding til: Lars Einar Hollund, 918 40 980 ehollund@online.no
Grete R. Møgster, 977 70 305 grete@abelone.as
Her i arrangementet (FB)
Moster Grendautval sin FB side

Dere kan også melde dere på hos Markus Ekeli Rydningen 10 klasse Moster skule. Skriv ned navnet og ønsket dato. Dere kan også få foreldrene deres til og melde dere på via mail.

Vi bruker instruktør fra Norges Dykkeforbund. Er der interesse for videre fridykking, vil vi sammen med Bømlo Sportsdykkere se om vi kan etablere et fridykkerkurs i løpet av våren.

Start Time: 18:00
Date: 2013-02-19
End Time: 21:00

Livskraftige Samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30

Title: Livskraftige samfunn, Moster Amfi 5.februar 2013 kl 17:30
Location: Moster Amfi
FB: Click here
Plakat: Click here

Invitasjon

I samband med Moster Grendautval sitt prosjektet Dynamiske Mosterhamn, arrangerer me Seminar om Livskraftige samfunn. Det er den 5. februar 2013 kl 17:30 i Amfisalen i Moster Amfi.

Seminaret tar for seg tema frå nyare fagfelt innan økonomi og samfunnsutvikling. Me får besøk av Professor Ove Jakobsen og førstelektor Øystein Nystad frå Universitetet i Nordland. Dei vil halde foredrag og leie oss gjennom ein kreativ prosess. Sjå meir om programmet på vedlagte plakat. Alle på Moster, Bømlo og grendene omkring i Sunnhordland vert inviterte.

Seminaret arrangerast saman med Bømlo frivilligsentral og Bømlo kommune. Dette er og med i rekkja av jubileumsarrangement som kjem utover året i samband med 50-årjubileet for Bømlo kommune. Målgruppene er alle som er opptatt av korleis me kan gjere det betre å bu i grendene våre. Difor inviterer me alle grendelag, organisasjonar, skulane, helsestellet, offentlig forvaltning, næringslivet, og alle som er interessert i samfunnsutvikling. Følg også arrangementet på FB der du ogå kan legga inn kommentarar og sjå kva andre seier om arrangementet.

For meir informasjon ta kontakt med oss

Kåre Spissøy, Mobil: 91386469, Mail: kare@spissoy.com, leiar for prosjektet Dynamiske Mosterhamn

Ingvald Grindheim, Mobil: 92887997, Mail: Ingvald@fomanagement.com, Leiar for Moster Grendautval

VELKOMMEN
Start Time: 17:30
Date: 2013-02-05
End Time: 21:15

Plan for 2012

Moster Grendautval

har arbeidd med ulike saker knytt til utvikling av bygda vår.

Først og fremst er det gjort eit godt arbeid med å kommentere på høyringsutkastet for revidert kommuneplan for Bømlo kommune. Her gav grendautvalet eit omfattande innspel hausten 2009, og no dryge 2 år etter har arbeidet vore på høyringsrunde. Innspelet frå grendautvalet finn ein under fana INNSPEL TIL KOMMUNEN.

Det er gitt eit realtivt omfattande innspel om at Mosterhamn bør inngå som del av verdiskaping på kulturminneområdet. Dette er ei ordning som er styrt frå fylket der Norges Vel spelar ei sentral rolle.

Det siste som er arbeidd med er ny livOGlyst søknad. Me fekk den 24/2 melding om at me var prekvalifisert til hovedsøknadsrunden- med frist 12/3. I den ny søknaden legg me vekt på å jobba fram konkrete saker for bygda, som skal påverka trivsel, aktivitet, og det at me har det kjekt saman!

Tilbakeblikk frå 2011

Me kan sjå tilbake på eit aktivt 2011 år! Mange aktivitetar har skjedd, og mykje

vert planlagt for tida som kjem. Når ein set ting i eit noko større perspektiv, er det slik at det som har skjedd og skjer i regi av grendautvalet og Dynamiske Mosterhamn – eit stort løft for Moster. Det vart i 2009 laga til eit innspel til revisjon av kommuneplanen, dette innspelet vert brukt via prosjektet Dynamiske Mosterhamn. Me vil få noko til, skapa noko, få meir til å skje – for barn, unge og eldre!

Hordaland Fylkeskommune var på befaring i prosjektet 14. desember, saman med Samarbeidsrådet i Sunnhordland og ordførar, rådmann og næringssjef i Bømlo. Dei er alle opptekne av at det som skjer i Mosterhamn er svært positivt, og at dei ønskjer å støtta prosjektet vidare.

Me trur at 2012 vil vera året då Ting verkeleg Skjer! Me ønskjer at alle mostringar på ein eller anna måte skal vera engasjert i Dynamiske Mosterhamn. slik får me det …kjekt på vegen!

Ny nettstad

Me har no oppdatert den gamle sida vår til eit heilt nytt design. Håpar de er fornøgde med resultatet!

Besøk den gamle sida ved å klikke her.

Ting skjer!

NY EPOKE FOR MOSTER GRENDAUTVAL OG DYNAMISKE MOSTERHAMN

Moster Grendautval hadde årsmøte på kvinnedagen den 8. mars, og det er no klart at nye krefter tek over styringa av grendautvalet. Inntil første styremøte med konstituering av nytt styre og nye roller finn stad, kan ein nøya seg med å seie at både Henrik Friis, Knut Magne Totland og Geir Arne Hilt har takka for seg i utvalet. Nye gode krefter er komt inn i form av Ingvald Grindheim, Arve Lilledal, Rune Sivertsen og Aud Mona Hammersland er kome inn. Reinert Røksund, Berit Laila Ersland, Rolf Kåre Bjørklund og Grethe Sivertsen tek eit nytt år i styret.